Om Studentombodet HVL

Studentombodet ved Høgskulen på Vestlandet er eit tilbod til alle studentar ved høgskulen som føler seg urettferdig handsama av høgskulen.

Studentombodet er ei rådgivande teneste for studentar som ynskjer bistand til å forstå sine eigne rettar. Studentombodet har òg anledning til å påpeike feil i handsaminga av studentar ved HVL.

Studentombodet er korkje partsrepresentant eller klageorgan for saker ved høgskulen. Studentombodet sine fråsegn i einskildsaker og oppmodingar om retting er rådgjevande.

Tilsette kan òg ta kontakt med studentombodet om dei lurer på eller meiner det er høve ved studiesituasjonen som er kritikkverdige.