Sensur

Sensur på eksamen skal foreligge innan tre veker frå eksamensdatoen. I studieforskrifta § 11-1 (2) tredje setning er det kome inn eit føresegn som seier at når helgedag fell på ein vekedag, vert sensurfristen forlengd tilsvarande. Det er ikkje riktig. Sensurfristen vert berre utvida når sensurfristen faller på laurdag; søndag; første eller andre juledag, påskedag og pinsedag; kristihimmelfartsdag, 1. mai eller 17. mai. Om sensuren fell på ein av desse dagane blir sensuren utsett til neste dag.

Sensuren skal vere uttrykt med karakteren A, B, C, D eller E for bestått og F for ikkje bestått. Ein kan og nytte bestått eller ikkje bestått.

Karaktersystemet er bygd opp slik at dei forskjellige karakterene er eit uttrykk for studenten sine prestasjonar. I utgangspunktet er A ein framifrå prestasjon mens E er tilstrekkelig men ikkje meir.

Karakter Nemning Generell skildring av vurderingskriteria
A Framifrå Framifrå prestasjon som klart utmerkjer seg. Kandidaten viser svært god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.
B Mykje god prestasjon Kandidaten viser mykje god vurderingsevne og sjølvstende
C God Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten viser god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.
D Nokså god Ein akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten viser ei viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.
E Tilstrekkeleg Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten viser lita vurderingsevne og sjølvstende.
F Ikkje greidd Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten viser både manglande vurderingsevne og sjølvstende.

Nokre sensorar har frå tid til annan fått inntrykk av at karakterane skal gje uttrykk for korleis ein student utmerkar seg i høve til andre studentar. Det er ikkje riktig. Ein student som utmerkjer seg skal gjere det i høve til krava i emnet, det faglige nivået ho er på (1. studieår, 2. studieår, etc.) og den faglige vanskeligheitsgraden på eksamen. Studentar skal ikkje prøvast opp mot kvarandre.

Det er ikkje krav om at sensuren er grunngjeven saman med kunngjeringa. Studentane kan derimot krevje grunngjeving innan ei veke etter sensuren er kome. Unntaket er dersom det er ein munnleg eller praktisk eksamen der studenten får vite karakteren umiddelbart etter eksamen. Då må studenten krevje grunngjeving umiddelbart etter kunngjeringa. Sensor veljer sjølv om grunngjevinga skal gjevast munnleg eller skriftleg. Det er ei klar anbefaling frå Studentombodet til sensor å sikre notoritet gjennom å gje skriftleg grunngjeving.

Når du har fått sensuren og eventuelt grunngjevinga kan det vere du ynskjer å klage. Du kan lese meir om det på denne sida.