Fristar

Fristane under er oppdaterte per 1. mai 2018. Studentombodet tek atterhald om at endring av firstane ikkje er oppdatert etter denne datoen og oppmodar alle om å sjekke hvl.no for å finne oppdatert informasjon til ei kvar tid.

Opptak

Semesterregistrering

Fristen for semesterregistrering er 1. september om hausten og 1. februar om våren. Semesterregistrering inneber at studenten registrer seg i StudentWeb, meldar seg til undervisning og vurdering (eksamen), godkjenner utdanningsplanen sin og betalar semesteravgift. I tillegg må studenten betale eventuelle kopi- og læremiddelpengar ho er pålegt å betale for det einskilde studie.

For vidareutdanning som ikkje har oppstart saman med ordinær studiestart er fristen 14. dagar før etter oppstart.

Manglande semesterregistrering kan føre til tap av studierett.

Studieforskrifta § 4-2, § 4-3, § 4-5, § 4-6, § 5-1.

Undervisning

Timeplanar med informasjon om tid og stad for gjennomføring av undervisningsaktivitetane skal vere publisert innan 15. juni for hausten og 15. desember for våren.

Studieforskrifta § 6-2.
Om timeplan på hvl.no.

Tilrettelegging

Studentar som har behov for tilrettelgging grunna sjukdom, nedsett funksjonsevne eller andre særlege forhold må søkje om det snarast mogeleg etter at behovet oppstod.

For tilrettelegging på eksamen må studenten søkje innan 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret, eller så snart som mogleg etter at behoved oppstod om det er seinare enn dei nemnte fristane.

Studieforskrifta § 6-3, § 9-13.

Eksamen

Oppmedling

Studentane må melde seg opp til eksamen innen 1. september om hausten og 1. februar om våren.

Avmedling

Studantar som ikkje vil ta eksamen likevel må melde seg av eksamen seinast 14 dagar før eksamen for at eksamen ikkje skal telle som eit forsøk.

Sjukdom

Om ein student er sjuk under eksamen må ho levere dokumentasjon på det innan tre vekedagar etter eksamen.

Studieforskrifta § 4-2, § 9-6.

Oppmøte

Studentane skal møte til eksamen 15 minuttar før eksamen startar.

Ein kandidat som kjem for seint får ikkje tilgang til eksamen om det er gått meir enn 60 minutter siden eksamen starta.

Studentane får ikkje forlate eksamenslokalet tidligare enn 60 minutter etter at eksamen har starta.

Ved papireksamen har kandidatane 15 minuttar ekstra tid til å skilje kopiar og originalar. Studentane har ikkje lov å skrive på oppgåva i denne perioden.

Studieforskrifta § 9-8

Sensur

Studenten skal få sensuren sin innan tre veker etter eksamen. Om sensurfristen fell på ein laurdag eller helgedag blir den utsett til næraste vekedag.

Grunngjeving

Studenten må be om grunngjeving innan ei veke etter at ho har fått sensur. Om ho får sensuren umiddelbart etter ein munnleg eller praktisk eksamen må ho be om grunngjeving med ein gong.

Studenten skal vanlegvis få grunngjevinga innan to veker. Om studenten har bedd om grunngjeving med ein gong etter ein munnleg eller praktisk eksamen skal ho òg få grunngjevinga med ein gong.

Klage på karakterfastsettinga

Studenten må klage innan tre veker etter eksamen dersom ho ikkje har bedd om grunngjeving. Har studenten bedd om grunngjeving må ho klage innan tre veker etter at ho har fått grunngjevinga.

Ein student som klagar på formelle feil beheld retten til å klage på karakterfastsettinga. Fristen for å klage på karakterfastsetting er då tre veker etter at vedtaket i klagesaken om formelle feil er blitt gjort kjent for studenten.

Klagesensur

Studenten skal få klagesensuren sin innen rimeleg tid. I røynda er det tale om ein nmånad, men høve som avvikling av ferie og helgedagar i perioden kan vere grunn for ein lenger frist. Om det tek lenger tid enn ein månad før studenten får klagesensuren skal ho få beskjed om kvifor det tek lenger tid.

Fristane for grunngjeving av klagesensur er som over.

Klage på formelle feil

Studenten må klage innan tre veker etter eksamen dersom ho ikkje har bedd om grunngjeving. Har studenten bedd om grunngjeving må ho klage innan tre veker etter at ho har fått grunngjevinga.

Ein student som klagar på karakterfastsetting beheld retten til å klage på formelle feil. Fristen for å klage på formelle feil er då tre veker etter at klgaesensuren er formidla og grunnlaget for klagen er oppdaga; evnetuelt tre veker etter at grunngjevinga for klagesensuren er gitt slik som i førre avsnitt.

Studieforskrifta § 11-1, § 11-3.

Permisjon

Studantar som ynskjer permisjon frå studiet må søkje om det innan fristen for å semesterregsitrere seg; 1. september om hausten og 1. februar om våren.

Om behovet som grunngjev permisjon har oppstått etter fristen har gått ut kan studenten likevel søkje permisjon etter fristen.

Studieforskrifta § 4-7.

Andre fristar

Endring av studieplanen for påfølgjande studieår skal skje innen 15. mars kvart år.

Studieforskrifta § 3-2.