Rettleiing og bistand

Studentar som føler seg urettferdig handsama av institusjonen skal kunne ty til Studentombodet for råd og bistand om si sak. Kravet er at saka er knytt til høve ved den einskilde sin studiesituasjon.

Kva kan studentane få hjelp med?

Studentar som ynskjer hjelp hjå studentombodet kan i utgangspunktet enten få rettleiing for å handsame sin eigen sak, eller bistand til å handsame saka direkte. Utgangspunktet for både rettleiing og bistand er ein førespurnad frå studenten.

Rettleiing

Med rettleiing meines både rettleiing i kva rettar og plikter som gjeld for det einskilde høvet studenten tek opp og rettleiing i sakshandsaminga. Rettleiinga kan finne stad både elektronisk og etter timeavtale med studentombodet. I saker som ikkje går lenger enn til rettleiing gjer studentombodet i hovudsak berre informasjon om kva rettar som gjeld generelt. Om saka studenten treng hjelp med er klage over eit einskildvedtak der saksdokumenta er kjent for studentombodet kan rettleiinga og gis spesifikt for saka.

Bistand er handsaming av ei sak der studentombodet har kontakt med institusjonen om saka. Ofte vil det vere for å opplyse saka frå fleire sider og få eit bilete om kva rettar og plikter som kan spele inn på det einskilde høvet. Nokre ganger kan det òg vere for at studenten treng utvida bistand i samspelet mellom institusjonen og studenten. I atter andre tilfelle kan det hende studentombodet ser behov for å oppmode institusjonen om å gjere endringar i sakshandsaminga.

Uansett om den einskilde saka gjeld rettleiing eller aktiv bistand så er aldri studentombodet representant for eller talsperson for studenten. Studentombodet handsamar saker med mål om at sakshandsaminga skal vere forsvarleg og korrekt og at studentane ved institusjonen skal handsamast både godt og rettferdig. Studentane sine talspersonar og representantar er Studenttinger på Vestlandet og studentråda.

Treng du hjelp eller lurer du på noko kan du ta kontakt med studentombodet.