Årsrapport 2017

Sjå årsrapporten som PDF her.

Innhald


Føreord
Artiklar
   – Verneombod, barneombod, sivil-ombod, likestillingsombod — kva er eigentlig eit studentombod?
   – Bruk av forvaltningslova og spørs-målet om individuell klagerett.
   – Arbeidskrav — den ulovfesta vilkårslæra.
Statistikk for sakshandsaminga
Oversikt over saker i 2017
Offentleg verksemd
   – Opplæring av studenttillitsvalde.
   – Marknadsføring av Studentombodet sine tenester.
   – Anna offentleg verksemd.
Strategiske anbefalingar til HVL
Om Studentombodet
   – Utvikling av studentombodstenesta.
   – Mandat for Studentombodet.

Føreord

Studentombod Sindre R. Dueland. Foto: Kjersti Hatlestad

Dette er den første årsrapporten om studentombodstenesta på Høgskulen på Vestlandet. Her vil ein kun-ne lese litt om kva saker som har kome inn til Studentombodet i løpet av det første året, korleis sakene fordeler seg og korleis dei blir handsama.

For Høgskulen på Vestlandet er det nytt med studentombod. Ein del av verksemda har gått til å etablere tenesta som eit tilbod studentane kjenner til og veit å nytte seg av. Å etablere ei slik teneste på ein høgskule med sju vidt spreidde studiestadar midt oppe i ein stor omorganiseringsprosess har både vore vanskelig og spennande. No på nyåret mens rapporten blir skriven opplever eg sjølv at den tida som har gått med til å reise rundt for å bli kjent med institusjonen og gjere ombodstenesta kjent blant studentar og tilsette har gitt avkastning.

Sakene studentombodet har fått inn spenn frå korte spørsmål om tolking av studieforskrifta til konfliktsaker mellom lærar og student. Det har vært særlig spennande å sjå kva behov Høgskulen på Vestlandet har hatt og korleis ein kan møte det som studentombod. I røynda er det først nå, etter første året at tenesta verkeleg byrjar å forme seg. Samstundes gir dei sakene som har kome inn og vert handsama ferdig i 2017 eit godt bilete på bredda i behovet Høgskulen på Vestlandet hadde og har. Dette behovet er søkt møtt med ei blanding av formelle og uformelle prosessar. Som organisasjonsinternt ombod i ein streng regulert sektor har eg sjølv opplevd at det har vært ein god og formålstenleg tilnærmingsform på dei problemstillingane som har kome inn.

Fusjonsprosessen har òg forma mykje av arbeidet som studentombod. Det er ikkje berre organisasjonen som er i endring. Lokalt regelverk er nytt for både tilsette og studentar. Nye rutinar skal etablerast og retningslinjer og praksisar utformast. I løpet av 2017 har ein del av arbeidet som studentombod vore retta mot høve som ikkje vil oppstå igjen, fordi regelverket, rutinane og organisasjonen byrjar å setje seg. Med det som bakteppe ynskjer eg deg god lesing!

Sindre Rødne Dueland
Studentombod

Tilbake til toppen av sida


Artiklar

Verneombod, barneombod, sivil-ombod, likestillingsombod — kva er eigentlig eit studentombod?

Bruk av forvaltningslova og spørsmålet om individuell klagerett.

Arbeidskrav — den ulovfesta vilkårslæra

Tilbake til toppen av sida


Verneombod, barneombod, sivil-ombod, likestillingsombod — kva er eigentlig eit studentombod?

Studentombodsordninga er fortsatt ei ganske fersk ordning i Norge. Det første studentombodet kom i gang på Universitetet i Oslo 1. februar 2013. Sidan den gang har det blitt studentombod ved ti av universiteta og høgskulane i Norge. Men kva er eigentlig eit studentombod?

Av Sindre R. Dueland
Studentombod HVL

Studentombodet ved Høgskulen på Vestlandet er ein nyskapning for alle dei tre institusjonane som har tatt del i fusjonen. Funksjonen kom i stand som følgje av fusjonsforhandlingane og det blei avtalt i fusjonsplattforma at HVL skulle ha stu-dentombod frå 1. januar 2017.

Då HVL blei til 1. januar 2017 var det allereie studentombod ved seks av universiteta og høg-skulane i Norge. UiO var først ute med å tilsette studentombod i 2013. Sidan den gong var det kome studentombod ved UiB, UiT, UiS, NHH og HiOA (nå OS). Ved HVL var studentombodsordninga operativ frå 15. mars 2017. Like etter blei det tilsett studentombod ved UiA, HSN og NTNU. 1. januar 2018 var det studentombod ved ti av universiteta og høgskulane i Norge.

Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget innstilte 13. februar 2018 eins på eit forslag frå stortingsgruppa til Arbeiderpartiet om å krevje at Regjeringa kjem tilbake til Stortinget med eit forslag om å lovfeste ein plikt for norske universitet og høgskular til å ha studentombod. Innstil-linga blei vedtatt i Stortinget 1. mars 2018.

Om departementet ikkje bruker unormalt lang eller kort tid på å utarbeide forslaget vil det truleg bli lagt frem for Stortinget våren 2019. Ei eventuell lovendring vil kunne tre i kraft same år.

Korkje Stortinget eller Regjeringa har så langt skildra kva som eigentlig ligg i omgrepet Stu-dentombod. Så langt har det vært opp til univer-siteta og høgskulane sjølv å skildre innhaldet i ei studentombodsordning i dei respektive mandata.

Organiseringa av studentombodet ved Universi-tetet i Oslo har vore føregåande for organiseringa av alle dei andre studentomboda i Norge. På tross av at alle dei ti universiteta og høgskulane har laga eigne mandat er det store likskap.

Ordninga med studentombod stammar frå Canada og USA. Om ein ser til USA vil ein finne at studentomboda i hovudsak er organisert som såkalla organisasjonsinterne ombod. Eit organisasjonsinternt ombod har ei anna rolle og funk-sjon enn for eksempel Sivilombodsmannen og barneombodet. Ein kan kanskje spekulere i om verneombodet er det ombodet som står studentombodet nærast, men også her er det klare skilnader.

Organisasjonsinternt ombod

Organisasjonen International Ombudsman Asso-ciation (IOA) organiserer organisasjonsinterne ombod i USA og har lang fartstid med å organisere studentombod. Det er frå denne organisasjonen sin etiske kode ein har henta grunnlaget for organisering av studentomboda i Norge.

I Code of Ethics har IOA stadfesta tre prisnipp som ligg til grunn for utforminga av eit organisasjonsinternt ombod. Uavhengig (independence), nøytralt og upartisk (neutrality and impartiality), konfidensielt (confidentiality) og uformelt (informality).

Det er dei fire prisnippa som gjer at ei ordning med organisasjonsinternt ombod som studentombodet skillar seg frå ordningar som sivilombodsmannen og barneombodet. Det er og her ein finn grunnlaget for skilnaden mellom verneombodet og studentombodet.

Dei ulike prisnippa har forskjellig innhald og korleis prisnippet blir tolka har mykje å seie for utforming av tenesta. Særlig viktig i ein sterkt regulert stat som Norge er å forstå korleis offentlig regulering spill inn på tenesteutforminga i samanheng med prinsippa.

Uavhengig

Prinsippet om at ombodet skal vere uavhengig kan gjennomførast både på eit faglig og eit personalpolitisk plan. I Norge er i dag alle student-omboda fagleg uavhengige av organisasjonen ved at dei ikkje kan instruerast i sitt arbeid. Ved UiT er uavhengigheten synleg til stades ved at studentombodet er organisert i studentsamskipnaden. Ved dei andre universiteta og høgskulane er ombodet ein del av institusjonen.

Korleis ein har vald å forme uavhengigheit administrativt varierer mellom dei forskjellige universiteta og høgskulane. Det er ikkje kvar i organisasjonen tenesta er plassert som er viktig for uavhengigheita. Det vesentlege er at omboda er faglig fristilt og at dei ikkje kan styrast indirekte gjennom administrative vedtak. Alle omboda i Norge rapporterer til rektor eller styret og har direkte tilgang til styret. Det sikrar uavhengigheita.

Nøytralt og upartisk

Uavhengigheta studentombodet har i faglige spørsmål blir gjerne knytt til at ombodet skal vere nøytralt og upartisk. I prisnippet om at eit organisasjonsinternt ombod skal vere nøytralt og upartisk ligg det ein føresetnad om at ombodet ikkje representerer nokre av partane i saker som ombodet handsamer. I motsetnad til for eksempel barneombodet skal ikkje studentombodet fremje studentane sine interesser men ivareta dei rettane studentane allereie har.

Som studentombod representerer ein heller ikkje studenten i ei sak. Til dømes vil eit studentombod gjerne gi ein student rettleiing i ei klage-sak om kva rettar studenten har og korleis studenten kan skrive ein god klage. Dette skiljar seg frå oppgåvene til ein partsrepresentant som gjerne vil skrive klagen på vegne av studenten og også kanskje ha kontakt med institusjonen om saken på vegne av studenten.

Studentomboda sin upartiske og nøytrale stilling gjer det mogleg for omboda å snakke med begge parter om saker og gi råd og rettleiing begge vegar. Det er ein styrke for ombodsordninga. Samtidig fordrar det at vurderingane til eit organisasjonsinternt ombod er grundige og kan bli respektert av begge parter.

Konfidensielt

For å ha tillit i organisasjonen må eit organisasjonsinternt ombod opptre på ein måte som gjer at organisasjonsmedlemene stoler på den handsaminga dei får. Det same gjeld om ein som organisasjonsinternt ombod skal få tilgang på saker der ein person yt kritikk mot organisasjonen.

