Halvårsrapport våren 2018

1 Føreord
2 Saker
2.1 Handsaming og registrering av saker
3 Kurs og opplæring
4 Marknadsføring og informasjon
5 Eksternverksemd
6 Organisering og administrasjon av verksemda
7 Oppfølging frå årsrapporten

Studentombodet ved Høgskulen på Vestlandet har i mandatet fått i oppgåve å «kvart halvår rapportere om si verksemd til rektor.» Det ligg i mandatet at rapporten skal «leggjast fram for høgskulestyret, student[tinget] og Læringsmiljøutvalet til orientering.»

Rapporten sendes til orientering.

1 Føreord


Studentombodet legg ned vesentleg kapasitet i å syne kva arbeid ombodet gjer og korleis det påverkar den einskilde student i årsrapporten. Semesterrapporten ber preg av å vere ein statusrapport og ei mellombels førebuing til årsrapporten.

I denne rapporten er det arbeidet til studentombodet som blir vektlagt og ikkje sakene ombodet handsamar. Ei god syning av saksarbeidet krev både nøye gjennomgang med tanke på teieplikta og ei grundig gjennomarbeiding av statistikken for saksfeltet. Det er ikkje kapasitet til å gjere det meir enn ein gong i semesteret.

Rapporten som den ligg føre inneheld syning av korleis ombodet arbeider med kurs, opplæring, marknadsføring og informasjon. Den syner og stoda for ombodet sin eksterne samfunnsretta verksemd og stoda for internorganiseringa til ombodet.

God lesing!

2 Saker


Studentombodet har i løpet av våren registrert 114 saker. Av desse er det 95 førespurnader frå studentar og tilsette mv. Dei resterande sakene er utarbeiding av kurs til studentane (2) deltaking på kurs og konferanse (5), utarbeiding av årsrapport (1), svar på høyring (2) og eigenoppretta saker (8). Dei eigenoppretta sakene er stort sett juridiske utgreiingar av generelle spørsmål som har kome opp på bakgrunn av andre saker og saker som gjeld tendensar i høve tidlegare saker (mellom anna ei sak om reglar for timeplan og etterleving av desse). I tillegg oppretta ombodet ei sak som følgje av eksternt tips. Ei fullstendig oversikt over saker og syning av eksemplar kjem i årsrapporten.

Av sakene som blei med frå 2017 (19 saker) er 12 saker avslutta. Dei resterande sju sakene er føljesaker som det ikkje er noko hast med å få lukka.

Tilbake til toppen av sida.

2.1 Handsaming og registrering av saker


I 2017 og våren 2018 har saker blitt handsama og registrert manuelt. Studentombodet prøver for tida ut andre sakshandsamingssystem for å lettare ta i mot saker og handsame saker frå fleire kanalar, samt lettare registrere og halde oversyn med saksmengde og handsamingstid. Det er mogleg dette vil påverke korleis saker blir registrert og statistikken utforma framover.

Tilbake til toppen av sida.

3 Kurs og opplæring


Studentombodet har deltatt på opplæring av tillitsvalde saman med studentsamskipnaden, velferdstinget og studenttinget på fire campus i løpet av våren. Det var første gong ei slik skolering blei gjennomført og erfaringane derfrå er gode. Ombodet vil være med på liknande kurs framover.

Ombodet har òg gitt kurs og føredrag om handsaming av seksuell trakassering i organisasjonar. Det er noko ombodet vil fortsette med.

I haust skal ombodet ha ein skolering med tillitsvalde på kvart campus og ombodet skal delta på studenttinget sitt opplæringsseminar i Ulvik. I tillegg legg ombodet opp til å gi kurs og opplæring ved behov og etter førespurnad. Mellom anna held ombodet føredrag for fadrane i Bergen om trakassering i forkant av fadderveka.

Tilbake til toppen av sida.

4 Marknadsføring og informasjon


Studentombodet har gjennomgått nettsidestrukturen i løpet av 2018 og har forbetra og re-lansert studentombodet.no i ny drakt. Sida vil vere ombodet sin primære kanal for generell informasjon om studentane sine rettar og ombodet si verksemd. Ombodet sine andre nettsider (Facebook etc.) er oppdatert for å samsvare med profilen på studentombodet.no.

