Timeplanar, fristar, force majeure og fusjon

Timeplanar på HVL

Timeplanane er studentar og tilsette sitt verktøy for å vite når og kor undervisninga finn stad. God timeplanlegging gjer det lettare for både tilsette og studentar å planlegge tida ein nyttar til undervisning og læring. På HVL er det eit godt system for fastsetjing av timeplanen, men det kan likevel forekomme endringar. Her kan du lese litt meir om korleis ein kan forholde seg til timeplanen.

Studieforskrifta om timeplanar

Studieforskrifta syner at det skal vere fastsatt ein frist for når timeplanen skal vere lagt ut på HVL sine nettsider.

§ 6-2.Timeplanar
(1) Timeplanar med informasjon om tid og stad for gjennomføring av undervisningsaktivitetane skal vere tilgjengelege på høgskulen sine nettsider innan fastsette fristar.
(2) Eit emne som ikkje er obligatorisk del av eit studieprogram, kan avlysast på grunn av lågt studenttal eller andre særlege grunnar. Dekan fastset frist og tek avgjerd om dette.

Forskrifta seier ikkje noko om endring av timeplanen.

Frister som er kunngjort

På HVL si nettside om timeplanar er fristane som er opplyste 15. juni og 15. desember. Då skal i utgangspunktet timeplanen for neste semester vere klar. Det er gjort eit generelt atterhald om at endringar kan skje, og det er særlig viktig hausten 2018 i samband med intern omorganisering på grunn av fusjonen.

Omorganisering på grunn av fusjonen fører til endring i den faglege staben. Det påverkar timeplanane for hausten 2018 i større grad enn det som elles er vanleg. Ein må difor rekne med at det kjem større endringar i timeplanen, etter 15. juni. Dei aller fleste timeplanane vil vere klare til undervisningsstart, men for nokre kan det vere timeplanen ikkje er endelig klar før i midten av september.

Høve til endring

Endringar i timeplanen etter at den er endelig fastsatt kan forekomme. Det kan skuldes både sjukdom, streik, lokale konferansar, eller andre ting HVL ikkje har moglegheit til å ha oversikt over ved studiestart. Når timeplanen til ein klasse endrar seg kan det få ringverknader for andre klassar fordi ein må tilpasse bruken av undervisningsrom etter endringane.

Når det gjeld den ikkje-obligatoriske undervisninga må ein rekne med at det kan komme nokre endringar. Endringar som skjer mellom klokka 8.00 og 17.00 er påreknelege.

Studentar som opplever at timeplanen endrar seg meir enn det som kan tolast kan ta kontakt med studentombodet.

Endring av obligatorisk undervisning

Obligatorisk undervisning er eit spesielt høve. Om HVL stiller som vilkår for at ein student skal gå opp til eksamen at ho må møte til undervisning så er det eit forvaltningsrettsleg vilkår. Slike vilkår kan ein ikkje endra på einsidig. Om ein i samband med vilkårsfastsettinga tar føremon om endring, må endringa likevel vere saklig og føreseielig. Ein må òg sjå til at dei som blir råka av endringa ikkje blir råka for hardt. I nokre tilfelle vil det vere slik at ein må undersøkje med den einskilde student korleis endringa virkar inn på moglegheita studenten har til å oppnå vilkåret ein har satt. Det er ikkje alltid tilstrekkelig å spørje klassen.

Skal ein endre på obligatorisk undervisning på grunn av endra bemanningsplan eller nytilsettingar må ein undersøkje om det er mogleg å få til undervisninga med andre (rimelege) ressursar først. Først når det er heilt klart at ein ikkje klarer å legge til rette for det vilkåret ein har satt kan ein endre på vilkåret – altså endre på undervisningstidspunktet. Ein skal varsle så raskt som mogleg, og det bør vere høve til alternativ gjennomføring for studentar som blir råka. Studentombodet meiner det er tilstrekkelig å varsle ein måned i forkant, men likevel så snart ein veit om at det blir ei endring. Om endringa skuldes akutt sjukdom bør ein gå i dialog med dei som blir råka om alternativ vilkårsgjennomføring.

Studentar som opplever usakleg endring av obligatorisk undervisning kan ta kontakt med studentombodet.

Spread the word. Share this post!

Eg er Studentombod ved Høgskulen på Vestlandet, og kanskje meir glad i forvaltningsrett enn dei fleste. På studentombodet.no skriv eg om saker som opptar meg og som eg synest er viktige for høgskulen og studentane.