Svar på #4

Svar på #4

Ole Vold er kjent som bølla på Campus Storeby. Han er sjølv frå Lillevik og synes det er litt kjipt å vere så langt vekke frå mor. Han har sterk heimlengsel og drar difor heim 4. desember, i staden for å ta eksamen. Han meiner heimlengsel må vere gyldig fråvær. Har han rett i det?

Ja, heimlengsel er alltid god grunn for å vere vekke frå eksamen.
Ja, det kan det vere, dersom han har ein attest frå lege eller psykolog som grunngjev fråværet.
Nei, heimlengsel er ikkje grunn til fråvær. Det hjelp ikkje om legen synes noko anna.

Svaret på spørsmålet finn ein i studieforskrifta § 9-6 (5). Der kjem det frem at høgskulen avgjer i kvart enkelt tilfelle kva som kan godkjennast som gyldig fråvær. Fråværet skal vere dokumentert ved legeattest eller annan dokumentasjon, jf. § 9-6 (5). For at studenten skal ha krav på ny eksamen, må dokumentasjonen vere levert høgskulen eller poststempla seinast tre virkedagar etter at eksamen skulle ha vore avlagt/etter frist for innlevering av skriftleg arbeid.

Det vil seie at Ole Vold kan ha gyldig fråvær dersom han har ein attest frå lege eller psykolog som grunngjev fråværet. Då kan det hende at fråværet reknast som sjukdom.

Dagens spørsmål finn du på Facebooksida til Studentombodet.

Spread the word. Share this post!