Svar på #20

Svar på #20

Trine Vold, som var gift med Ole Vold, studerte sosialt arbeid (sosionom) ved høgskulen og hadde vært i praksis. Ho kjem frå ein religiøs familie og ho og Ole vart gift fordi dei skulle ha barn. I den forbindelse hadde Trine fått tilrettelagt praksis mens hu var gravid og etter fødselen i haust. Ho føda 29. september. Men midt i praksis (15. oktober) fekk ho beskjed om at dette ikkje gjekk så bra, og at ho kanskje kom til å stryke. Då trakk høgskulen tilbake tilrettelegginga. Kunne høgskulen gjere det?

Ja, når ein student står i fare for å stryke kan ein miste tilrettelegginga.
Nei, høgskulen kan ikkje endre vedtaket til skade for studenten på den måten.
Ja, men berre sidan ho var gravid. Gravide har ikkje rett på tilrettelegging.

Vilkåra for å gjere om eit vedtak utan at ein har part har klaga finn ein i forvaltningslova § 35. Der kjem det frem at

Et forvaltningsorgan kan omgjøre sitt eget vedtak uten at det er påklaget dersom
a) endringen ikke er til skade for noen som vedtaket retter seg mot eller direkte tilgodeser eller
b) underretning om vedtaket ikke er kommet fram til vedkommende og vedtaket heller ikke er offentlig kunngjort, eller
c) vedtaket må anses ugyldig.

[…]

De begrensninger i adgangen til å omgjøre et vedtak som er forutsatt i første, annet og tredje ledd, gjelder ikke når endringsadgangen følger av annen lov, av vedtaket selv eller av alminnelige forvaltningsrettslige regler.

Det er mogleg å endre vedtak til skade for ein part, men det føresett at ein del vilkår er oppfylt. I dette eksemplet er det ikkje oppgitt at slike vilkår er oppfylt. Ein kan difpr seie at høgskulen kan ikkje endre vedtaket til skade for studenten på den måten.

Som studentombod vil eg alltid undersøke høva i saken nøye for eg konkluderer. I dette eksemplet var det ikkje oppgitt om vilkåra var oppfylt. Då er det naturlig å undersøke om dei er det før ein konkluderer.

Dagens spørsmål finn du på Facebooksida til Studentombodet.

Spread the word. Share this post!