Tilrettelegging

Studentane sin generelle rett til tilrettlegging av studiesituasjonen er regulert av universitets- og høgskulelova § 4-3 (5). Retta til tilrettelegging gjeld for alle studentar med “særskilte behov”. Retten er begrensa både av omsyn til “faglige krav” og av kva som er “mulig og rimelig”.

Universitets- og høyskoleloven § 4-3 (5)
Institusjonen skal, så langt det er mulig og rimelig, legge studiesituasjonen til rette for studenter med særskilte behov. Tilretteleggingen må ikke føre til en reduksjon av de faglige krav som stilles ved det enkelte studium.

Særskilte behov

Retta til tirettelegging er meint for studentar med “særskilte behov”. Lova inneheld ikkje i seg sjølv ei forklaring av kven det er som har særskilte behov. Departementet gir derimot i førearbeida til lovteksten nokre føringar. For det første er det ikkje meininga at “særlige behov” berre skal gjelde for personar med funksjonsnedsetting. Særskilte behov er ikkje møtt berre med å leggje til rette for dei med fysiske utfordringar knytt til tilgang til bygg og lignande.

Særskilte behov omfattar alle behov som ikkje er svært vanlege. Mellom anna har dyslektikerar særskilte behov som skal møtast av institusjonen. Departementet har i det heile lagt opp til at eit bredt spekter av behov skal vere omfatta av føresegna “særskilte behov”.

Ot.prp.nr.40 (2001-2002), 9.1.4

Tilrettelegging for studenter med særskilte behov
Institusjonenes plikt til å tilrettelegge det fysiske miljøet slik at funksjonshemmede kan studere ved institusjonene, er regulert i lovforslaget § 44 nr. 2 bokstav g. Den foreslåtte bestemmelsen om tilrettelegging for studenter med særskilte behov i § 44 nr. 5 gjelder tilrettelegging av andre forhold ved studiesituasjonen – både pedagogiske og praktiske tilrettelegginger i forbindelse med undervisning, pensumlitteratur, praksis, eksamen og lignende. Bestemmelsen gjelder også en større gruppe studenter enn de som har funksjonshemninger. Også studenter som har behov for tilrettelegging av studiesituasjonen på grunn av andre årsaker, har krav på dette så langt det er mulig og rimelig. Fordi det her er snakk om et bredt spekter av særskilte behov og en stor variasjon i type tilrettelegging, mener departementet at «mulig og rimelig» fortsatt bør stå i lovteksten.

Bestemmelsen vil omfatte en stor og uensartet gruppe studenter, med ulike særskilte behov og varierende ønsker om tilrettelegging. Departementet mener derfor at bestemmelsen om at tilrettelegging ikke må føre til en reduksjon av de faglige krav, må bli stående. Bare de studenter som oppfyller alle de faglige krav som stilles i utdanningen, kan få vitnemål.

Definerte grupper med “særskilte behov”

Enkelte grupper har definert eit særskilt behov som er dekt av andre deler av logivinga. Dette gjeld frå 1. januar 2018 i hovudsak personar som er omfatta av likestillings- og diskrimineringslova. Dei som kjem inn under føresegna i likestillings- og diskrimineringslova har krav på eit særlig vern mot urettmessig forskjellhandsaming som både gjeld direkte og indirekte forskjellshandsaming. Lovgivar har definert deira stilling som ei gruppe som har særskilte behov. Kor langt behovet går på individnivå må vurderast i det einskilde tilfelle.

Begrensningane i tilretteleggingsplikta, som syna under, gjeld òg for dei som er nemnt i likestillings- og diskrimineringslova men likevel slik at det kan vere strengare krav til tilrettelegging for nokre grupper enn for andre. Til dømes vil vernet mot diskriminering av gravide kvinner vere så å seie umogleg å omgå.

Begrensninga “faglige krav”

Den primære berensinga i tilretteleggingsplikta gjeld for dei tilfellene der dei faglege krava legg hindringar for tilrettelegginga. Begrensningar som byggjer på faglege krav kan ikkje bedømmast ut frå dei ordinære krava til gjennomføring aleine. Institusjonen må vurdere om det er mogleg å legge til rette slik at dei faglige krava kan oppnås på alternative måtar dersom ein student har særskilte behov. Det er berre i dei tilfellene det er umogleg å gjennomføre ein aktivitet innanfor dei faglege minstekrava at ein kan nekte tilrettelegging på bakgrunn av denne begrensninga.

Dei faglege krava kan følgje av krav sett fast i lovgiving eller regulering for det yrkesområdet ein utdannar seg til dersom det er praksis i undervisinga.

Begrensninga “så langt det er mulig”

Om noko er mogleg skal vurderast utan å ta omsyn til begrensningar. Denne begrensinga er i røynda berre ein begrensing som seier at ein ikkje kan forvente at insittusjonane skal få til det umoglege.

Begrensinga “så langt det er […] rimelig”

Begrensinga som legg størst bånd på institusjonen sin plikt til å gjennomføre tilrettelegging av undervisninga er høvet til kva som er rimelig. Det skal gjerast ei konkret vurdering i det einskilde tilfelle. Kva som er rimelig er ikkje berre ei vurdering av kor mykje ei tilrettelegging kostar for institusjonen men òg korleig manglande tilrettelegging vil slå ut for studenten.

Til dømes skal det mindre til for at ein student ikkje får tilrettelegging for eit valemne om studenten ellers har moglegheit til å gjennomføre utdannniga gjennom andre emner. Tilsvarande vil òg gjelde dersom ein student kan gjennomføre ei anna utdanning. Det skal meir til for å hevde at ei tilrettelegging er urimelig om den fører til at ein student ikkje har moglegheit til å komme ut i arbeid. Om manglande tilrettelegging fører til reelt yrkesforbod for ein student som elles har føresetander for å arbeide i det spesifikke yrket kan og vere urimelig.

For nokre private institusjonar vil dei økonomiske føresetnadene for institusjonen si verksemd vere så små at ein må legge klare begrensningar på kva som er riemlig. Dersom eit tilrettelggingskrav i røynda fører til at institusjonen går konkurs vil det ikkje vere rimelig å legge til rette.

For dei statlige institusjonane skal det noko meir til for at økonoiske høve skal legge begrensningar på kva som er rimelig. På den andre sida er svært høge tilretteleggingskostnader heller ikkje her rimelig. Ombygging av infrastruktur kan til dømes vere så dyrt at det ikkje kan gjennomførast. Er det derimot behov for å byggje ein rullestolrampe forran ein inngang så skal det gjerast dersom det er nødvendig for å leggje til rette.

Tilrettelegging på ein, to, tre

Å vurdere om, og korleis, ein skal legge til rette følgjer enke og klare trinn.

  1. Vurder om det finnes særskilte behov. Gjør det det så skal ein vurdera tilrettelegging.
    Dette punktet kan til dømes òg gjerast av ein fagperson utenfor institusjonen.
  2. Vurder korleis ein kan gjennomføre ei fagleg forsvarleg tilrettelegging. Alle alternativ skal greiast.
    Dette punktet bør gjennomførast av ein med fagleg ansvar for emnet.
  3. Vurder om nokre av dei fagleg forsvarlege tilretteleggingsformene er umoglege.
  4. Vurder om nokre eller alle dei resterande tilretteleggingsformene er uriemlege.

Når ein har vurdert om ein skal gi tilrettelegging skal studenten få svar i form av eit enkeltvedtak. Hogs at vedtaket skal vere skriftleg, grunngjeve og inneholde skildring av klageretten til studenten.