At studentombodsordninga er konfidensiell vil seie at det ikkje er innsyn i dei sakene studentombodet får inn. I tillegg må det vere konfidensielt kven som har tatt kontakt med studentombodet.
At tenesta er konfidensiell vil altså seia at ein ikkje diskuterer saker med andre i organisasjo-nen utan at den som saken kjem frå har gitt be-skjed om at det er greitt.

I Norge kan det vere ei utfordring å opptre konfidensielt slik ein har skildra i prinsippa på grunn av offentleglova. I dag er dette løyst ved at ein har tolka ombodsordninga i høve til formålet med offentliglova om å styrke rettstryggleiken for den enkelte. Det er ikkje eins med eit eventuelt krav om å leggje ut offentlige postlister og ein kan på den måten drive ei ombodsteneste også innanfor rammene av offentleglova. Vonleg vil ein få ei presisering av dette når stu-dentombodsordninga blir lovfesta.

Uformell

At studentombodet har ei uformell rolle er knytt til at ein som organisasjonsinternt ombod ikkje fattar vedtak, men gir råd til partane i ei sak. For studentomboda er det klart at ein ikkje er eit kla-georgan og at ein ikkje kan gi pålegg til institu-sjonen eller gjere vedtak overfor studenten.
At studentombodet ikkje kan gjere vedtak er eit av punkta som skiljar denne typen ombod frå verneombodsordninga.

Mandat

Det er mandata som styrer korleis ein i røynda innrett ombodstenesta. I mandatet til stu-dentombodstenesta på HVL er det mellom anna gjort klart at tenesta er fagleg uavhengig, at ombodet ikkje representerer studenten eller institusjonen, at det er teieplikt mellom ombodet og organisasjonen og at studentombodet ikkje har vedtakskompetanse og ikkje er klageorgan.

Grunnføresetnadene for organisering av ei studentombodsteneste er stort sett lik også utanfor Norge. Måten ein har organisert seg på kan derimot variere stort.

Faglege nettverk

I Norge, Skandinavia og Europa er det etablert egne nettverk for studentombod. Desse nettverka er med på å forme korleis ein innrett studentombodsordninga på den einskilde institusjonen. Om ein ser til det norske nettverket finn ein mykje likskap. Ein skal derimot ikkje lenger enn til Sverige for å syne klare forskjellar.

Studentomboda i Norge. Foto: Ukjent

Dei Svenske omboda er ikkje nødvendigvis fast tilsette ved institusjonen. Nokre av omboda har ein funksjon som minner meir om dei studenttillitsvalde me kjenner i Norge. Andre igjen er fast tilsett ved institusjonen og har same oppgåver som omboda i Norge.

Også bakgrunnen til studentomboda i Sverige er forskjellige frå i Norge. Blant dei fast tilsette studentomboda i Sverige finn ein forskjellig fagleg bakgrunn, mens det blant dei norske omboda kunn finst juristar; med eit heiderleg unntak på UiO som i tillegg til ein jurist har ein medievitar i 50 % stilling.

Studentomboda i Skandinavia. Foto: Ukjent

Ser ein til Europa finn ein fleire forskjellige måtar å organisere studentombodstenesta på. I eine enden av skalaen finn ein som nemnt valde studentar som sit eit år av gangen. I den andre enden har ein røynde professorar som har fått i arbeid å vareta studentane. Ein finn også ombod som dekker eit heilt land, eller som bare hand-samer saker kring ei spesifikk gruppe studentar.

Studentomboda i ENOHE. Foto: Ukjent

Den norske modellen i praksis

Forskjellige måtar å organisere ei studentombodsteneste på vil naturleg nok få innverknad på korleis tenesta blir møtt av studentar og tilsette. Ved HVL har ein mellom anna opna for at både studentar og tilsette kan ta kontakt med ombodet, men at saka må gjelde høve ved ein eller fleire studentar sin studiesituasjon.

Ei slik ordning gjer det mogleg for studentombo-det ved institusjonen å ta tak i saker før dei har blitt ein utfordring for den einskilde studenten. Det er og mogleg å handtere saker som kjem frå ei uspesifisert gruppe studentar på ein praktisk måte. For eksempel saker som gjeld studentane som gruppe sine rettar.

Oppgåvene til eit studentombod

Studentombodsordninga skiljar seg frå for eksempel sivilombodsmanen sin arbeidsform ved at studentomboda òg kan bidra i reine konfliktsituasjonar der det ikkje er mogleg eller ynskjeleg å gå for ei juridisk løysing. Det kan være i høve til læringsmiljøet, utdanningskvaliteten eller andre saker som ikkje kan gå vidare til klagenemnda eller der studenten sjølv ikkje ynskjer ei slik løysing.

Eit anna verkemiddel studentombodet har til å løyse saker er å leggje press på ei sak ved å løfte ho i organisasjonen. Dersom ein student eller ei gruppe studentar har blitt handsama på ein måte som ikkje er riktig og det ikkje er mogleg å rette saka der ho er handsama fyrst kan studentombo-det ta opp saka på eit høgre nivå.

På same måte som andre ombod i forvaltninga kan studentombodet og komme med formelle fråsegn. I lokale saker der studentombodet skal gi råd kan eit slikt fråsegn for eksempel komme som ein gjennomgang av saka direkte til studenten. På den måten sikrar studentombodet at det som formidlas vidare frå studenten samsvarer med dei vurderingane studentombodet har tatt. Skriftlige fråsegn bidrar også til å tydeliggjere korleis studentombodet vurderer eit saksområde for framtida.

I alle høve er studentombodet sin primære oppgåve å gi råd til studenten og institusjonen. At studentombodet ikkje kan gjere vedtak bidrar til at kvaliteten i råda blir skjerpa, noko som igjen kan bidra til at det er lettare for både studenten og institusjonen å følgje råda studentombodet kjem med.

Kjelder

Fusjonsplattforma, kapittel 5, tredje avsnitt.
Stortinget, dokument 8:48 S (2017-2018).
Barneombodslova, § 3 første ledd.
Arbeidsmiljølova, § 6-3.
International Ombudsman Association — Code of Ethics

17/0037
To studentar tok kontakt med studentombodet om ein avgangseksamen som var blitt avlyst på grunn av sjuk sensor. Eksamen var flytta til neste semester. Studentombodet forsøkte å få tak i faglæraren som hadde sendt meldinga til studentane om utsett eksamen, men lykkast ikkje i det. Stu-dentombodet sendte så ein SMS til dekanen, som satt i møte. Tre timer seinare hadde dekanen ordna opp i saka og studentane fikk ta eksamen som planlagt. Dei som ev. hadde gjort tilpassingar på grunn av den fyrste meldinga fikk tilrettelegging eller kompensasjon.
17/0058
Ein klasse klaga samla på måten dei blei handsama av ein koordinator og mengda på arbeidskrav på same tid. Studentombodet møtte klassen samla og høyrte med dei korleis dei oppfatta situasjonen. Studentombodet tok så kontakt med einingsleiar og hadde eit møte der ein snakka om korleis saka skulle handsamast. Det blei avtala å ha møte med koordinatoren, einingsleiar, to tillitsvalde frå klassen og studentombodet. Dei tillitsvalde fekk forklare saka si i møtet, og både koordinator og studieleiar fekk forklart si side av saka. Nokre av arbeidskrava til klassen blei i ettertid justert.
17/0063
Ei gruppe studentar tok kontakt med Studentombodet på vegne av klassen etter det dei opplevde som fleire ubehagelige episodar i undervisningssamanheng. Dei meinte læraren var ufin i språket og ikkje respekterte studentane. Etter å ha hatt møte med studentane og fått sendt over eit skriv med skildring frå studentane i klassen tok studentombodet kontakt med einingsleiar for å avklare saksgangen. Det blei etter kvart avklart å gjennomføre referansegruppemøte med einingsleiar og studentombodet til stades. I møtet kom det frem at det var store forskjellar i korleis dei forskjellige partane oppfatta situasjonane.

Tilbake til toppen av sida


Bruk av forvaltningslova og spørsmålet om individuell klagerett

Om studentane har individuell klagerett på gruppeeksamen eller ikkje er ei problemstilling Studentombodet har arbeidd med gjennom heile 2017. Med korrespondanse med både administrasjonen på HVL og Kunnskapsdepartementet, inkludert Kunnskapsministeren sjølv, er Studentombodet kome fram til at det er behov for ei avklaring av korleis forvaltningsretten er innretta.

Av Sindre R. Dueland
Studentombod HVL

For universitets– og høgskulesektoren er dei to mest sentrale lovane som gjeld sakshandsaminga og rettane til studentane forvaltningslova og universitets– og høgskulelova. Forvaltningslova er ei lov som er felles for heile forvaltninga og den gjeld i alle høve der offentlig mynde blir utøvd.

Universitets– og høgskulelova er ei spesiallov som kunn gjeld for høgare utdanning og forsking i Norge. I lova er det gitt føresegn om spesielle sakshand-samingsområder samt om organiseringa av høgsku-lar og universitet, mv. Nokre av føresegna i lova speglar dei generelle reglane i forvaltningslova og andre lovar, mens andre er særreglar som berre gjeld for universitet og høgskular.

Rettanes utgangspunkt

Rettar ein innbyggjar i Norge har kjem til gjennom lovgjeving på Stortinget. Det finst i prinsippet to typar rettar. Den eine gruppa er rettar som ein ikkje treng å kvalifisere seg for. For eksempel er retta til liv i menneskerettane ei slik rett. Denne retta gjeld ikkje berre for norske borgerar, men for alle og ein kvar som er innafor det norske lovgivingsområdet.

