Svar på #3

Svar på #3

Hans Tastad går året over Marte og Peder, på sjukepleie. Han har hatt ein heimeeksamen som ikkje gjekk så bra. Sensor oppdaga at Hans hadde skrevet rett frå læreboka utan å angje den som kjelde. Han har difor fått melding om at det blir fuskesak. Hans lurer på om dette er fusk eller ikkje, han har jo bare skrive av boka, og den må jo faglærar kjenne til?

Det er ikkje fusk å skrive av lærebøker når dei står på lista over pensum.
Det er ikkje fusk å skrive av lærebøker.
Det er fusk å skrive av noko utan å føre ordentleg kjelde. Det gjeld og lærebøker.

Svaret på spørsmålet finn ein i studieforskrifta § 10-1 (2). Der kjem det frem at fusk mellom anna er å presentere andre sitt arbeid som sitt eige (plagiat) og å sitere kjelder eller på annan måte nytte kjelder i skriftlege arbeid utan tilstrekkelege kjeldetilvisingar (plagiat). Det vil seie at det er fusk å skrive av noko utan å føre ordentleg kjelde. Det gjeld og lærebøker.

Dagens spørsmål finn du på Facebooksida til Studentombodet.

Spread the word. Share this post!