Arbeidskrav

Arbeidskrav er vilkår studentane må tilfredsstille for å få karakter i eit emne. I det følgjande er ein gjennomgang av rammene utdanningsinstitusjonen må halde seg til når ein skal sette arbeidskrav som vilkår generelt.

Heimel for å sette vilkår og utforme arbeidskrav

I universitets- og høgskulelova er moglegheita til å setje vilkår nemnt direkte eller indirekte både i § 3-9 (7) første setning, § 3-10 (1) første setning og § 3-10 (2). I tillegg til dei kodifiserte føresegna i lova er det ei alminnelig oppfating i forvaltningsretten at forvaltinga har lov til å setje vilkår i høve til eit vedtak under gitte føresetnader. Føresetnadene er samla i det ein kallar vilkårslæra, som òg er rettningsgivande for kva arbeidskrav ein kan stille.

I førearbeida til universitets- og høgskulelova er det satt nokre grenser for kva type vilkår som kan setjast som krav for å gå opp til eksamen. Ei gjennomgang av desse generelle reglane kan du sjå nederst.

Vilkårslæra

Vilkårslæra stillar opp tre generelle gyldigheitsvilkår som må vere oppfylt for at vilkåret forvaltinga sett skal vere gyldig overfor den vilkåret rettar seg mot.

Innafor lova sine rammer

Når det ikkje er gitt særlege føresegn i lova om kva vilkår ein kan stille må forvaltninga holde seg til dei relgane som elles føljer av lova. For universitet og høgskular er det av særlig betydning å sjå til krava som er uttalt i førearbeida til universitets- og høgskulelova § 3-10 (2). Saman med likebehandlingsprinsippet i høve til vedtak i forvaltinga blir det gjennom førearbeida til denne føresegna satt nokre viktige rammer for kva vilkår ein kan krevje.

Sakleg samanheng med vedtaket

For det andre må det vere sakleg samanheng mellom vilkåret ein stiller og vedtaket ein skal fatte. For universitet og høgskular vil det i røynda seie at det må vere ein fagleg samanheng mellom arbeidskrava ein krever studentane skal gjere og det emnet arbeidskrava er knytt til.

Til dømes vil det vere usakleg om ein stiller krav om svømmekompetanse hjå ein student for å at ho skal få lov til å ta eksamen i litteraturvitskap.

Forholdsmessig

Til sist er det eit krav at vilkåret er forholdsmessig i høve til vedtaket som skal gjerast. Dette er òg knytt til den generelle føresetnaden om at forvaltinga sin opptreden skal vere rimelig.

At det skal vere forholdsmessig vil i mange samanhengar seie at det skal vere mogleg for den alminnelige student å oppnå kravet. Det skal heller ikkje vere ein uforholdsmessig stor byrde for studenten. Ein kan for eksempel ikkje krevje at studentane skal utarbeide eit så stort oppgavesvar at det vil gå ut over alle heilagdagane i påsken, eller at arbeidsmengda for ein normal student på eit heiltidsstudie blir meir enn 1800 timar i året (jf. studietilsynsforskrifta § 2-2 (3)).

Nokre krav kan settjast strengare enn det som kan forventast av ein normal student. Det kan vere krav om fysisk styrke i utdanningar knytt til helse og beredskap mv., stressmestring i utdaning for yrker kor prestasjon under press er av kritisk betydning eller faglege mistemål i utdanningar knytt til yrker kor det faglege nivået er eller må vere svært høgt. Kravet om faglege minstemål er nært knytt til utdanningsinstitusjonane sin rett til sjølv å setje faglege minstemål gjennom prøvinga på eksamen.

Førearbeida til universitets- og høgskulelova

I universitets- og høgskulelova regulerer ein adgangen til å gå opp til eksamen i § 3-10. Denne føresegna er historisk sett retta mot dei såkalla privatistane. Uansett om det er privatistar eller ikkje føresegna er meint å gjelde direkte for må ein følgje likehandsamingsprinsippet i forvaltninga. Det gjer at ein ikkje kan handsame sine eigne studentar strengare enn privatistane. Altså at ein ikkje kan stille strengare vilkår for å gå opp til eksamen for sine eigne studentar enn før privatistar.

Privatistar kan nektast eksamen dersom dei ikkje har fulgt obligatorisk undervisning eller gjennomført obligatorisk praksis.

Kva obligatorisk undervisning institusjonen kan krevje er ikkje nemnt i loven. I førearbeida er det derimot gjort klart nokre rammer. Ein må tilbake til førearbeida til § 40 I universitets- og høgskulelova av 1995 for å finne føresegna (§ 3-10 I dagens lov er ein direkte videreføring av § 40 og førearbeida må sjåast på som like viktige i dagens lov som i 1995-lova).

I ot.prp.nr. 85 (1993-1994) på side 67 står det om obligatorisk undervisning:

   Punktet er en presisering av innholdet i retten til å gå opp til eksamen uten å være opptatt som student, når det gjelder hvilke vilkår utover opptakskravene som kan settes. I studieplanen fastsettes hvilke obligatoriske kurs, oppgaver, praksis m.m. som inngår i studiet og som må være oppfylt for å kunne gå opp til eksamen. For at en obligatorisk del av undervisningen skal kunne anses som et krav som må være oppfylt for å kunne gå opp til eksamen som privatist, er følgende kriterier avgjørende:
– kurset, oppgaven, praksisopplæringen el. gir i seg selv en vesentlig kompetanse (ferdighet) som er en del av formålet med utdanningen
– denne kompetansen kan ikke prøves ved ordinær eksamen.
   Eksempel på slik obligatorisk undervisning vil være praktiske laboratoriekurs, de kliniske deler av medisinerutdanningen og annen praksisopplæring i utdanninger for yrker der omsorg for og kontakt med pasienter, klienter, elever oa. står sentralt.

Når ein skal fastsetje vilkår for å gå opp til eksamen (arbeidskrav mv.) må det vere innanfor rammene som er omtala over.

Lokale forskrifter

Dei forskjellige institusjonane har eigne forskrifter som regulerer kva arbeidskrav ein kan stille. Under finn du lenker til nokre lokale forskrifter.

HVLUiBHVO
Høgskulen på Vestlandet si studieforskrift: § 7-2 Arbeidskrav.
Universitetet i Bergen si studieforskrift: § 5-5 Obligatorisk undervisningsaktivitet.
Høgskulen i Volda si studieforskrift: § 4-6 Obligatorisk frammøte/deltaking og § 4-7 Arbeidskrav.