Den andre typen rettar er rettar ein sjølv må kvalifisere seg for. Studentrettar er i dei fleste høve slike rettar. Dei gjeld studentar fordi studenten har fått opptak til eit studium eller ein eksamen. Rettar som ein borgar etablerer seg i møte med forvaltninga er rettar ein må kvalifisere seg for. Eit døme er den generelle klageretten i forvaltningslova § 28, som føresett at forvaltninga har handsama ei sak som har eller kunne ha ført til eit vedtak. For å ha rett til å klage må ein òg oppfylle ein del andre kriterier.

Etablering av rettar

Den vanlege måten å skape ein rett på er at Stortinget etablerer retten gjennom ei eller fleire lovvedtak. Det vil seie at det er dei folkevalde på Stortinget som bestemm kva rettar den einskilde borgar i Norge skal ha og ikkje ha. Når Stortinget har bestemt ein rett vil den få verknad for alle som kvalifiserer seg for retten.

Krava om at Kongen må ratifisere lova i statsråd er ikkje så nøye i denne omgang. Det skjer ikkje at regjeringa stoggar lovar i Norge.

Det hendar at ein lovregel kjem i konflikt med ein annan lovregel. Det gjeld òg for rettar som gjeld befolkninga. For at ein skal unngå at det skaper store problem å finne ut kva rett som gjeld til ei kvar tid er det derfor i rettskjeldelæra etabler eit sett med prinsipp som blir kalla kollisjonsprinsippa. Kollisjonsprinsippa er i røynda nokon av dei aller viktigaste prinsippa ein har i høve til tolking av rettstreglar. Ein kan på sett og vis seie at kollisjonsprinsippa er like viktige for tolkinga av rettskjelder som gramatikken er for språket.

Kollisjonsprinsippa

I rettskjeldelæra er det tre kollisjonsprinsipp. Dei gjeld rang, spesialitet og tid. Som i mykje anna juss har dei tre prinsippa latinske namn, for å gjere det litt fjongt. Juristane taler difor gjerne om lex superior, lex specialis og lex posterior.

Lex superior

Prinsippet om rang gjeld først og fremst for tolking av lovar opp mot forskrifter. Det er slik at ei lov gitt av Stortinget alltid går føre ei forskrift gitt av forvaltninga ved motstrid. I tillegg gjeld prinsippet ved tolking av Grunnlova, menneskerettslova og EØS-lova. I Norge er det slik at Grunnlova står over alle andre lovar. I tillegg er menneskerettslova og EØS-lova gitt rang føre andre lover.

Lex specialis

Det andre prinsippet gjeld lovas spesialitet. Det dikterer at ved kollisjon vil den spesielle lova gå føre den generelle. Eit døme er føresegna om sakshandsamingstid i forvaltningslova og føresegna om sen-surfrist i universitets– og høgskulelova. Der den generelle lova seier at saka skal vere avgjort utan ugrunna opphald seier den spesielle innan tre veker. Då gjeld den spesielle lova i det spesielle tilfellet — her sensur på eksamen.

Lex posterior

Prisnippet om tidpunktet for eit lovvedtak fører til at ein ny lov gjeld føre ei gamal lov dersom dei strid mot kvarandre. Vanlegvis blir gamle lovar heva når nye blir vedtatt.

Vekta av kollisjonsprisnippa

Også kollisjonsprisnippa kan kollidere. Då vil lex superior-prinsippet vanlegvis gå føre, mens det må gjerast ei konkret vurdering mellom lex posterior– og lex specialis-prinsippet. Det er ikkje nødvendig å gå nærare inn på dette for å forstå høvet mellom forvaltningslova og universitets– og høgskulelova.

Forvaltningslova i universitets– og høgskulesek-toren.

Forvaltningslova er som nemnt den generelle lova som gjeld for heile forvaltninga. Då lova i si tid blei laga var det ikkje stor begeistring for ho i universitetssektoren. I det heile ville ikkje universitetsmynda at ho skulle gjelde for sitt supersære område. Heldigvis, vil nokon seie, var ikkje Justisdepartementet heilt einig med universitetsmynda på den tida.

Justisdepartementet meinte at den nye forvaltningslova skulle gjelde i alle høve for forvaltninga. Om den ikkje skulle gjelde kunne ein gjere unntak i einskilde tilfelle. Unntaka er som ein sikkert forstår ut i frå det føre lex specialis-lovar. Det er fleire unntaks-lovar frå forvaltningslova, men i denne omgang treng me berre tenkje på universitets– og høgskule-lova.

Klageretten sin utgangspunkt

Den alminnelige klageretten er stadfesta i forvaltningslova § 28 fyrste ledd. Det er både ein part og ein kvar med rettsleg klageinteresse som har klage-rett etter forvaltningslova. Ein part er ein kvar som ei avgjersle rettar seg mot, eller som ei sak elles direkte gjeld.

Unntak

Den generelle forvaltningslova gjeld i alle høve i forvaltninga utanom der det er gjort unnatak. Men om ein les forvaltningslova nøye finn ein at det er mogleg å gjere unntak òg i forskrift. Altså utan at Stortinget sjølv må vedta ei spesiell lov.

Når det kjem til forskrift til forvaltningslova er det to særlege ting som gjer seg gjeldande. For det første er det i utgangspunktet Justisdepartementet som kan gjere unntak i form av forskrift. For det andre er det ganske snevre rom for å gi forskrifter med unnatak.

Unnatak frå klageretten

Forvaltningslova gir i seg sjølv rom for å gjere unntak frå klageretten. I § 28 fjerde ledd er det fastslått at Kongen kan gjere unntak frå klageretten på særskilde saksområder. Denne retten er igjen regulert av neste setning, som seier at det må vere tungtvegande grunner som talar for slikt unntak.

Når ein jurist skal prøve å finne ut kva tungtvegande grunner i ei lov betyr vil ho alltid sjå til førearbeida. Førearbeida er Stortinget sin føresetnad for å vedta ei lov slik ho er skriven. I førearbeida til forvaltningslova er det skildra et tungtvegande grunnar inneber at klagereglena må være svært vanskelig å praktisere og at det er svært vanskelig å gjere slikt unntak i ei særlov. Det er òg gitt rom for unntak om arbeidsmengda blir så stor at forvaltninga ikkje mak-ter å gjere dei oppgåvene dei elles skal gjere.

Unntaket i forvaltningslovforskrifta

I forvaltningslovforskrifta § 32 er det gjort unntak for bedømming av prøve, eksamen, mv. Der står det at dei berre kan klagast på etter dei særskilde reglane som er eller blir fastsatt i forskrift.

Når forvaltningslovforskrifta blei vedtatt av Kongen i statsråd meinte Justisminister Storberget i sitt føredrag for statsråd at det ikkje var gitt forskrifter som avveik frå forvaltningslova utan at dei var heimla i anna lov. I røynda vil det seie at forskrifta sin § 32 ikkje var nødvendig. Det var likevel ynskjeleg å behalde føresegna som ein sikkerheitsventil i tilfelle det skulle dukke opp problemstillingar som ikkje var løyst.

Unntak for gruppeeksamen etter forvaltningslov-forskrifta § 32

Eit mogleg tilfelle kor det kunne vere høve til å nytte ei slik sikkerheitsventil er der klageretten på gruppeeksamen ikkje er klar. Om § 32 kunne nyttast ville ein så klart kunne ta frå den einskilde student klageretten på gruppeeksamen.

Forvaltningslovforskrifta § 32 kan derimot bare nyt-tast på same måte som forvaltningslova § 28 fjerde ledd. Altså om klageretten er svært vanskeleg å praktisere og det er like så vanskelig å lovfeste eit unnatak.

I høve klageretta er det gitt ikkje mindre enn tre heilt nye lover om universiteta si verksemd sidan forvalt-ningslova blei vedteken. Det er òg gitt særlege føresegn om klageretten på munnleg eksamen. Det slår bein under eit kvart forsøk på å hevde at det ville vore vanskeleg å gjere unnatak i lovs form. Soleis er det ikkje rom for å gi eigne forskrifter om klageret-ten på gruppeeksamen med heimel i forvaltningslova § 28 fjerde ledd.

Ordlyden i universitets– og høgskulelova

I universitets– og høgskulelova § 5-3 (4) fyrste setning er det stadfesta at ein kandidat kan klage skriftleg over karakteren over sine eigne prestasjonar.

Ordlyden i § 5-3 (4) fyrste ledd gjer nokre inngrep i klageretten. For det fyrste hindrar den andre med rettsleg klageinteresse å klage. For det andre stadfes-tar den at det er eigne, og ikkje andre sine, prestasjo-nar sin bedømming det kan klagast på. At klageretten blir avgrensa er altså heimla i føresegna i § 5-3 (4) fyrste setning.

Høve til å klage på samla vurderingar

Slik § 5-3 (4) fyrste setning er bygd opp er det klart at ein ikkje kan klage på vurderinga av andre sine prestasjonar. Samstundes har ein rett til å klage over vurderinga på eigne prestasjonar. Når desse omsyna kolliderer må ein sjå til dei andre føresegna i forvaltningsretten, først og fremst forvaltningslova.

Kandidaten som kan klage er ein kvar person som vedtaket rettar seg mot. Om denne personen sin rett til å klage skal avgrensast i spesiallovgivinga må det vere klare føresegner for det. I dag manglar universitets– og høgskulelova slike klare føresegner. At ein ikkje kan klage på karakteren på andre sine presta-sjonar vil for gruppeeksamen sin del berre bety at eit eventuelt nytt karaktervedtak berre vil gjelde for klagar.

