Nasjonal studentombodskonferanse i Tromsø 2018

Nasjonal studentombodskonferanse i Tromsø 2018

I midten av mars arrangerte Studentombodet UiT den nasjonale studentombodskonferansen for vårsemesteret 2018. Der møttes studentomboda frå HVL, HSN, NHH, NTNU, OS, UiA, UiB, UiO og UiT til diskusjon om faglege problemstillingar i arbeidet som studentombod.

Blant studentomboda som holdt innlegg på konferansen var både HVL sitt eige ombod, Sindre R. Dueland, ombodet på NHH, Sigbjørn Råsberg og ombodet på UiO, Marianne Høva Rustberggard. I tillegg holdt Professor Anna Nylund, rådgivar Erlend Berntsen og seksjonssjef Joakim Bakkevold frå UiT innlegg om tema som konfliktmekling, tilrettelgging, erstatning og trakassering.

I løpet av opphaldet fekk studentomboda synfaring av Campus Tromsø. Synfaringa byrja med syning av denne flotte modellen som skildrar heile campus, inkludert UNN.

Spread the word. Share this post!