Ta opp att eksamen

Om du skal ta opp att eksamen skiljer HVL på om du har bestått emnet frå før eller ikkje. Dersom du ikkje har bestått ordinær eksamen, enten fordi du fekk karakteren F eller ikkje bestått eller fordi du hadde gyldig fråvær, har du rett på ny eksamen. Ny eksamen er skildra i studieforskrifta § 9-7 (2).

Om du har bestått emnet og ynskjer å forbetre karakteren din har du ikkje rett på å få ta ny eksamen, men du kan likevel få lov til å delta på ny eksamen om denne blir arrangert. Så lenge du har studierett kan du få lov til å forsøke å forbetre karakteren på ordinær eksamen, dersom eksamen ikkje er sperra på grunn av progresjon.

Forskjellen på ordinær eksamen og ny eksamen

Ordinær eksamen er eksamen som blir holdt i det semesteret emnet blir undervist i, i den ordinære eksamensperioden. Vanlegvis er det i november/desember eller mai/juni.

Ny eksamen blir vanlegvis holdt i semesteret etter ordinær eksamen. Ny eksamen blir berre satt opp dersom nokon strauk på eller var borte frå ordinær eksamen, og dermed har rett på ny eksamen.

Det er noko variasjon i når ny eksamen bli satt opp. Hovudregelen er i utgangen av påføljande semester, altså utgangen av semesteret etter ordinær eksamen er holdt. I praksis enten i den ordinære eksamenperioden eller etter denne. I nokre emne held ein derimot ny eksamen heilt i byrjinga på semesteret, gjerne òg før ordinær studiestart. Det gjeld særleg på studier der studentane må ha bestått det aktuelle emnet for å få lov til å gå videre på neste studieår, gå ut i praksis, etc.

Rett til ny eksamen

Det er kun dei som har gyldig fråvær på ordinær eksamen eller ikkje bestod ordinær eksamen som har rett på ny eksamen.

Ein kan få lov å gå opp til ny eksamen likevel…

dersom slik blir arrangert. Det følgjer av studieforskrifta § 9-7 (2) bokstav b, andre setning, at studentar som ynskjer å forbetre karakteren sin kan forsøke på det under ny eksamen dersom slik eksamen vert arrangert.

Ein student som har vært på utveksling i regi av høgskulen kan òg få rett til å ta ny eksamen etter søknad til høgskulen.

Forsøk på eksamen

Ein kan kun gjennomføre eksamen ved høgskulen tre ganger i kvart emne. Om ein har gyldig fråvær tell ikkje fråværet som eit forsøk, men om ein er vekke frå ein eksamen som ein ikkje har meldt seg av i tide så gjeld det som eit forsøk.

Det er mogleg å søkje om eit fjerde eksamensforsøk. Det må ligge føre særlege grunnar for at ein slik søknad skal bli innvilga. I studieforskrifta § 9-15 (2) bokstav a til c er det lista opp tre særlege grunnar, der minst eit må vere oppfylt.

a) Det må liggje føre svært viktige sosiale eller medisinske årsaker til at eitt eller fleire av dei tidlegare forsøka ikkje er greidde. Desse må vere dokumenterte (legeerklæringar, fråsegner frå spesialist m.m.) og skal seie noko om studenten sin tilstand på det tidlegare eksamenstidspunktet, her også medrekna studenten sitt høve til å gjennomføre eller eventuelt trekkje seg frå, eller sjukmelde seg frå, denne eksamenen. Studenten sin studieprogresjon og faglege prestasjonar skal også telje med i vurderinga av søknaden.

b) Studenten manglar maksimalt 30 studiepoeng for å fullføre sin grad eller yrkesutdanning. Dersom det vert innvilga eit 4. eksamensforsøk, kan det stillast krav om at studenten må følgje undervisningsopplegget og gjennomføre eventuelle arbeidskrav på nytt.

c) Det vert ikkje innvilga eit 4. forsøk dersom greidd karakter er oppnådd i emnet.

Oppmelding til ny eksamen

Du må melde deg opp til ny eksamen i StudentWeb. I nokre tilfeller gjer studieadministrasjonen det for deg om du ikkje bestod. Det er likevel kvar student sitt eige ansvar å sjå til at ein er meldt opp.