Kunnskapsministeren sjølv har òg stadfesta at Stor-tinget truleg aldri har meint å frata den einskilde student klageretten på gruppeeksamen. Det er i så måte klart og tydelig at einskildstudentar har rett til å klage på gruppeeksamen slik lovverket er i dag.

Kjelder

Forvaltningslova §§ 2 og 28.
Universitets– og høgskulelova § 5-3 (4).
Forvaltningslovforskrifta § 32.
Ot.prp.nr.38 (1964-1965)
Foredrag til statsråd 15. desember 2006 nr. 1456.
Eckhoff (2001) Rettskildelære.

Tilbake til toppen av sida


Arbeidskrav — den ulovfesta vilkårslæra

Arbeidskrav er alle faglege vilkår institusjonen sett for at ein student skal kunne gå opp til eksamen, som ikkje er ein føresetnad for å melde seg opp til eksamen i utgangspunktet. Det kan vere innleveringar, oppmøte i undervisning, deltaking på ekskursjonar, framsyning av prosjekt, etc.

Av Sindre R. Dueland
Studentombod HVL

Arbeidskrav er ikkje direkte regulert i korkje universitets– og høgskulelova eller forvaltningslova. I sin natur er arbeidskrava vilkår institusjonen sett for at ein student skal kunne gå opp til eksamen. Slike vilkår blir vurdert etter den ulovfesta vilkårslæra i forvaltningsretten. Det kan by på utfordringar for både studenten, faglæraren og sakshandsamaren at ram-mene for arbeidskrav er ulovfesta. I denne artikkelen vil eg difor belyse nokre av dei føresetnadene som ligg til grunn for at eit vilkår skal vere lovleg.

Heimel for å sette vilkår

I forvaltningsretten opererer ein med ei føresetnad om at forvaltninga har lov å setje vilkår for eit enkeltvedtak med mindre det er gjort forbod mot det eller den som søkjer om vedtaket har rett på det. I nokre lovar finn ein eksplisitt heimel for å setje vil-kår. For universitets– og høgskulesektoren sin del er det gjort ein føresetnad i universitets– og høgskulelo-va § 3-10 (1) om at studenten må tilfredsstille «andre krav» for å få gå opp til eksamen. Dei andre krava er i så måte vilkår institusjonen kan stille for den ein-skilde student sin rett til å gå opp til eksamen.

Kva vilkår som kan stillast overfor institusjonen sine eigne studentar for å gå opp til eksamen er ikkje regulert i universitets– og høgskulelova. I universitets– og høgskulelova § 3-10 (2) er det derimot ei ytterligare presisering av at kandidaten kan nektast å gå opp til eksamen om ho ikkje har følgd «obligatorisk undervisning» eller om ho ikkje har «gjennomført obligatorisk praksis». Denne føresegna er meint å regulere sokalla privatistar sin moglegheit til å ta eksamen. Privatistar er personar som tek eksamen ved ein institusjon utan å vere tatt opp som student til det studium emnet høyrer til.

Føresegna i andre ledd er nærare forklart i førearbeida til universitets– og høgskulelova av 1995. Det er same føresegn som er vidareført, så desse førearbeida er høgst relevante òg for tolking av universitets– og høgskulelova som gjeld i dag. I Ot.prp.nr.85 (1993-1994) står det at:

Punktet er en presisering av innholdet i retten til å gå opp til eksamen uten å være opptatt som student, når det gjelder hvilke vilkår utover opptakskravene som kan settes. I studieplanen fastsettes hvilke obligatoriske kurs, oppgaver, praksis m.m. som inngår i studiet og som må være oppfylt for å kunne gå opp til eksamen. For at en obligatorisk del av under-visningen skal kunne anses som et krav som må være oppfylt for å kunne gå opp til eksa-men som privatist, er følgende kriterier avgjørende:

  • kurset, oppgaven, praksisopplæringen el. gir i seg selv en vesentlig kompetanse (ferdighet) som er en del av formålet med utdanningen
  • denne kompetansen kan ikke prøves ved ordinær eksamen.

Eksempel på slik obligatorisk undervisning vil være praktiske laboratoriekurs, de kliniske deler av medisinerutdanningen og annen praksisopplæring i utdanninger for yrker der omsorg for og kontakt med pasienter, klienter, elever oa. står sentralt.

Dette gjeld berre for personar som vil ta eksamen utan å vere tatt opp som student; altså privatistar. At det er gitt eigne rammer for denne gruppa av kandidatar kan likevel vere relevant i høve til kva krav som kan stillast til eigne studentar. Krava kan ikkje vere så ulike mellom dei to gruppene at det blir snakk om usaklig forskjellshandsaming.

Vilkårslæra og grenser for vilkår

Vilkårslæra i forvaltningsretten sett rammene for korleis ein kan utforme eit vilkår. Graver (2015) sy-nar fleire føresetnader for vilkåra. Alle føresetnadene må vere oppfylte for at eit vilkår skal vere gyldig.

Vilkåret er innanfor rammene av lova. Det gjeld både den lova vilkåret er heimla i og andre lover som måtte gjelde.

Det må vere saklig samanheng mellom vedtaket vilkåret skal syte for. Ein kan til dømes ikkje stille som vilkår for å gå opp til eksamen i norsk litteraturhisto-rie at kandidaten klarer å symje 200 meter på under fem minutt. Dei fleste vilkår ein sett i høgre utdan-ning er formålsorienterte og det er soleis ikkje denne føresetnaden det blir synda mest mot.

Til sist må vilkåret stå i høve til vedtaket det skal syte for. Vilkåra må ikkje vere urimelige. Til dømes kan ein ikkje krevje at ein kandidat skal få alt riktig på ein prøveeksamen i matematikk om kravet for å bestå eksamen berre er 40 % riktig.

Kva som er riktige høve må vurderast konkret. Det viktige er at gjennomsnittsstudenten skal ha ein rea-listisk mogleik til å oppfylle vilkåret og at vilkåret i alle høve ikkje er strengare enn krava for å få vedtaket. Samstundes er det ikkje til hinder for at vilkåret i seg sjølv er svært strengt. Ein sjukepleiestudent må til dømes godta eit vilkår om 100 % riktig i medika-mentrekning.

Lovlege vilkår

Vilkåra må vere i samsvar med norsk rett. Nærast står ein til universitets– og høgskulelova. Eit aktuelt døme er høvet til universitets– og høgskulelova § 7-1 (1), det sokalla gratisprinsippet. I dag er det slik at fleire av vilkåra høgskulen sett strid med gratisprisnippet. Då har ein i fleire tilfelle opna for alternative vilkår. For eksempel har ein på faglærarutdanninga i kroppsøving og idrettsfag emnar der det er obligatoriske studieturar. Slike krav er ikkje i samsvar med gratisprisnippet. Då har ein alternative vilkår, som ein kallar kompensasjonsoppgåver.

Når ein kompenserer eit vilkår med eit anna alternativt vilkår fordi det opphavlege vilkåret ikkje er inna-for rammene av lova må ein sikre seg at det alternati-ve vilkåret oppfyll alle lovmessige krav. Mellom anna i høve til gratisprisnippet. Ein kan for eksempel ikkje krevje som kompensasjon for ein betalt studietur at studenten sjølv tek seg til fjells dersom det i røynda vil krevje at studenten bruker pengar på å tilfredsstille det alternative kravet.

At vilkåra må vere i samsvar med lovgjevinga strekk seg lenger enn berre til universitets– og høgskulelova. Til dømes vil deltaking i religiøse aktiviteter som bønn og salmesynging ikkje vere lovlege arbeidskrav i religionsfag og framføring av politiske bodskap vil ikkje vere lovlege arbeidskrav i samfunnsvitskap. Grensa for høvet til andre lovar må trekkjast klart opp. Det er til dømes greitt om en krevjar at studenten er til stades under bønn og salmesynging, eller synar politiske bodskap som del av ein analyse. I desse døma ligg forskjellen i at studenten sjølv slepp å stå til inntekt for ytringane.

Sakleg samanheng

Den saklege samanhengen mellom vedtaket og vilkåret inneber i universitets– og høgskulesamanheng ein av to ting. For kandidatar utan opptak og for studen-tane ved institusjonen gjeld at vilkåra kan stillast for å godtgjere kunnskapar som ikkje let seg undersøkje ved eksamen. Til dømes kan dette vere som nemnt i førearbeida; laboratoriekurs, klinisk undervisning eller praksis. Sistnemnte er særlig utbredt ved Høgskulen på Vestlandet.

For studentar ved institusjonen antar Bernt (2016) at det er mogleg å stille strengare vilkår for å helda på studieplassen, men ikkje for å gå opp til eksamen. Bernt meiner det er mogleg å stille krav om studiedeltaking av studiekvalitetsomsyn. Eit slikt syn vil i røynda stille studentane ved institusjonen likt som kandidatane i høve til eksamen men elles vil dei ha ulike rettar.

Det er lite i universitets– og høgskulelova som støttar eit slikt syn. Reglane for avslutting av studentane sitt studieløp er i all hovudsak knytt til manglande progresjon, fusk, skikkavurdering, lovbrot eller manglande innbetaling av semesteravgift. Slik lova er utforma i dag opnar den ikkje for å avslutte studieløpet til ein student dersom studenten ikkje møter på ein undervisningsaktivitet som ikkje er heimla som vilkår for å gå opp til eksamen. Å gje forskjellige vilkår for institusjonens eigne studentar og privatistar vil vere vanskelig å heimle i lova.

