Sensurfrist

Sensurfristen i Norge er på tre veker (jf universitets- og høgskulelova § 3-9 (4) første setning. Om det ligg føre “særlige grunnar” til at fristen må bli lenger så kan institusjonen utvide fristen.

Stortinget definerte kva som er føreseielege særlige grunnar ved vedtak av univeristets- og høgskulelova 1995. I lovteksten er dei nemnt i andre og tredje setning:

Styret selv kan gjøre unntak for enkelteksamener og kan i midlertidig forskrift etter sjuende ledd fastsette en lengre frist når det ikke er mulig å skaffe det antall kvalifiserte sensorer som er nødvendig for å avvikle sensuren på tre uker. Styret selv kan i forskrift etter sjuende ledd fastsette lengre frist for avhandlinger og tilsvarende større skriftlige arbeider.
NB!
Det er berre styrt sjølv som kan vedta utvida frist etter føresegna i § 3-9 (4). Dei kan ikkje gje andre løyve til å utvide fristen.

Einskildeksamen

Styret sjølv kan utvide fristen for einskildeksamenar, når det ikkje er mogleg å skaffe nok sensorar til å gjennomføre sensuren på tre veker. Med einskildeksamen siktar ein til ein konkret eksamen i eit konkret emne. Sjå under om sensormangel.

Midlertidig forskrift

Styret sjølv kan utvide fristen i ei midelrtidig forskrift, når det ikkje er mogleg å skaffe nok sensorar til å gjennomføre sensuren på tre veker. Den midlertidige forskrifta kan gjelde for fleire eksamenar (men sjå om sensormangel under).

Avhandlingar og tilsvarande større skriftlege arbeider

Langt dei fleste institusjonane har eigne reglar i lokal studie- og eksamensforskrift om forlenga frist for sensur på masteroppgåver og lignande. Det er, som over, styret sjølv som må vedta slike føresegn i forskrifta.

Sensormangel

Begge dei to ovanfor nemnte alternativa gjeld ved sensormangel. I førearbeida er det skrevet litt om når ein kan benytte seg av unntaksheimelen:

Ot.prp.nr. 85 (1993-1994) s. 76
Terskelen for unntak begrunnet i sensormangel må være svært høy, og begrunnelsesplikten tung. Dette ivaretas best ved å legge avgjørelsen utenfor fagmiljøet selv. Nødvendigheten av unntak begrunnet i sensormangel forutsettes løpende vurdert av styret. Styret kan gjøre unntak i tre tilfeller: for enkelteksamen ved uforutsette vansker; midlertidig unntak i forskrift; unntak for avhandliger og andre store skriftlige arbeider. De to sistnevnte unntak fra tre-ukersfristen må gjøres i eksamensforskrift, m.a.o. etter reglene i forvaltningsloven § 38. I kravet om at forskriftsform skal benyttes, ligger en garanti mht. saksbehandling, kunngjøring, og i praksis også registrering.

Om ein institusjon rullerar ei midelrtidig forskrift som gjeld heile institusjonen vil det truleg ikkje vere lovleg. Som nemnt i førearbeida skal unntaket både vurderast og grunngjevast. Ei slik vurdering skal vere konkret. Når det gjeld einskildeksamen må sensormangelen vere uforutsett. Ein kan altså ikkje forutsjå sensormangelen i til dømes budsjett eller liknande.

Andre uforutsette hendingar

Hendingar ein ikkje kan forutsjå og som ligg utanføre institusjonen sin kontroll kan føre til lenger sensur. Slike hendingar blir kalla force majeure hendingar og er i hovudsak krig, naturkatastrofar, streik og ikkje planlagt sjukemelding hjå tilsette. Ferie, avspassering, tenestereiser, etc. er aldri force majeure.


Kunnskapsdepartementet har gitt fråsegn om sensurfrist.

Dato: 10.07.13.
Type: Svar på spørsmål.
Tittel: Vedrørende sensurfrist ved det juridiske fakultet UiB

Dato: 13.06.16.
Type: Svar på spørsmål.
Tittel: Spørsmål om sensurfrist ved eksamen ved høyskoler og universiteter