Svar på #9

Svar på #9

Lærarstudent Lars Holm står saman med sjukepleiestudent Hans Tastad og røykar hasj på busstoppet ved bussen mellom Storeby og Lillevik i det mor til Peder, Oline Ås kjører forbi. Ho stopper for å gi dei to gutane skyss heim. Når hu kjenner lukta ombestemmer hu seg tvert. Hu underviser sjølv i vernepleie og har ikkje noko til
overs for hasjrøyking. I staden tenker hu å levere ei skikkamelding på dei to studentane. Kan bruk av hasj på ein laurdag føre til at studentane blir sett på som uskikka?

Ja, dei kan bli utvist begge to.
Både ja og nei, sjukepleiestudenten Hans Tastad kan bli utvist, men ikkje lærarstudent Lars Holm.
Nei. Hasjbruk er det ikkje så nøye med.

Reglane om skikkavurdering er gitt i universitets- og høgskulelova § 4-10 og Kunnskapsdepartementet har i medhold av sjette ledd gitt forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning. Forskrifta inneheld i § 4 ei liste over kriterier som kan gjere at ein helsefagstudent (herunder sjukepleiestudent) er uskikka. I bokstav d) står det at dersom studenten misbruker rusmidler eller tilegner seg medikamenter på ulovlig vis er han uskikka.

For lærarstudentar er det gitt ei tilsvarande liste i § 3. Her er det ikkje gitt føresegn om at studenten er uskikka om han rusar seg eller tilegner seg medikamenter på ulovlig vis (se likevel universites- og høgskuleloven § 4-9, jf. politiregisterloven § 39, jf. straffeloven § 231).

I dette eksemplet vil det seie at sjukepleiestudenten Hans Tastad kan bli utvist, men ikkje lærarstudent Lars Holm.

Dette er ei snever tolking av når ein kan bli rekna som uskikka. Det er fleiere ting ein skal ta høgde for, og ein lærarstudent som røyker hasj på fritida kan bli rekna som uskikka under andre føresegn i skikkaforskrifta § 3. Det er og viktig å merke seg at ordlyden i forskrifta, er uskikket, medfører at studenten må vere uskikka om vilkåra i føresegnet er oppfylt. Det vil derimot berre sei at ein etter forskrifta ikkje er skikka. Det er framleis opp til styret eller klagenemnda å gjere avgjerd om ein student er skikka eller ikkje, og i universitets- og høgskulelova § 4-10 (3) har ein nytta kan.

Dagens spørsmål finn du på Facebooksida til Studentombodet.

Spread the word. Share this post!