Kursportefølje

Her finn du Studentombodet sitt kurstilbod

Grunnleggjande studentrettar
Prakstiske studentrettar
Handsaming av seksuell trakassering
Skreddarsydde kurs


Grunnleggjande studentrettar


Kurset gjev ei grunnleggande innføring i dei vanlegaste rettane studentane har etter forvaltningslova generelet og universitets- og høgskulelova spesielt.

I kurset blir det lagt vekt på korleis dei to lovane og studieforskrifta utfyller kvarandre.

Målgruppe: Studenttillitsvalde
Varighet: 3 timar
Kursgruppe: #studentrettar


Prakstiske studentrettar


Kurset går gjennom nokre av dei vanlegaste spørsmåla Studentombodet får om studentane sine rettar og gjer ei syning av korleis problema kan løysast i det daglege.

Døme på spørsmål som blir handsama er:

  • Kva er lovlige arbeidskrav?
  • Kva fristar gjeld i høve til studiet og eksamen?
  • Kva reglar gjeld under eksamen?
  • Kan ein student klage på høve i praksis?

Målgruppe: Studenttillitsvalde
Varighet: 1 time
Kursgruppe: #studentrettar


Handsaming av seksuell trakassering


Kurset gjev tillitsvalde i studentorganisasjonar grunnleggande opplæring i korleis ein handsamer saker om seksuell trakassering internt i organisasjonen.

Målgruppe: Tillitsvalde i studentorganisasjonar
Varighet: 1 time
Kursgruppe: #trakassering


Skreddarsydde kurs


Ynskjer du skreddarsydde kurs om studentane sine rettar til din eining eller organisasjon kan du ta kontak med Studentombodet om det. Du må gjerne nytte kontaktskjemat du finn på denne sida.

Målgruppe: Alle
Varighet: Etter avtale
Kursgruppe: