Grunngjeving

Retta til grunngjeving på eksamen skiljar seg frå den generelle retta til grunngjeving på einskildvedtak ved at studenten sjølv må be om grunngjevinga.

Fristen for å be om grunngjeving

Fristen for å be om grunngjeving på ein eksamen der sensuren ikkje blir kunngjort like etter eksamen er éi veke etter sensuren er kunngjort. Om du får sensuren på tysdag i veke 1 løp fristen til og med tysdag i veke 2. Om fristen løp ut på ein heilagdag m.v.,* laurdag eller søndag blir fristen utsatt til neste dag.

Ved munnleg eller praktisk eksamen må studenten kreve grunngjeving umiddelbart etter kunngjeringa av karakteren. Det følgjer av samanhengen i lova og førarbeida at lovgjevar har sett føre seg at dette er ein naturlig konsekvens av at karakteren blir gitt på staden. Om studenten ikkje får karakteren på staden må ein falle tilbake på fristen på ei veke.

Du finn skjema for å be om grunngjeving på HVL sine sider om grunngjeving og klage, saman med adressa for kvar kravet skal rettast.

Fristen for å få grunngjevinga

Om ein har satt frem krav om grunngjeving på staden i samband med sensur av munnleg eller praktisk eksamen så skal ein få grunngjevinga på staden. Det kjem derimot ikkje frem av universitets- og høgskulelova at det er slik. Ein må likevel lese det ut av samanhengen mellom fristen for å krevje grunngjeving og dei premissane lovgjevar har lagt til grunn for vurderingsvedtaket ved munnleg og praktisk vurdering.

I dei tilfella ein har krevd grunngjeving etter den ordinære fristen på ei veke så skal sensor normalt gi studenten grunngjeving innan to veker. Regelen i universitets- og høgskulelova er derimot ein normalregel og den kan vikast frå ved fleire høve, mellom anna på grunn av helligdagar og ferie. Om det tek meir enn ein månad før ein får grunngjeving skal studenten få foreløpig svar (jf. forvaltningslova § 11 a. tredje ledd).

Forma på grunngjevinga

Sensor vel sjølv om grunngjevinga skal gis munnleg eller skriftleg. Studenten kan ikkje krevje form på grunngjevinga sjølv. Likebehanhdlingsprinsippet skal likevel føljast. Alle som ber om grunngjeving på ein eksamen skal få grunngjevinga på same måte, om det ikkje er særlege høve som gjer det naudsynt å gje grunngjeving på forskjellige måtar.

Om du har tilrettelggingsbehov som gjer at du må få grunngjevinga munnleg (for eksempel nedsatt syn) eller skriftleg (for eksempel nedsatt hørsel) kan du sjølvsagt be om det.

Innhaldet i grunngjevinga

Krava til grunngjeving i universitets- og høgskulelova § 5-3 er at det skal gjøres rede for de generelle prinsipper som er lagt til grunn for bedømmelsen og for bedømmelsen av kandidatens prestasjon. Det er derimot lagt til grunn i førearbeida at føresegna innebærer bare en konkretisering av de generelle prinsipper i forvaltningsloven § 25 (ot.prp.nr. 85 (1993-1994) s. 78). Det hadde kanskje vært enklare om lova berre viste til forvaltningslova § 25 direkte.

I forvaltningslova § 25 er det tre vilkår som må oppfyllast for at grunngjevinga skal vere i samsvar med krava i lova.

I begrunnelsen skal vises til de regler vedtaket bygger på, med mindre parten kjenner reglene. I den utstrekning det er nødvendig for å sette parten i stand til å forstå vedtaket, skal begrunnelsen også gjengi innholdet av reglene eller den problemstilling vedtaket bygger på.

I begrunnelsen skal dessuten nevnes de faktiske forhold som vedtaket bygger på. Er de faktiske forhold beskrevet av parten selv eller i et dokument som er gjort kjent​ for parten, er en henvisning til den tidligere framstilling tilstrekkelig. I tilfelle skal det i underretningen til parten​ vedlegges kopi av framstillingen.

De hovedhensyn som har vært avgjørende ved utøving av forvaltningsmessig skjønn, bør nevnes. Er det gitt retningslinjer for skjønnsutøvingen, vil i alminnelighet en henvisning til retningslinjene være tilstrekkelig.

Første ledd – reglane vedtaket bygjer på

I samband med eksamen kan ein sensor belage seg på at reglane vedtaket bygjer på er kjent. Grunngjevinga treng difor ikkje vise til reglane for eksamen og sensur.

Andre ledd – dei faktiske høva

Når ein student har eksamen får studenten med seg ein kopi av sitt eige eksamenssvar. Institusjonen kan difor legge til grunn at studenten har fått kopi av fremstillinga si, og kjenner til dei faktiske høva. Sensor treng altså ikkje legje ved eksamenssvaret til studenten.

Tredje ledd – omsyn for utøving av skjønn

Sensor må nemne dei omsyna som ligg føre for skjønnsutøvinga. Om det er gitt sensorrettleiing eller ligg føre ein fasit kan sensor vise til denne direkte, og med ei god sensorrettleiing kan det vere nok. Om sensor har måtte nytta fagleg skjønn som ikkje er skildra direkte i sensorrettleiinga må sensor vise til kva omsyn sensor har tatt.

Om sensorrettleiinga er god er det tilstrekkelig for sensor å vise til denne. Sjølv om studenten skulle ønskt at sensor gjekk meir i dybden på den einskilde oppgåva er det ikkje eit krav etter forvaltningslova. Om sensorrettleiinga ikkje nemner alle omsyn sensor har tatt eller ikkje gjer studenten i stand til å forstå vedtaket må sensor derimot gå lenger enn å berre vise til sensorrettleiinga.
Døme
Eit døme på ei grunngjeving som ikkje er god nok kan vere setningar som “Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda” der sensor ikkje følgjer opp med noko anna. Grunngjevinga må veire konkret knytt til oppgåva og ei gjenngiving av dei generelle vurderingskriteria er ikkje nok.

Kjelder

Dei nærare reglene om grunngjeving finn ein i universitets- og høgskulelova § 5-3, studieforskrifta § 11-3 og forvaltningslova § 25.

* første eller andre juledag, påskedag og pinsedag; kristihimmelfartsdag; 1. mai eller 17. mai.