Klagesensur

Univeristets- og høgskulelova gir egne føresegn om handsaminga av klagesensur. Det er i hovudsak føresegn som sett fleire av dei ordinære klagesakshandsamingsreglane i sektoren til sides. Føresegna går frem av universitets- og høgskulelova § 5-3 fjerde til sjuande ledd og § 3-9 femte ledd.

Krav til samansetnad av sensorkorps

Ved klagesensur er det stilt krav om at det skal “benyttes minst to nye sensorer, hvorav minst én ekstern” (§ 3-9 femte ledd første setning). Det skal vere nye sensorar. Dei kan altså ikkje ha vært del av det ordinære sensorkorpset. At minst ein skal vere ekstern fører med seg at begge kan vere det. Det er òg slik at ein kan nytte fleire enn to sensorar men då minst ein ekstern.

Gjennomføring av sensuren

Føresegna lyd at “Ved ny sensurering skal sensorene ikke få opprinnelig karakter, sensors begrunnelse for denne eller studentens begrunnelse for klagen” (§ 5-3 fjerde ledd femte setning). Av førearbeida går det frem at “Dersom institusjonene har utarbeidet skriftlige sensorveiledninger, bør sensor få tilgang til denne. I tillegg kan sensor få tilgang til andre eksamensbesvarelser med karakter som eksempler, og karaktersnitt som kan være et relevant og nyttig hjelpemiddel for klagesensor” (Prop.59 L (2013-2014), s 63.).

Sensurvedtaket

Sensurvedtaket kan vere “både til gunst og ugunst for klager” (§ 3-9 femte ledd andre setning). Det vil seie at kandidaten kan få same, betre eller dårligare karakter. Det er òg slik at ein ikkje kan krevje ny klagesensur etter føresegna i § 5-3 om ein ikkje er nøgd med klagesensuren (jf. § 5-3 sjuande ledd).