Svar på #23 og #24

Svar på #23 og #24

I dag er det julaften! I den forbindelse finn du svar på både #23 og #24 her i dag. Så får du ha ei god jul, og lykke til med neste semester!


Svar på #23

Marte Kirkerud var ute på fest i går. Det blei etter kvart eit intimt nachspiel heime hos Peder Ås, med berre dei to. Nå er ho redd ho kanskje kjem til å gå glipp av eksamen i FISK103 Sommarfiske, som går i slutten av september. Ho lurer difor på om det er mogleg for gravide å få permisjon eller utsett eksamen i forbindelse med fødsel.

Nei, studentar som føder må gjere det på fritida.
Ja, studentar som skal føde kan få utsett eksamen og har krav på permisjon.
Ja, men berre den dagen ho skal føde.

Svaret finn ein i studieforskrifta § 9-7 (2) e., og i universitets- og høgskulelova § 4-5. Der kjem det frem at en student som får barn under studiene, skal gis rett til permisjon og at studenten har rett til utsatt eksamen hvis eksamensdato er i perioden mellom tre uker før termin og seks uker etter fødsel. Det vil seie at studentar som skal føde kan få utsett eksamen og har krav på permisjon.


Svar på #24

Det siste spørsmålet alle figurane i julekalenderen lurer på er når dei må semesterregistrere seg og betale semesteravgift for å studere neste semester.

Svaret finn ein i studieforskrifta § 4-2 (3). Der kjem det frem at ein må registrere seg på StudentWeb og betale semesteravgift […] seinast […] 1. februar i vårsemesteret. I tillegg må ein melde seg opp til undervisning og vurdering for emna i det aktuelle semesteret og godkjenne utdanningsplanen i studieprogram med utdanningsplan innan same frist.

Meir om semesterregistrering finn ein på HVL si side om semesterregistrering.

GOD JUL!

Spread the word. Share this post!