I løpet av hausten 2018 vil ombodet sin podcast bli gjort tilgjengelig på studentombodet.no. I første omgang er målet med podcasten å spreie informasjon om kva som ligg bak ein god studiekvardag. På den måten ynskjer ombodet å gje sakshandsaminga ved høgskulen eit personleg preg og både syne kven som arbeider med studiekvardagen og korleis det blir gjort. Samstundes som podcasten bidrar til å spreie informasjon gjer den òg at ombodet får betre kontakt med gjestene i podcasten. Det håper ombodet er med på å forbetre ombodstenesta på lang sikt.

For å nå ut til den einskilde student har ombodet forsøkt å stå meir på stand. Dropp-in-timar er kutta heilt ut. Erfaringane frå våren er delte med tanke på stand som marknadsføringsplattform. Sjølv om det bidreg til å gjere ombodet synleg er det nødvendig å utvikle denne verksemda noko meir, med mellom anna vitjekort, flyers og plakatar. Ombodet vil legge større vekt på det i haust og vil fortsette å vere synleg på alle campus.

Tilbake til toppen av sida.

5 Eksternverksemd


Studentombodet deltek aktivt i det nasjonale og det skandinaviske ombodsnettverket. Saman med dei andre omboda i Bergen skal ombodet arrangere skandinavisk samling i Bergen i oktober.

Ombodet har følgt opp målsettinga frå årsrapporten og arbeida meir med å utvikle det internasjonale nettverket og har tatt synleg del i det europeiske studentombodsnettverket (ENOHE). I vår var ombodet med å leia ein felles sesjon på den europeiske studentombodskonferansen, saman med studentombodet i Karlstad og studentambassadøren ved Universitetet i København. Ombodet hadde òg eit eige føredrag om korleis det er å vere reisande ombod på Vestlandet.

Erfaringane og lærdommen ombodet har fått ut av deltaking i nettverka er svært god. Særleg med tanke på ombodet sin sjølvstendige stilling er verdien av nettverka svært høg. Ombodet vil fortsette å arbeide med å styrke det nasjonale og dei internasjonale nettverka.

Tilbake til toppen av sida.

6 Organisering og administrasjon av verksemda


Studentombodet er p.t. ikkje plassert inn i organisasjons- og bemanningsplana ved HVL. Ombodet vil arbeide med organisasjonsdirektøren mv. for å få til ei hensiktsmessig plassering i løpet av hausten.

Ordninga med studentombod blir i dag administrert av ombodet sjølv. I samband med at departementet greier ut lovfesting av studentombodsordninga har regjeringa syna samarbeid om ombodsteneste som eit alternativ. Ombodet trur det kan vere med på å forbetre dagens teneste om ein går i dialog med andre utdanningsinstitusjonar som får plikt til å ha ombod, på Vestlandet, om samarbeid om tenestene.

Tilbake til toppen av sida.

7 Oppfølging frå årsrapporten


I årsrapporten tok ombodet frem fire strategiske anbefalingar. Av dei fire er anbefalinga om felles praksisregelverk gjennomført. Arbeidet med samordninga av regelverket viste seg å vere satt i gang nokre få dagar før ombodet leverte førre rapport.

Det er ikkje kome fleire saker om eigenbetaling til ombodet i løpet av semesteret. Ombodet vil ha ein gjennomgang av alle emneskildringar med studietur i løpet av haustsemesteret for å ligge i førekant av problemstillinga om den kjem opp att i løpet av året.

Studieforskrifta skal reviderast i løpet av 2018. Ei ev. oppfølging av ombodet si anbefaling om fastsetting av frist for publisering av time- og eksamensplan i forskrifta må sjåast i samanheng med revideringa.

Ombodet er ikkje kjent med korleis anbefalinga om publisering av anonyme vedtak frå klagenemnda er følgt opp. Ombodet meiner praksisen til klagenemnda i saker der klagenemnda er sisteinstans bør synast offentlig, men har forståing for om dette er ei anbefaling som det vil ta tid å vurdere – kanskje òg i samråd med andre institusjonar.

Med beste helsing
Sindre R. Dueland
Studentombod

Sogndal / 15. august 2018

Tilbake til toppen av sida.