Rimeleg eller ikkje

Vilkåra må vurderast i høve til ei rimelegheitsvurdering som tek utgangspunkt i kva som er rimelig for normale personar i den aktuelle situasjonen. Eit vilkår kan opplevast som urimelig for allmenta og likevel vere rimelig i den einskilde situasjonen. Til dømes kan det vere krav om fysiske eigenskapar ved enkelte utdanningar som ikkje er realistiske for folk flest.

Kva som er rimeleg vil ofte vere knytt til kva som er i samsvar med norsk lov. Til dømes vil det vere ri-meleg å krevje at ein nautikkstudent har fargesyn, sjølv om det er diskriminerande. Lovverket om diskriminering opnar for at diskriminering kan skje dersom det er saklig. I høvet til nautikkstudentar sitt fargesyn vil det vere lovleg å diskriminere fargeblinde. Det vil derimot ikkje vere rimelig å krevje Ishihara-test som einaste vilkår der STCW-konvensjonen sitt krav til fargesyn er oppfylt med vilkår som ikkje er like strenge som Ishihara-testen.

I høve til idrettsutdanningane der det er satt vilkår om deltaking på studieturar må dei alternative vilkåra ikkje berre vere innafor rammene av gratisprisnippet; dei må òg vere rimelege. I nokre høve har det blitt satt vilkår om at studenten må gjennomføre ei oppgåve med fleire andre personar. Eksempelvis at studenten sjølv må finn fem personar som studenten skal undervise i ein aktivitet utandørs. Eit slikt vilkår vil ikkje vere rimeleg. Om fagmiljøet sjølv stiller med fem frivillige tilsette vil derimot vilkåret straks bli rimelig.

Når vilkåret blir ein del av vedtaket

Vilkåret er i seg sjølv ikkje ein del av vedtaket. I nokre høve vil det derimot være så nær samanheng mellom vilkåret og vedtaket at vilkåret i røynda er ein del av vedtaket. Eit døme var på eit emne Studentombodet blei merksam på der det var satt som vilkår for å få bestått praksis at ei obligatorisk innle-vering var godkjent av faglærar. Oppgåva var ei teoretisk oppgåve som kunne vurderast uavhengig av praksissituasjonen.

I saker der vilkåret og vedtaket begge leiar frem til det same resultatet, her i form av uttrykket «bestått», «greidd» eller «godkjent» vil det i røynda vere to separate kumulative vurderingar av studenten sin faglege kompetanse. Sjølv om emneplana skildrar ei slik oppgåve som vilkår er det i røynda ein deleksa-men og soleis ein del av vedtaket.

Endring av vilkår

Vilkår kan lempast, dersom det ikkje er satt av omsyn til tredjepart. For eksempel kan i teorien alle vilkåra for å gå opp til eksamen i eit emne som ikkje er omfatta av ei rammeplan endrast til fordel for stu-denten. Med fordel meiner ein i forvaltningsretten at det blir mindre byrdefullt for studenten.

Om det ligg føre tredjepartsinteresser kan ein ikkje endra vilkåret utan vidare. For universitets– og høgskulesektoren kan tredjepartsinteressane komme til uttrykk gjennom rammeplanar og andre na-sjonale eller felles føringar for utdanninga.

Ein kan i utgangspunktet ikkje endra eit vilkår til skade for ein part. På høgskulen er det for eksem-pel forskriftsfesta at timeplanen skal vere kunn-gjort innan ein fast frist. I dag er denne fristen 15. desember for vårsemesteret og 15. juni for haustsemesteret. Obligatorisk undervisning skal vere kunngjort innan desse fristane. Om ein vil endre på tidspunkta for obligatorisk undervisning etter den-ne fristen må ein gjere det i samråd med dei som har fått vilkåret rett mot seg. I røynda den einskilde studenten.

At ein ikkje kan endre eit vilkår til skade for ein student etter at vilkåret er satt er ikkje til hinder for å gjere tilpassingar på grunn av force majeure hen-dingar. Om ein kjem i ein situasjon kor nasjonale retningslinjer krev at studentane deltek på ei øving eller gjennomfører ein aktivitet må dei faktisk fylje det kravet. Skulle faglærar bli sjuk slik at kravet ikkje kan fyljast opp må studentane finne seg i at undervisninga blir flytta. Om kravet derimot er satt lokalt og det ikkje ligg føre nasjonale føringar som grunngjev kravet vil det vere vanskelig å legge opp til ny gjennomføring. Utgangspunktet vil då vere at kravet må lempast, med mindre det er fagleg uforsvarleg.

Vilkåra bør i alle høve vere knytt til vurderinga på ein slik måte at det bør vere fagleg uforsvarlig å ikkje gjennomføre vilkåret. Det er derimot ikkje alltid slik i røynda.

Vilkår på 1-2-3

Vilkår for å gå opp til eksamen skal vere handlingar ein ikkje kan prøve på eksamen. Vilkåra må vere innafor norsk rett elles og kan ikkje vere uri-melege. Dei må òg ha sakleg samanheng med em-net dei inngår i.

Endring av vilkår kan berre skje om tredjepartsinteresser talar for det, endringa skjer til gunst for studenten eller endringa er grunngjeve i force majeure hendingar.

Kjelder

Bernt (2016) Universitets– og høyskoleloven.
Graver (2015) Alminnelig forvaltningsrett.
Universitets– og høgskulelova §§ 3-10 og 7-1.
Ot.prp.nr.85 (1993-1994).

17/0040
Studentombodet fikk ein sak frå ein stu-dent som hadde strøket på et arbeidskrav i praksis. Arbeidskravet var ein skriftlig innlevering som skulle vurderas uavhengig av andre aktivitetar i praksis. Studentombodet gjorde undersøkingar med utdanningsleiaren til studenten og studenten sjølv.

Det blei etter kvart etablert at arbeidskravet i realiteten var ein eksamensdel då karakteren i emnet var bestått / ikkje bestått og karakteren på arbeidskravet i røynda var det same. Studenten fekk derfor klage etter reglene for klage på karakterfastsetting. Det enda med at studenten fikk bestått praksis.

Tilbake til toppen av sida


Statistikk for sakshandsaminga


Sakshandsaming er Studentombodet sin primæroppgåve. I mandatet til ombodet er det gitt tre særskilde føresegn om saksarbeidet.

Studentombodet har ansvar for å gi studentane råd og hjelp i saker der studentane sjølv ber om hjelp.

Studentombodet skal sjå til at sakene blir handsama forsvarlig og korrekt.

Studentombodet skal sjå til at studentane sine rettar blir teke vare på.

Statistikken dekkjer så godt som mogleg saksbildet for den nyoppretta studentombodstenesta ved HVL.

Tilbake til toppen av sida


Saksfordeling

Studentombodet ved HVL har vore i funksjon sidan 15. mars 2017. I løpet av 2017 har det blitt registrert 130 saker hjå studentombodet. Av dei er det sju saker som er eigenoppretta og 123 som har kome til Studentombodet frå andre. Per 31. desember 2017 var 111 av sakene avslutta, mens 19 fortsatt var opne ved årsskiftet.

Saksmengda totalt

Mengda med saker som har kome inn til studentombodet ved HVL er samla sett som forventa. Til samanlikning blei studentombodet på HiOA kontakta 159 gonger mellom januar og desember då studentombodet var nytt der i 2015.

Allereie første månaden fekk studentombodet tre saker og tolv saker månaden etter. I startfasen var det i hovudsak snakk om saker der dei studenttillitsvalde hadde formidla til studentane sakene gjaldt at HVL hadde fått studentombod. To av sakene kom frå studentar som sjølv hadde lest at HVL hadde fått studentombod.

Som ein kan sjå av grafen under var det i løpet av dei første månadene få saker som kom inn til Studentombodet per månad. Frå hausten tok saksmengda seg noko opp før den sank igjen i desember. I all hovudsak føljer saksmengda undervisningsåret og sensurtidspunkta.

Saksfordeling per månad

Toppen i september kan skyldast at Student-ombodet i september var ein del rundt om på HVL for å gjere ordninga kjent. I startsfasa har det vore viktig for ombodet å vere kjent blant dei studenttillitsvalde og studieadministrasjonen rundt om på dei forskjellige læresteda. Det kan synes som om det har medverknad på når saker kjem inn.

Framsyning

Saksmengda fordelt på månader har vore som forventa, men den totale mengda med saker kunne vore større. Eit forbetringspotensiale ombodet ser ut frå eigen statistikk er at det må leggast ned meir arbeid i å kommunisere til studentane at HVL har tilbod om studentombod.

I forbindelse med toppen i september marknadsførte Studentombodet eit kurs i studentrettar på Facebook og læringsplattformene. Å nytte Face-book som marknadsføringskanal fungerte forholdsvis greitt på det tidspunktet. Etter nyttår har Facebook endra korleis ein får ein post opp i eigen nyheitsstraum. Det som fungerte godt i september vil difor neppe fungere like godt igjen, utan at marknadsføringskanalen blir endra eller tilpassa nye tekniske hindringar.

Bruk av læringsplattforma ser ut til å ha fungert greitt, men det er utfordringar knytt til å nytte fire forskjellige læringsplattformar på same tid. Det er truleg noko som vil betre seg frå haustsemeste-ret 2018, når Canvas blir eins for alle studentane på HVL.

