Korleis skrive ein god søknad?

Ein godt skriven søknad forenklar søknadsprosessen og gjer det lettare for sakshandsamar å handsame søknaden din. Det kan både auke sjansa di for at du får medhald på søknaden og korte ned sakshandsamingstida. Her er nokre tips for deg som skal utforme ein god søknad.

Før du byrjar å skrive søknaden

Det første du må finne ut av er kva du eigentlig søkar om, kvifor du søkar, kva du ynskjer utfallet av søknaden skal bli og kva som er argumenta dine. Kva du søker om er vesentlig å vite når du skal skrive ein søknad.

Skriv ned nokre stikkord for deg sjølv som gjer deg rettleiing gjennom din eigen skriveprosess. Du bør byrje med å undersøke kva det er du søkjer om.

Når du sender ein søknad må du alltid gjere det klart for sakshandsamar kva utfall du ynskjer av søknaden. Difor er det viktig at du har dette klart for deg sjølv før du skriv søknaden. Då er det enklare å strukturere søknaden slik at du får fram argumenta for den løysinga du vil ha.

Argumenta for saken din er det viktigaste å ha klart føre seg. Ein søknad utan nokon argument er ein dårleg søknad. Du bør difor ha hovudargumenta klart føre deg før du byrjar på sjølve søknaden.

Overskrift og innleiing

Overskrifta på søknaden bør vere “Søknad om …” med syning av det vedtaket du søkar om å få.

Døme
Søknad om tilrettelegging under eksamen.

Innleiinga bør vere på eit avsnitt og gjere sakshandsamaren i stand til å forstå søknaden. Det vil seie at det bør gå frem kven som søkjer – skriv namnet ditt, kva det søkjast om og kva som er hovudårsaka til søknaden. Veit du kvar i lov eller forskrift du finn heimel for at du skal få innvilga søknaden, så må du gjerne syne heimelen. Gjer ein det det slik er det mykje lettare for den som tek i mot klagen å forstå kva saka gjeld.

Døme
Eg, Peder Ås, ynskjer å søkje om tilrettelegging under eksamen. Eg går på sterke smertestillande etter ein operasjon, som gjer at eg treng kviletid annan kvar time. Eg ynskjer difor utvida tid.

Jo meir presis du er i innleiinga jo lettare blir det for sakshandsamar å forstå søknaden din. Innleiinga treng derimot ikkje inneholde alle argumenta dine for søknaden. Det held at du syner dei faktiske forholda som ligg til grunn for søknaden. Fra dømet over kan me sjå at Peder Ås søkjer om tilrettelegging under eksamen. Peder har tatt med grunngjevinga for at han søker, og han har skrevet nøyaktig kva han ynskjer å få av tilrettelegging. I Peder sitt tilfelle treng han kanskje ikkje skrive meir, om han legg ved ein legeattest. Meir om vedlegg lenger nede.

Det er ikkje alltid like lett å vite nøyaktig kva ein skal søkje om. Ein person med kronisk sjukdom som skal mykje inn og ut av sjukehus vil kanskje ha forskjellige behov under studiet. Då er det mogleg å søkje om generell tilrettelegging.

Døme
Eg, Peder Ås, har ein kronisk sjukdom, A, som gjer at eg kjem til å vere ein del innom sjukehuset i løpet av studiet. Eg søkjer difor om generell tilrettelegging av studiet.

Slike søknader gir deg ikkje nødvendigvis rett på ein eller annan form for tilrettelegging. Det er likevel ein fordel å søkje generelt når du veit at det vil oppstå situasjonar seinare som følgje av ein sjukdom du allereie veit om. For det første har du då overholdt søknadsfrista som kjem frem av studieforskrifta. For det andre har du ved meldinga gitt institusjonen ein plikt til å undersøkje korleis dei kan legge til rett. Til sist har du òg gitt institusjonen ein moglegheit til å rettleie deg dersom det viser seg at det ikkje er mogleg å gjennomføre den utdanninga du går på med den sjukdommen du har. Alle kan faktisk ikkje bli alt, og det er bedre å få beskjed tidlig enn seint dersom ein må byte utdanning.

Skildre høva

Dei høva som ligg til grunn for søknaden bør skildrast så presist som mogleg. Udokumenterte og personlege høve som at eg er nervøs på eksamen eller eg er trøtt på eksamen så tidlig på morgonen Er ikkje veldig vektige argument. Då kan det fint utelatast. Er du derimot så nervøs at psykologen din meiner det er ei utfordring på eksamen, eller legen din har gitt ein attest på at du har søvnproblem og må helst sove til klokka 10.00, så skal du sjølvsagt ha det med i søknaden din.

Små tips

Ikkje skriv ein lang søknad om du ikkje må. Nokre av dei beste søknadene eg har sett har vært på ei til to sider. Det viktigaste er å få klart frem kvifor ein skal få medhald i søknaden. Det klarer ein ofte med å korte ned teksten.

Skriv søknaden fleire gonger. Etter du har skrevet ned stikkorda byrjar du med eit førsteutkast. Les gjennom utkastet å leit etter ting du kan ta vekk. Les gjennom igjen og tenk gjennom korleis den som les søknaden vil oppfatte ho. Gjer endringar underveis.

Hugs vedlegg! Dersom du skriv at du har ein legeattest må du legge attesten ved søknaden.