Studentombodsordninga ved HVL

Høgskulen på Vestlandet har eige studentombod. Ombodet er tilgjengelig på alle campus for alle utdanningar. Om du ynskjer å komme i kontakt med Studentombodet kan du sjå denne sida.

Studentombodet er primært ei bistandsteneste for studentane ved høgskulen. Som HVL-student kan du få gratis juridisk rettleiing og råd om sakshandsaming i høve knytt til di utdanning hjå Studentombodet. Det same gjeld om du som student opplever høve du ikkje er nøgd med eller meiner er kritikkverdige ved høgskulen. Studentombodet kan i einskilde høve megle mellom deg som student og høgskulen.

[notification type=”info”] Studentombodet vil oppfordre studentane om å prøve å løyse saka si sjølv først. Du må likevel gjerne ta kontakt om du treng råd og rettleiing.
Skal du klage over einskildvedtak (ikkje karakterfastsetting) må du gjerne ta kontakt med ombodet for rettleiing før du klagar. [/notification]

Det er viktig å merke seg at Studentombodet ikkje er representant for studentane eller kjempar den einskilde student sin sak. Studentombodet er ei uavhengig teneste som skal opptre objektivt mellom partane i ei sak og ikkje på vegne av dei.

I tillegg til å tilby bistand har Studentombodet ansvar for å sjå til at sakshandsaminga i studentsaker er forsvarlig og korrekt.