Rettar i samband med streik

Dersom partane i arbeidslivet ikkje blir einige om lønnsoppgjeret kan det ende med at arbeidstakarorganisasjonane tek ut tilsette i streik. Streik er eit forhandlingsvirkemiddel som er lovlig. Virkemiddelet er rekna som force majeure i høve til ansvar og erstatning.

Kva skjer dersom det blir streik

Om det blir streik i staten kan tilsette ved Høgskulen på Vestlandet bli tatt ut. I nokre tilfeller vil det gå ut over eksamen og sensur ved HVL. Om din eksamen blir ramma av streiken vil eksamen bli utsett til ein seinare dato.

Kva skal eg gjere om det blir streik

Som student skal du møte på eksamen til vanleg tid, om du ikkje får beskjed direkte om noko anna. Høgskulen vil informere om korleis streiken rammar studentane og institusjone på hvl.no/student/streik.

Kva skjer om eg ikkje får tatt eksamen

Om du går første eller andre året vil du få eksamen på nytt når det er høve til det. Du treng ikkje stresse på grunn av streiken.

Går du tredje året og skal søke master kan du få betinga opptak. Du må sjølv høyre med lærestaden du har søkt opptak til om høve til betinga opptak. Det vil bli satt opp ny eksamen på ein seinare dato.

Streik er ein force majeure hending. Høgskulen er ikkje ansvarleg for hendinga og kan difor sette opp ny eksamen utan omsyn til den einskilde student sine preferansar. Som student har du sjølv ansvaret for at du har moglegheit til å delta når ny eksamen blir satt opp.

Kva skjer med støtta mi frå Lånekassen

Nokre studentar kan stå i fare for å bli meir enn eit år forsinka i studieprogresjonen. Lånekassen har tidlegare hatt som praksis å godta manglande progresjon i tilfelle streik slik at du ikkje tapar studielånet ditt på grunn av streiken. Lån blir uansett ikkje omgjort til stipend før eksamen er bestått.

Meir informasjon?

Om det er noko du lurar på om streiken kan du ta kontakt med HVL på post@hvl.no. Treng du meir informasjon om rettar du har i høve streik kan du ta kontakt med Studentombodet HVL.