Fordeling av saker per campus

Det har i løpet av 2017 kome inn saker frå alle campus bortsett frå Florø. Som statistikken syner er det klart flest saker som kjem inn frå Campus Bergen etterfølgd av Campus Sogndal. Ein del av sakene som kjem inn til Studentombodet er av ei slik karrakter at det ikkje er vesentlig å kjenne til kva campus saka stammer frå. Om studenten som melder saka ikkje har opplyst kva campus han eller ho studerer på vil saka då bli registrert som ukjent.

Av statistikken kan ein sjå at det er registrert 30 saker som «felles». Dette er saker som gjeld meir enn ein campus, gjeld for studentane eller Studentombodsordninga generelt eller er av prinsipiell karakter. Her finn ein mellom anna alle dei sju eigenoppretta sakene, alle høyringar og ein del saker som kjem frå Studenttinget.

Saksfordeling per campus

Regionfordeling

Om ein ser på regionfordelinga er det kome inn 48 saker for tidlegare HiB, 26 for tidlegare HiSF og 18 for tidlegare HSH. Det er ikkje stort nok datagrunnlag til å kunne seie noko om kvifor fordelinga mellom reginonane er som statistikken syner. Det som derimot er klart er at forskjellane mellom regionane i forhold til studenttallet foreløpig ikkje tyder på at fordelinga er problematisk.

Stord og Haugesund

Mellom Campus Stord og Campus Haugesund er det ein viss ubalanse i saksmengda. Det kan ha noko med måten ein har organisert studentdemokratia i regionen. Historisk har studentdemokratiet handtert spørsmål om studentane sine rettar, og det er forventa at dei har ein viss basiskompetanse om slike spørsmål. Hausten 2017 var begge dei to tillitsvalde i arbeidsutvalet til Studenttinget i regionen plassert i Haugesund.

Studentombodet fekk og ganske tidlig god kon-takt med studieadministrasjonen på Stord. Studentane på Campus Stord har kunne finne kon-taktinformasjonen til Studentombodet i resepsjonen og har fått råd om å undersøke rettane sine med Studentombodet av studieadministrasjonen ved fleire høve.

Framsyning

Det kan synast som om måten ein har marknads-ført Studentombodet på Stord er ei god måte å skape kontakt med studentar som treng hjelp frå Studentombodet. Av dei sakene ombodet har fått er det ikkje nokon som har vore av ein slik karak-ter at dei ikkje burde vore vist til Studentombodet. Fordelinga av saker er elles som forventa og det er lite lærdom å ta av statistikken om fordeling av saker på campus.

Handsamingsmåte

For kalenderåret 2017 har Studentombodet gruppert saker etter om dei er avvist, avslutta grunna inaktiv meldar, svart på kort eller handsama meir eller mindre omfattande. I tillegg er eigenoppretta saker ført som eigen handsamingsform.

Handsamingsmåte 1

Handsamingsmåte 2

Avvist og inaktiv

I saker kor meldar er inaktiv men det har skjedd ei form for aktivitet innleiingsvis vil saka bli ført som inaktiv når meldar ikkje har følgd opp saka hjå ombodet over lengre tid. Det vil vanlegvis ta to til fire veker før ei sak blir ført som avslutta grunna inaktiv meldar.

I statistikken over sakshandsamingstid er det lagt til grunn ein annan måte å rekne sakshandsamingstida, der ein inaktiv meldar ikkje fører til at sakshandsamingstida blir lengre enn den reelle sakshandsaminga.

At ei sak er avvist inneber at meldar har fått ei melding med tilvising av kor saka kan meldast eller at saka er avvist fordi den fell klart utanfor mandatet til Studentombodet. Saker som blir løyst før Studentombodet rekker å svare på ho eller rekker å sette i gang med føreundersøkingar blir ført som avvist hjå Studentombodet.

For 2017 var det kunn ei sak som blei avvist fordi ho ikkje var innanfor mandatet. Dei resterande 15 sakene var enten løyst før ombodet rakk å byrje på saka eller dei blei avvist med tilvising til rette stad.

Blant dei sakene som blei avvist med tilvising finn ein òg saker som ikkje er blitt tilvist til ein person, men til HVL sine nettsider.

Saker som blir svart på

Dei fleste sakene Studentombodet får blir svart på enten munnleg eller skriftleg. Det er ein del variasjon i måten ei slik sak blir handsama hjå Stu-dentombodet og kva omfang sakene har.

Ei sak som blir svart på munnleg kan til dømes bli svara på i telefonsamtale med studenten. Det vil då oftast dreie seg om saker som kan avkla-rast med ei kort undersøking av dei praktiske og juridiske høva. Om saka synes omfattande får meldar beskjed om å sende ein e-post, og saka blir overført til «handsaming».

Saker som blir svart på under denne kategorien kan òg komme inn på e-post eller Facebook. Det er i så fall tale om saker som ikkje treng utdju-past eller undersøkast nærare.

Saker som krev undersøking av juridisk kilder utan nærare skildring av fakta hamnar i denne kategorien. Saker som krev nærare avklaring av fakta blir ført under kategorien «handsama».

Handsama

Saker som vert handsama med undersøkingar av fakta og der det er behov for møter mellom meldar(ane) og Studentombodet eller der Studentombodet har behov for å undersøke med andre tilsette eller einingar på og utanfor HVL vil bli ført i denne kategorien.

Eigenoppretta

Til sist har studentombodet ein eigen kategori for saker som er oppretta av Studentombodet sjølv. Dette er saker som vanlegvis stammer frå andre saker og der Studentombodet enten ser behov for å registrere ein trend eller det er behov for ei generell avklaring. Av dei sju eigenoppretta sakene er det berre to som var avslutta per 31. desember 2017.

17/0064 og 17/0065
Ein student la Studentombodet i kopi på ein e-postkorrespondanse kor studenten søkte om fritak frå ein arbeidskrav. Studenten fekk fritak frå arbeidskravet utan at Studentombodet føretok seg noko.

Saka blei ført som «avvist».

På bakgrunn av saka blei Student-ombodet merksam på at det var utydelig kva som var obligatoriske arbeidskrav i emneskildringa. Studentombodet oppretta difor ei eiga sak for å følgje med på korleis obligatoriske arbeidskrav er skildra i emneskildringane ved HVL.

Denne saka blei ført som «eigenoppretta».

17/0046
Studentombodet blei kontakta av ein student som hadde søkt om opptak på ein mastergrad der det var krav om fagleg fordjuping. Kravet kom ikkje frem på HVL sine sider, eller i annan informasjon frå HVL.

Studentombodet undersøkte kravet i samsvar med mastergradsforskrifta og ev. spesifikke krav frå NOKUT. Det kom frem av dokument studenten ikkje hadde fått tilgang til at kravet var reelt og saklig grunngjeve.

Studenten blei etter gjennomgangen vist til klagenemnda.

Saka blei ført som «handsama».

Sakstypar

Saker som er registrert i 2017 er delt inn i ti hovudkategoriar og ein restekategori av studentombodet. Kva kategori ei sak blir plassert i er ei skjønnsvurdering.

Kategorianne Studentombodet har nytta i 2017 er avklaring av rettar; eksamen, sensur og klage; arbeidskrav og vilkår; eigenbetaling; læringsmiljø; praksis; opptak og innpass; kurs; tilvising; og høyring. I tillegg er saker som ikkje naturleg fell inn i dei andre kategoriane plassert i samlekategorien anna.

Sakstypar

Avklaring av rettar.

Saker som gjeld dei juridiske rettane til studenten blir plassert i denne kategorien. I dei fleste sakene er det tale om spørsmål om kva rettar som gjeld for den einskilde student, kor ein finn dei eller korleis forskjellige rettar heng saman.
Avklaring av rettar er ein av kjerneoppgåvene til Studentombodet og ikkje uventa er dette ein ganske stor kategori saker. At det er mange saker av denne typen kan òg ha med å gjere at det har vore eit behov for å få ei forklaring på kva rettar som gjeld på forskjellige vanlege saksområder for studentane.

Eksamen, sensur og klage

Saker som direkte gjeld eksamen, sensur og klage blir plassert i denne kategorien. Det er gjort eit skilje mellom saker der ein student har spurt om generelle rettar knytt til eksamen og saker om ein-skild eksamen. Fyrstnemnte blir kategorisert i førre kategori mens dei sakene som gjeld ein einskild eksamen blir plassert i denne kategorien.

Det har vore naturlig å samle alle saker som gjeld eksamen, sensur og klage i same kategori for å syne dei sakene som gjeld vurderingssituasjonen ved HVL.

Også andelen av saker i denne kategorien har vore etter forventinga. Saker om eksamen betyr mykje for den einskilde student, og spesielt i saker om klage på formelle feil opplever Studentombodet at det har vore bra for studentane å ha tilgang på juri-disk bistand hjå Studentombodet.

Arbeidskrav og vilkår

Alle saker som gjeld vilkår for å gå opp til eksamen og som ikkje fell inn under andre kategoriar er plassert i denne kategorien. Felles for sakene om arbeidskrav er at dei i tillegg til å verte prøvde i høve til heimlingsgrunnlaget i lov og forskrift òg blir vurdert etter den ulovfesta vilkårslæra.

Saker om arbeidskrav og vilkår kan vere vanskelige. Det er mellom anna ikkje alltid tydelig om det er heimel i emneskildringa til å krevje arbeidskravet, det er alternative arbeidskrav, arbeidskravet strid med vilkårslæra eller arbeidskravet kan i røynda vere ein deleksamen.

Det har ikkje vore så mange saker om desse problemstillingane som venta.

Eigenbetaling

Studentombodet opplevde i 2017 at det begynte å komme inn så mange saker om eigenbetaling at det fortente å bli ein eigen kategori med saker. Sakene som er registrert under denne kategorien gjeld alle høvet til universitets– og høgskulelova § 7-1 (1).

