Svar på #12

Svar på #12

Søstera til Lars Holm, Kari Holm, går same år som Peder og Marte. Hun studerer barnehagelærar. Studentane der er nett ferdig i praksis. Kari gjekk dessverre glipp av siste veka med praksis fordi ho var sjuk. Ho lurer på om det går greitt, sidan ho var sjuk?

  • Nei, Kari må ta dei dagane ho har gått glipp av i praksis ein annan høveleg gang.
  • Ja, Kari slepper praksis om hu var sjuk.
  • Nei, Kari stryk i praksis sidan ho ikkje fullførte.

Reglene for gjennomføring av praksis ved Høgskulen på Vestlandet følgjer av studieforskrifta kapittel 8. I § 8-4 (1) står det at kravet om oppmøte kan ikkje fråvikast på grunn av sjukdom eller andre grunnar. Det vil seie at Kari må ta dei dagane ho har gått glipp av i praksis ein annan høveleg gang.

Om dei to dagane utgjer ein vesentlig del av praksis kan det hende ho må ta heile praksisperioden om att. Det er ikkje samde regler for kor mykje fråvær ein kan ha før ein må ta heile praksisperioden om att. Studentar som sjølv har fråvær i praksis bør undersøke kva reglar som gjeld for sin praksis med den som har ansvaret for praksisen frå skulen si side.

Studentar som skal ut i praksis bør sette seg godt inn i reglene i studieforskrifta kapittel 8, slik at dei ikkje blir overraska over særreglane som gjeld på dette feltet.

Dagens spørsmål finn du på Facebooksida til Studentombodet.

Spread the word. Share this post!