Språk på eksamen

HVLUiBHVO
Ved Høgskulen på vestlandet skal eksamensspråket normalt vere norsk (jf studieforskrifta § 9-9 (1) bokstav a). Om undervisninga er gjeven på eit anna språk enn norsk, svensk eller dansk så skal eksamen gjevast på det same språket. Emneplana kan slå fast kva eksamensspråk som skal nyttast, uavhengig av normalregelen og kva språk undervisning er gitt på.

Eksamen skal normalt svarast på på norsk, svensk eller dansk. Om oppgåvespråket er engelsk kan ein òg svare på engelsk. Emneplana kan slå fast at eksamen skal svarast på på eit anna språk enn hovudregelen og unntaket for engelsk.

Meir kjem…
Meir kjem…

Målføre på eksamen

Studentane skal få eksamen på sitt eige målføre. Kva målføre ein ynskjer å nytte må ein oppgi i StudentWeb på førehand. I praksis gjer ein det samstundes med semesterregistreringa.

Bachelor- og masteroppgåver

HVLUiBHVO
Oppgåver skal leverast på det språket som er mest relevant for oppgåva. Det er dekan som avgjer kva språk som er mest relevante, men det skal svært mykje til for å utelukke norsk (svensk og dansk) eller engelsk.

Studieforskrifta gir òg føresegn om at oppgåvene skal ha eit samandrag på engelsk, eller på norsk, svensk eller dansk dersom oppgåva ikkje er skriven på norsk, svensk eller dansk. For studentar som ikkje meistrar norsk, svensk eller dansk kan dekan gjere unntak.

Meir kjem…
Meir kjem…