Svar på #21

Svar på #21

Nokre dagar etter klasseturen til Peder og Marte fekk dei begge ein rekning på mat for turen. Peder reagerte på det, for i påmeldinga stod det at dei kunne ta med eigen mat om dei ville, og Peder hadde det. Men han hadde vært med på middagen på måndagen. Han meinte det ikkje gjorde noe, for det var nok mat uansett. Må han betale for mat på studieturen?

Nei, han hadde jo med egen mat.
Ja, han må betale for middagen.
Ja, han må betale for maten på same måte som dei andre.

Svaret finn ein ikkje ved å slå opp i universitets- og høgskulelova. Her vil handlinga til Peder representere aksept av ein avtale, der Peder binder seg til å betale for den maten han et. Dersom det er mogleg å skilje ut kostnadene for mat til middagen må Peder betale for middagen. Om det derimot ikkje er mogleg å skilje middagen frå den generelle kostanden for mat må Peder betale for maten på same måte som dei andre.

Dagens spørsmål finn du på Facebooksida til Studentombodet.

Spread the word. Share this post!