Eksamen

Med eksamen meines her ei kvar fagleg vurdering som kjem til uttrykk med karakter og kor karakteren kan kome på vitnemål eller kor karakteren er del av ein samla karakter som kan kome på vitnemål.

Sjølve omgrepet eksamen er ikkje eintydig definert i universitets- og høgskulelova. Lova handsamar omgrepa eksamen, prøve, bedømming av oppgåve og anna vurdering likt dersom dei leiar frem til ein karakter som kan kome på vitnemål. For praktiske føremål er det betre å kalle alle vurderingar som kan kome på vitnemålet for eksamen.

Eksamen sitt formål

Eksamen har som formål å teste studentane. Studentar som går opp til eksamen skal testast i både kunnskaper og ferdigheter (jf. universitets- og høgskulelova § 3-9 (1) første setning). Det er ikkje slik at studentane må testast i begge deler på samme eksamen. Ei heller er det nødvendig å teste studentane i begge deler i same emne. Studentane må på den andre sida bli testa i både kunnskaper og ferdigheter i løpet av eit studium.

Krav til prøvinga

Studentane som går opp til eksamen blir prøva i kunnskaper og ferdigheter. Universitets- og høgskulelova er tydelig på at prøvinga skal vere både upartisk og fagleg betryggande (jf. universitets- og høgskulelova § 3-9 (1) første setning). At vurderinga skal vere upartisk kjem allereie frem gjennom dei generelle reglane for sakshandsaming i forvaltninga (sjå forvaltningslova § 6 habilitetskrav). At eksamen må veire fagleg betryggande kan du sjå meir om under krav til sensorane.

Gjennomføring av eksamen

Høgskulen på Vestlandet har i studieforskrifta kapittel 9 gitt føresegn om korleis eksamen skal gjennomførast. Eit viktig føresegn for HVL er at studenten må ta eksamen ved sin eigen studiestad. Det vil seie at ein student som er tatt opp på til dømes vernepeleie i Bergen skal ha eksamen i Bergen og ikkje i Sogndal, og motsatt.

Ved HVL er det ni forskjellige vurderingsformar kor fem av dei er nemnt med “eksamen”. Dei fem er skriftleg skuleeksamen, munnleg eksamen, justerande munnleg eksamen, heimeeksamen og praktisk-metodisk eksamen. I tillegg er vurderingsformane oppgåve, mappe og prosjekt omfatte av kapittel 9 i studieforskrifta om gjennomføring av eksamen. Vurdering av praksis er omtalt i eit eige kapittel.

Språk

Eksamen på HVL er som hovudregel på norsk og studentane vel om dei vil ha eksamen på nynorsk eller bokmål i StudentWeb.

Eksamensbesvarelsen skal leverast på eit skandinavisk språk.

I språkfag følgjer eksamen undervisningsspråket. Då vil det fremgå av emneplanen kva språk ein skal svare på. I tillegg er det gitt eit føresegn om at eksamen som er gjeven på engelsk òg kan svarst på engelsk.

Særlege reglar for munnleg og praktisk eksamen

Både studieforskrifta og universitets- og høgskulelova har egne regler for munnleg og praktisk eksamen. Hovudregelen om munnleg eksamen i universitets- og høgskulelova § 3-9 (3) første setning er at munnleg eksamen skal vere offentlig. I studieforskrifta § 9-10 (3) første setning er det gitt føresegn om at justerande munnleg eksamen berre kan justere vurderingsuttrykket opp eller ned ein karakter.

Særlege reglar for heimeeksamen, mappe og oppgåve

Om ein student ikkje leverer heimeeksamen, mappe eller oppgåve vil studenten bli registrert som ikkje møtt.

Anonym vurdering

Dersom det er mogleg skal ein vurdere besvarelsen til studenten anonymt.

Resultatet av prøvinga

Sensor(ane) på ein eksamen skal vurdere eksamen med eit vurderingsuttrykk. I universitets- og høgskulelova er det lagt opp til at vurderingsuttrykket enten kan vere bestått eller ikkje bestått eller ein gradert skala frå A til F der F er ikkje bestått.

Krav til sensorane

Høgskulen på Vestlandet har i studieforskrifta § 11-1 (3) satt krav til formalkompetanse hjå sensorane. Ein kan sjå det som eit ledd i å tilfredsstille kravet om fagleg betryggande eksamen.

Sensor må ha følgjande kvalifikasjonar:
a. Bachelor (minst ein av):
   1. Minimum ha mastergrad innanfor relevant fagområde.
   2. Gjennom yrkespraksis vere særleg kvalifisert innan vedkommande fag.
b. Vidareutdanning som byggjer på bachelorgrad eller tilsvarande:
   1. Minimum ha mastergrad innanfor relevant fagområde.
c. Master:
   1. Helst ha førstekompetanse innanfor relevant fagområde, men minimum ha mastergrad innanfor relevant fagområde.
d. Ph.d.:
   1. Må ha førstekompetanse innen relevant fagområde.

I tillegg må sensorane vere habile, som nemnt over.