At det har kome ein del spørsmål om eigenbetaling har vore naturleg etter at det har vore ein del merksemd om dette temaet i media i 2017. I dei fleste sakene Studentombodet har handsama om eigenbetaling er eigenbetalinga innafor rammene av universitets– og høgskulelova.

Saker om arbeidskrav som kompensasjonsoppgåve for studieturar med eigenbetaling er plassert i kategorien for arbeidskrav og vilkår.

Læringsmiljø

Saker om læringsmiljø gjeld undervising, tilrettelegging, mobbing, etc. Det har vært fleire saker innan denne kategorien enn forventa. Nokre av sakene som er handsama tyder på at det har vore eit behov som har loge latent og venta på å bli handsama.

Praksis

Studentombodet har mottatt fleire saker med spørs-mål om rettar knytt til praksis. Det gjeld både i forbindelse med tilrettelegging av praksis og klage på resultatet av praksis.

Praksisvurderinga er ein svært ugunstig situasjon for studenten sin moglegheit til å hevde eigne rettar. I praksis er studentane ofte åleine og har ikkje alltid moglegheit til å støtte seg på andre om det skulle oppstå ueinigheit om kva som har hendt.

Studenten blir ofte vurdert av ein person aleine og sjølve vurderinga er gjerne knytt til studenten som person. For studentane kan det vere svært hardt å få ei negativ tilbakemelding i praksis. Det blir ikkje lettare om tilbakemeldinga kjem frå ein person dei ikkje kjem godt overeins med, og det blir ikkje betre av at dei i røynda har svært dårlege klagemoglegheiter og sviktande rettstryggleik.

Studentombodet sin oppgåve i forbindelse med klager på praksis er å rettleie studenten i kva rettar ein faktisk har. Ved fleire høve har ombodet vist til at studentane kan klage på formelle feil ved vurderinga. Feila kan vere knytt til handsaminga ev ein tvist i praksis eller ved sjølve grunngjevinga for ikkje bestått praksis.

Opptak og innpassing

Saker om opptak og innpassing gjeld opptak frå ba-chelor til master og innpass av emne studenten har fullført ved annan institusjon. Studentombodet hadde ingen forventing om mengda med saker i denne kategorien.

Kurs

Studentombodet har fått ein førespurnad om å gi opplæring i løpet av 2017. Den blei etterkome. Studentombodet har elles gjennomført fleire generelle kurs. Dei generelle kursa er ikkje ført som eigne saker.

Tilvising

Saker om tilvising er saker der Studentombodet har fått ein førespurnad om hjelp frå nokon andre enn den som sjølv treng hjelp. Slike førespurnader har kome både frå tilsette og studenttillitsvalde.

Sakene blir ført som tilvising for å syne at det ikkje er snakk om arbeid frå Studentombodet si side. I oversikta over handsamingsform er dei førte som «avvist».

Høyring

Studentombodet har i 2017 hatt tre saker om høyring. I to av sakene enda ombodet med å ikkje skrive fråsegn. Den eine av dei to sakene gjaldt forbodet om bruk av ansiktsdekkande plagg.

I forbindelse med dei andre lovendringane i universitets– og høgskulelova skreiv dei tre studentomboda i Bergen samla fråsegn.

Anna

Andre saker Studentombodet har handsama hamner i samlekategorien «anna». Her finn ein mellom anna saker som handelar om feil ved vitnemål, spørsmål om studiestøtte, spørsmål om honorar, klage på innsynskrav, etc.

Kategorien anna var for 2017 venta å vere omfattande. Nokre av sakane som er ført i denne kategorien kunne moglegvis òg vere ført i andre kategoriar. At anna er blitt ein såpass stor samlekategori dette året skyldast i hovudsak at ordninga med studentombod har vore ny av året og at ein treng noko tid på å finne gode og riktige kategoriar.

Handsamingstid

Studentombodet si handsamingstid er basert på saker som er avslutta. Det vil ikkje vere mogleg å trekke solide konklusjonar basert på dei opp-lysningane ein har om sakshandsamingstida før tenesta har vore gjennom eit heilt kalenderår med inngåande og utgåande opne saker.

På nokre områder vil sakshandsamingstida vere knytt til høve ved saka. For eksempel er det klart at saker som gjeld den einskilde eksamen må handsamast slik at saka ikkje blir nyttelaus. Det same gjeld saker det studenten ber om hjelp i forbindelse med klage og det er definert ein klar klagefrist.

Saker som gjeld høyring blir ført som starta i det høyringa tek til og avslutta når høyringa blir levert. Det vil seie at det ikkje nødvendigvis skjer noko saksarbeid gjennom heile den regist-rerte saksgangen. Gjennomsnittleg sakshand-samingstid på slike saker vil difor vere lenger enn det som trengst på saka. Det har i røynda ikkje noko å seie for korkje saka eller kvaliteten på høyringssvara.

Handsamingstid 1

Handsamingstid 2

Handsamingstid 3

Handsamingstid 4

Andelen opne saker ved årsskiftet

Det var 19 saker som ikkje var avslutta per 31. desember 2017. Av desse 19 var 5 eigenoppret-ta saker.

Alle sakene som går frå 2017 til 2018 er saker som krev meir eller mindre aktiv innsats frå andre enn Studentombodet. Nokre av sakene venta på handsaming i klagenemnda mens and-re av sakene kom inn i løpet av romjula. Blant dei eigenoppretta sakene er det fleire saker som er oppretta for å følgje eit saksområde og skape oversikt og grunnlag for å eventuelt gjere noko meir arbeid i sakene.

Åpne saker 1

Åpne saker 2

Åpne saker 3

Vurdering av statistikken

Studentombodet er nøgd med det som er mogleg å tolke ut av statistikken så langt. Det er første året med Studentombod ved HVL og det vil bli interessant å sjå korleis saksbildet utviklar seg over tid. Det viktigaste statistikken synar så langt er at HVL ikkje skiljar seg nemnever-dig frå andre universitet og høgskular i Norge.

17/0101
Studentombodet fekk spørsmål frå ein student om obligatorisk oppmøte til undervisning, innleveringer og obligatorisk deltaking på midtveisevaluering var lovlige arbeidskrav. Studentombodet svarte at alle var innafor rammene av tillate arbeidskrav med førehald om adekvat samanheng med vedtaket — her eksamen. Det blei òg tatt førehald om egne reglar for privatistar (jf. uhl. § 3-10 med førearbeid).
17/0084
Studentombodet gjennomførte på bakgrunn av ei anna sak ei un-dersøking mellom utdanningsleiaranne om korleis ein praktiserer nivåkontroll ved HVL. Bergen, Sogndal, Førde og Haugesund hadde nivåkontroll der ein kompenserer for manglande A/C/E oppgåver. Stord gjennomførte ikkje nivåkontroll om det mangla A/C/E oppgåver. Ombodet fekk munnleg tilbakemelding om at dette vil bli harmonisert nå som ein var blitt klar over situasjonen. Ombodet rekna dette som ein barnesjukdom under nytt studiereg-lement og var nøgd med at det blei tatt tak i.

Tilbake til toppen av sida


Oversikt over saker i 2017

Oversikta inneheld ei oppstilling av saker som har vært innom Studentombodet for handsaming, og er avslutta per 31. desem-ber 2017.

Avklaring av rettar

17/0002 Utgreiing av rettar
17/0005 Spørsmål om val
17/0008 Regionkvotar
17/0009 Kopinor
17/0015 Gjennomgang av rettar
17/0019 Kvotering I
17/0020 Kvotering II
17/0023 Eksamensrettar
17/0034 Immaterialrettar
17/0035 Endring av depositum i Saman
17/0041 Utlevering av vitnemål
17/0047 Permisjon
17/0049 Organisasjonstid
17/0050 Depositum 2
17/0053 Stipendiatar
17/0054 Blogg som arbeidskrav
17/0055 Retningslinjer for søknad
17/0075 Utvida tid og pausar
17/0078 Krav til læringsmiljø
17/0088 Midtevaluering
17/0089 [skjerma]
17/0093 Teieplikt
17/0112 Endring av timeplanen
17/0113 Grunngjeving på eksamen
17/0120 Reaksjonsformar mot studentar

Eksamen, sensur og klage

17/0004 Formelle feil
17/0010 Sensor byte
17/0017 Utsetting av oppgåve
17/0024 Konteeksamen
17/0027 Levering av ny oppgåve
17/0038 Forsinka sensur
17/0039 Forsinka grunngjeving
17/0044 Nummer på forsøk
17/0045 Tidlig konte
17/0057 Sen klagesensur
17/0062 Klagesensur
17/0073 Habilitet 2
17/0077 Habilitet 3
17/0084 Nivåkontroll og sensorrettleiing
17/0097 Ny fyrstegangsvurdering
17/0098 Nivåføling
17/0104 Lesetid i eksamensperioden
17/0105 Digital– og papireksamen
17/0115 Klage på formelle feil
17/0121 Formell feil på munnleg
17/0122 Eksamensdato
17/0123 Formelle feil
17/0126 Samansett vurdering
17/0126 Vedlegg på digital eksamen
17/0128 Melding om forsinka sensur

Arbeidskrav og vilkår

17/0013 Studieturar
17/0026 Godkjenning av arbeidskrav
17/0029 Gjentak av arbeidskrav
17/0040 Arbeidskrav i praksis
17/0064 Søknad om fritak
17/0066 Progresjonskrav
17/0080 Fraværsprosent
17/0101 Lovlige arbeidskrav

