Svar på #11

Svar på #11

Marte Kirkerud, som fekk same karakter som Peder, ber også om grunngjeving for sensuren i FISK101. Ho får beskjed om at ho kan få grunngjevinga skriftleg på onsdag i neste veke, 13. desember. Har det noko å seie for Peder Ås sitt ønske om å få grunngjevinga skriftleg at Marte får det?

Nei. Dei to sakene er forskjellige, og sensor veljar uansett sjølv.
Ja. Om Marte får grunngjevinga skriftleg må Peder handsamst likt

I forvaltningsretten er det slik at forvaltninga må forholde seg til ein del grunnleggjande prinsipp som ikkje er skrevne inn i forvaltningslova. Eit av desse prinippa er det sokalla likebehandlingsprinsippet som stadfester at like saker skal handsamast likt. I utgangspunktet er det å gi grunngjeving for eit vedtak om karakter på samme eksamen så likt at handsaminga må vere lik. Det må derfor vere slik at om Marte får grunngjevinga skriftleg må Peder handsamst likt.

Det kan vere at det er grunnar innad i saka som gjer at ein likevel kan handsame desse sakene forskjellig. Dersom det er stor skilnad mellom grunngjevinga som skal givast til Marte og Peder kan det vere at sensor har sakleg god grunn til å handsame dei to studentane forskjellig. Det skal derimot mykje til, og i dei fleste tilfeller er det slik at studentane må handsamast lik med tanke på grunngjeving.

Dagens spørsmål finn du på Facebooksida til Studentombodet.

Spread the word. Share this post!