Klage på eksamen

Dette er ein kort oversikt over klageretten ved eksamen.

Klage over karakterfastsettinga

Kandidatane kan i hovudsak klage på to måtar. Den vanlegste er klage over karakterfastsettinga. Det gjer ein om ein ikkje er einig i karakteren. Då vil to nye sensorar vurdere eksamenen på nytt. Den nye karakteren er endelig; Kandidaten kan ikkje klage over karakterfastsettinga på den. Det er den som blir ståande enten kandidaten går opp, ned eller får same karakter som sist.

Klage over karakterfastsettinga treng ikkje grunngis. Dei nye sensorane får korkje vite grunngjevinga eller den opphavlege karakteren.

Klage over formelle feil

Kandidaten kan òg klage over formelle feil. I røynda er klage over formelle feil det same som å klage over sakshandsaminga. Om kandidaten klagar på denne måten så er det klagenemnda som vurderer klagen. Klagenemnda sett ikkje ny karakter. Om kandidaten får medhald i klagen i klagenemnda så vert det enten gitt ny sensur (då får kandidaten karakter) eller eksamen vert annullert (då må kandidaten ta eksamen på nytt – men den eksamen kandidaten har fått annullert tel ikkje som eit eksamensforsøk).

Klage over formelle feil må grunngis. Klagenemnda vurderer klagen ut frå grunngjevinga kandidaten har oppgitt i klagen, samt forklaring og vurdering frå institusjonen.


Kunnskapsdepartementet har gitt ut både rundskriv om klagesystemet i sektoren og gitt svar på sprøsmål.

Dato: 30.01.06.
Type: Rundskriv.
Tittel: Veiledning i behandling av klagesaker ved institusjoner under lov om universiteter og høyskoler

Dato: 28.06.16.
Type: Svar på spørsmål.
Tittel: Adgang til å trekke klage over eksamenskarakter