Svar på #14

Svar på #14

Hans Tastad hadde sin siste eksamen for semestert torsdag 14. desember. Det var i forvaltningsrett for sjukepleiestudentar. Der var det lov å ta med seg lovsamling for helsefag. Hans var litt trøtt om morgonen denne dagen og tok med seg læreboka i staden. Dei ser til forveksling like ut. Ein halv time før eksamen byrjar må studentane forlate lokale med alle hjelpemidla på pulten. Hans gjør det. Når han kjem inn igjen får han beskjed om at læreboka er inndradd og at han er mistenkt for fusk. Er dette fusk?

Ja, dette er fusk.
Nei, sidan Hans var trøtt er det klart han ikkje gjorde dette med vilje.
Nei, dette var jo før eksamen byrja.

Svaret finn ein i studieforskrifta § 10-1 (2) a. der det kjem frem at å ha ulovlege hjelpemiddel tilgjengelege under eksamen reknast som fusk. I universitets- og høgskulelova § 4-7 (1) b) kjem det frem at grov aktlause rekanst som fusk. Vidare kjem det frem av studieforskrifta § 10-1 (3) a. at dersom det vert gjennomført kontroll av tillatne hjelpemiddel før oppgåveteksten er utlevert, […] er eksamenen å sjå på som påbyrja når eksamenskandidaten har levert inn sine hjelpemiddel for kontroll. Det vil seie at korkje det at Hans Tastad var trøtt eller at det ulovlege hjelpemiddelet var oppdaga under bokkontrollen gjer at det ikkje er fusk. Så dette er fusk.

Dagens spørsmål finn du på Facebooksida til Studentombodet.

Spread the word. Share this post!