Klage på eksamen

Her er ei superenkel innføring i klage på eksamen!

Klage over karakterfastsettinga

Du kan i hovudsak klage på to måtar. Den vanlegste er klage over karakterfastsettinga. Det gjer du om du ikkje er einig i karakteren. Då vil to nye sensorar vurdere eksamenen din på nytt. Du må vere klar over at den nye karakteren er endelig. Du kan ikkje klage over karakterfastsettinga på den – og det er den som blir ståande enten du går opp, ned eller får same karakter som sist.

Klage over karakterfastsettinga treng ikkje grunngis. Dei nye sensorane får korkje vite grunngjevinga di eller den opphavlege karakteren.

Klage over formelle feil

Du kan òg klage over formelle feil. I røynda er klage over formelle feil det same som å klage over sakshandsaminga. Om du klagar på denne måten så er det klagenemnda som vurderer klagen. Klagenemnda sett ikkje ny karakter! Om du får medhald i klagen i klagenemnda så vert det enten gitt ny sensur (då får du karakter) eller eksamen vert annullert (då må du ta eksamen på nytt – men den eksamen du har fått annullert tel ikkje som eit eksamensforsøk).

Klage over formelle feil må grunngis. Klagenemnda vurderer klagen ut frå grunngjevinga du har oppgitt i klagen, samt forklaring og vurdering frå høgskulen.

Kort oppsummert

Klage over karakterfastsetting kan føre til endring av karakter. Slik klage treng ikkje grunngis.

Klage over formelle feil fører til ny sensur, eller annullering av eksamen. Slik klage må grunngis.