Svar på #16

Svar på #16

Ole Vold er heime i Lillevik og tenkte han skulle kjøpe seg månadskort på bussen. Han skal jo være der ei stund. I Storeby veit han at han får studentrabatt på månadskortet. Men får han det i Lillevik?

Ja, det skal alle få.
Nei, det er bare der det er høgskular ein kan få studentrabatt.
Kanskje. Det er opp til fylkeskommunen korleis ein vil leggje opp ordninga med studentrabatt.

Det er samferdsledepartementet som har det overordna ansvaret for kollektivtrafikken – herunder rabattordninga. Det lokale kollektivtilbodet er det derimot fylkeskommunane og Oslo kommune som har ansvaret for. Når det gjeld studentrabatt er det gitt nokre nasjonale føresegn. I hovudsak skal ein ha rabatt

  • på peridekort,
  • dersom kollektivtransporten får fylkeskommunal støtte og hjå NSB,
  • når ein er under 30 år, og
  • ein er heiltidsstudent.

Rabatten skal vere på minst 40 % av ordinær pris.

På dette spørsmålet er det ikkje noko klart fasitsvar. Nesten alle skal få studentrabatt. Fylkeskommunen kan lage betre ordningar enn dei som er fastsett av departementet. Det er ikkje mogleg å lage dårlegare ordningar. Svaralternativet om at det berre er rabatt der det er høgskular er derimot feil.

Du kan lese meir om rabattordninga på Regjeringa sine sider.

Dagens spørsmål finn du på Facebooksida til Studentombodet.

Spread the word. Share this post!