Svar på #15

Svar på #15

I eit av faga Lars Holm har dette året er det obligatorisk praksis, der ein del av praksisen går ut på å vere med skuleelevar i grunnskulen på skulegudsteneste. I løpet av gudstenesta må Lars Holm delta i salmesong og bønn. Lars er agnostikar og lurer difor på om han kan få sleppe unna skulegudstenesta.

Ja, det kan han sleppe. Det er berre å sei han ikkje vil.
Nei, det slepp han ikkje unna. Det er ein del av utdanninga hans.
Nei, han slepp ikkje unna å gå i skulegudstenesta, men han kan sleppe å delta i salmesong, bønn og andre religiøse ritar.

Det føljer av menneskrettslova sin inkorporering av den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 9 at ein kvar har rett til religionsfridom. Denne fridommen gjeld mellom anna retten til å gi uttrykk for sitt religiøse syn. I praksis er dette og blitt tolka som retten til ikkje uttrykke eit anna religiøst syn. I skulen gjeld og tilleggsprotokollen til Europarådet av 20. mars 1952 artikkel 2 som stadfestar at ein kvar har rett til utdanning og undervisning i samsvar med deres egen religiøse og filosofiske overbevisning.

Det vil seie at det er satt nokre rammer for kva del av undervisninga Lars Holm må ta del av. Religionsfridommen er derinmot ikkje så vid at han slepp unna dei delane som ikkje er religionsutøving. Me dandre ord: han slepp ikkje unna å gå i skulegudstenesta, men han kan sleppe å delta i salmesong, bønn og andre religiøse ritar.

Dagens spørsmål finn du på Facebooksida til Studentombodet.

Spread the word. Share this post!