Fråvær på eksamen

Om du ikkje møter på ein eksamen du er oppmeldt til vil det telle som eit eksamensforsøk. Unntaket er dersom du har gyldig fråvær. For å unngå at eksamen tel som eit forsøk må du melde deg av eksamen seinast 14 dagar før eksamen tek til. Det vil seie at dersom eksamen er tysdag den 15. så må du melde deg av eksamen seinast tysdag den 1.

Gyldig fråvær

For at fråvær på eksamen skal vere gyldig må det skuldast ei hending som er utanfor din eigen kontroll. Typiske force majeure hendingar som krig, naturkatastrofer, streik, etc. vil alltid vere godkjent grunn, dersom dei har direkte innverknad på din reelle moglegheit til å møte på eksamen. Personlege grunnar til å ikkje møte på eksamen er at ein er ute av stand til å gjennomføre eksamen.

Force majeure hendingar

Dersom det skulle oppstå ei force majeure hending på ein stad du er som hindrar deg i å møte på eksamen kan det vere gyldig fråvær. Det er eit krav om at det er adekvat samanheng mellom hendinga og fråværet ditt. Til dømes kan det ikkje vere slik at det berre blir vanskeligare for deg å møte på eksamen. Det må enten vere umogleg eller svært urimeleg.

Til dømes kan det vere du er i eit land der det blir innført flygeforbud på grunn av aske etter eit vulkanutbrot. Befinn du deg då i USA vil det kanskje vere umogleg å nå Norge i tide med båt. Då er det unnskuldeleg. Befinn du deg i Spania kan det vere umogleg å nå eksamen med retegåande transport, men teoretisk mogleg å nå eksamen i tide med taxi. Sistnemnte vil likevel vere urimeleg å krevje og force majeurhendinga vil difor stå i vegen for din reelle moglegheit til å nå eksamen.

Ein eller to forsinka lokalbussar eller bybanar er ikkje nok til å stadfeste force majeure. Det er påreknelege hendingar som du sjølv må bere risikoen for. Er derimot den einaste bussen til studiestaden innstilt og det er umogleg å skaffe drosje, kan det vere snakk om ei force majeure hending.

Trafikkforsinking
Universitetet i Oslo har som hovudregel at trafikkforsinking ikkje blir rekna som gyldig fråvær. I juridisk fakultet sitt utdjupande reglement er det nærare definer til trafikkforsinking med mindre enn ein time. Ved HVL vil det vere opp til høgskulen å vurdere kvart einskild tilfelle.

Personlege hendingar

Utgangspunktet for å ha gyldig fråvær på eksamen av personelge årsaker er at ein ikkje er i stand til å gjennomføre eksamen. Det kan vere fleire grunner til ain ikkje er i stand til det. I studieforskrifta § 9-6 (5) er nemnt sjukdom som gyldig grunn til ikkje å møte på eksamen. Andre årsaker som dødsfall i nær familie, eller andre psykiske påkjenningar vil òg måtte godkjennast som gyldig fråvær. Kravet er her som over at det må vere adekvat samanheng mellom den grunnen ein oppgir og eksamen. At ein er stressa for sjølve eksamen vil til dømes ikkje vere grunnlag for gyldig fråvær på eksamen.

Graviditet

Det er særlege reglar for graviditet. Høgskulen har plikt til å opplyse dei studentane dei kjenner til at er gravide om kva rettar dei har, og skal på eige initiativ tilby tilrettelegging for gravide.

Dokumentasjon

Fråver må dokumenterast. Fristen for å levere dokumentasjon på fråværet er tre dager. Det vil i røynda seie at dersom eksamen er på ein måndag så har ein til og med torsdag til å levere dokumentasjonen. Laurdag, søndag, helligdagar, 1. mai og 17. mai tel ikkje med i fristen. Har du hatt eksamen på ein torsdag har du til og med tysdag på å levere dokumentasjon.

NB: Om du sender dokumentasjonen i posten bør du nytte rekommandert post for å vere sikker på at du ikkje oversitt fristen. Det er tilstrekkelig at du leverer den rekomanderte postsendinga innan frsiten (den kan altså komme fram seinare). Det er derimot ikkje godt nok om du sender brevet på vanleg måte. Då kan du risikere at det blir stempla seinare enn du leverte det, og dermed blir avvist som for seint innlevert.