Eigenbetaling

17/0036 Eksamensmateriell
17/0081 Reise som arbeidskrav
17/0086 Etterskuddsfakturert mat
17/0090 Eigenbetaling for ekskursjon
17/0102 Betaling for førstehjelpskurs
17/0107 Spørsmål om eigenbetaling
17/0118 Refusjon av praksiskostnader

Læringsmiljø

17/0001 Mobbing
17/0016 [skjerma]
17/0028 Tilrettelegging
17/0037 Sjuk sensor
17/0058 Klage på koordinator
17/0060 Trakassering
17/0063 Klage på foreleser
17/0069 Dårlig engelsk
17/0074 Tilrettelegging ved fødselspermisjon
17/0076 Tilrettelegging for dyslektikar
17/0082 Mobbing 2
17/0085 Læringsmiljølov
17/0109 Ubehagelig oppførsel
17/0129 Midtevaluering

Praksis

17/0003 Praksis spørsmål
17/0012 Praksis tilrettelegging
17/0032 Klage på praksisvurdering
17/0110 Fordeling av praksisplasser

Opptak og innpass

17/0046 Søknadsfrist
17/0079 Politiattest

Kurs

17/0056 Kurs for studenttillitsvald

Tilvising; Høyring; Anna

17/0006 Saker frå Studentrådet
17/0014 Høyring ekstern organisasjon
17/0021 Spørsmål om mobbing
17/0022 Halvårsrapport
17/0025 Husleigekontraktendring i Saman
17/0033 Høyring om ansiktsdekkande hodeplagg
17/0042 Feil i vitnemål
17/0043 Seine vitnemål
17/0051 Tilvising
17/0052 Frie studiepoeng
17/0059 Avlyst valfag
17/0061 Habilitet
17/0067 Avslag på søknad om tilrettelegging
17/0068 Kolliderande eksamen
17/0071 Praksisplass
17/0072 Overgang
17/0083 Studiestøtte
17/0087 [skjerma]
17/0096 Høyring om endringar av universitets– og høgskulelova
17/0099 Honorar
17/0100 Parallelle studieløp med ulike studiepoeng
17/0103 Sjølvvald bachelorgrad
17/0108 Klage på krav om innsyn
17/0116 Progresjon
17/0117 Spørsmål om Studentombodet
17/0130 Innsyn i postnummer

17/0008, 17/0019 og 17/0020
Studentombodet har i fleire saker fått spørsmål ved om Høgskulen på Vestlandet kan pålegge Studenttinget å velje medlemmer til styrer råd og utval etter ein modell fastsatt av styret ved HVL.

Mellom anna har det vore spurt om HVL kan pålegge Studenttinget å velje studentar med geografis spreiing til Læringsmiljøutvalet.

Studentombodet har gitt dei studentane som har spurt om dette rettleiing i kva reglar som gjeld for oppnemning av medlemmer til offentlige styrer råd og utval kor studentane har representasjonsrett.

17/0073
Studentombodet fekk spørsmål frå ein student som lurte på om ein lærar kunne vere sensor sjølv om det var ein pågåande konfliktsituasjon mellom læraren og klassen. Ombodet svart med å vise til habilitetsreglane i forvaltningslova kapittel II, særleg § 6 andre ledd; og samanhengen desse har til universitets– og høgskulelova § 3-9 (2) fyrste setning om «upartisk» vurdering.

Tilbake til toppen av sida


Offentleg verksemd

Den offentlege verksemda til Studentombodet er alle deler av tenesta som ikkje er retta inn mot einskildsaker.

Studentombodet har ansvar for å gi studenttillitsvalde opplæring i rettar og plikter for studentane.

Studentombodet har ansvar for å informere studentane om tenestene Studentombodet tilbyr.

Tilbake til toppen av sida


Opplæring av studenttillitsvalde

I fylgje mandatet skal «Studentombodet […] gje opplæring til studenttillitsvalde om studentane sine rettar og plikter.» Det er opp til ombodet sjølv å utforme innhald og form på opplæringa.

Studentombodet har i 2017 heldt kurs for studentane på studiestandane og i forbindelse med dei studenttillitsvalde sit helgekurs i Ulvik. Innhaldet og forma på kursa har vore varierande.

Utforming av kurs

Dei generelle kursa på studiestaden har vore svært utfordrande å tilpasse den gjengse studenttillitsvalde. Kva rettar ein studenttillitsvald har behov for å kunne noko om kan variere i stor grad. Det er ikkje eit eins sett med rettar som det kan gis opplæring i på kort tid. Dei samansette reglane i forvaltningslova, universitets– og høgskulelova og studieforskrifta dekkjer eit bredt spekter av situasjonar og det er få rettar som i seg sjølv er viktigare eller meir prak-tiske enn andre.

Innrettinga av kursa har tatt høgde for spreiinga av rettar etter som studiesituasjonen utviklar seg. Alt frå regler om opptak, via undervisning og læringsmiljø, reglar for åtgang til eksamen, gjennomføring av vurdering og sensur til utskriving av vitnemål har vorte gjennomgått. Det same gjeld reglane for klage og handsaming av utvisningssaker.

Kursa har etter ombodet si oppfatning hatt ei god nok bredde av innhald. Det har derimot i det fyrste året mangla på praktiske saker å syne i løpet av føredraga. Det har heller ikkje vore mogleg å vektlegge enkelte rettar på bakgrunn av statistikk over saks-handsaming.

Eit to timars føredrag om juridiske rettar kan for enkelte vere svært keisamt. Omfanget av jussen er òg så stort at eit to timars føredrag ikkje evnar å gjøre anna enn å gi eit overblikk over kva rettar som gjeld i forskjellige studiesituasjonar. I røynda vil ei høveleg innføring i studentane sine rettar etter dei lovar og forskrifter som til ein kvar tid gjeld svare til arbeidsmengda på eit 20 til 30 studiepoengs fag i rettsvitskap.

Kursing av tillitsvalde. Foto: Kjersti Hatlestad.

Kursa i Ulvik

På Studenttinget sitt opplæringsseminar i Ulvik gav studentombodet både ei innføring i rettane til studentane og ei gjennomgang av korleis ein kan jobbe med trakasseringsproblematikk; særleg knytt til Langeland-saka og #metoo-kampanjen.

Føredraget om studentrettar i Ulvik var kortare i innhald enn føredraga som tidelegare var gitt ved studiestadane. På grunn av saksutviklinga var det òg høve til å nytte praktiske eksemplar og spisse fokuset mot nokre utvalde problemstillingar. På den and-re sida førte det til at ein del praktisk nyttige problemstillingar ikkje blei gått igjennom.

Gjennomgangen av problematikken knytt til trakassering hadde ein annen form, der det mellom anna var fokus på å senke terskelen for å skildre eigne hendingar, og snakke med kvarandre om det som blir opplevd som ubehagelig. I stede for føredrag blei det nytta ei metode der alle deltakarene satt samen om kvarande på golvet. Tilbakemeldingane frå arrangøren var at dette opplegget fungerte godt.

Studenttingsleiar Jonas Oliver Hui Dahl opnar «Gira Tur» i Ulvik. Foto: Henrik Waage Tjore

Utvikling av pedagogisk og didaktisk kompetan-se

Studentombodet har per i dag ikkje god nok pedagogisk eller didaktisk kompetanse til å gjennomføre gode kurs for studentane. Om ein skal gje kursa til ombodet eit preg som opplevast som både interessant og nyttig for studentane bør denne kompetansen hevast.

Det er ein viss skilnad i å halde kurs for studenttillitsvalde som studenttillitsvald sjølv, og som Studentombod. I sistnemnte høve er det ei sterkare forventing til at kursa skal opplevast som spennande og nyttige. Det er òg behov for å leggje opp opplæringa på ein måte som treff studentane sin eigen læringsform. Juss er for mange vanskelig, men med riktig bruk av pedagogiske og didaktiske virkemiddel kan det blir både interessant og lett.

Andre måtar å gje opplæring

Studentombodet har prøvd å lage nokre korte vi-deosnuttar med informasjon om studentane sine rettar. Så langt har det ikkje blitt noko godt resultat. Det er først og fremst mangel på video– og lydopptaksutstyr som gjer arbeidet med slik produksjon vanskelig. Studentombodet har heller ikkje hatt høve til å prioritere arbeidet med produksjon av videoar i sørleg stor grad.

Tilbake til toppen av sida


Marknadsføring av Studentombodet sine tenester

I fylgje mandatet skal «Studentombodet […] aktivt informere om sin funksjon til studentane ved HVL, […].» Det er opp til ombodet sjølv å velje form og innhald på informasjonsmaterialet.

Marknadsføringa av Studentombodet har i hovudsak føregått på internett. Facebook har fungert som hovudkanal frem til og med desember 2017. Instagram har supplert Facebook som ein kanal med eit meir sosialt tilsnitt. Det har og vore noko marknadsføring av ombodet på LMS-ane i regionane.

Bruk av Facebook

Studentombodet sin bruk av Facebook har vore noko ambulerande gjennom året. Det har vore utfordrande å finne frem til kva innhald det vil svare seg å dele i løpet av året, og det har vore like så vanskelig å nå ut med bodskapen til Studentombodet på Facebook.

Reklamevideo

I slutten av august delte ombodet ein reklamevideo for kursa ombodet skulle ha i september. Videoen nådde ut til totalt 4.848 personer og blei spilt av 1.542 gonger på Facebook. Det er den mest sette posten til Studentombodet i 2017.

På tross av at marknadsføringa her var ganske god er det knytt stor uvisse til kven videoen faktisk nådde ut til. At den blei sette av 1.542 personar syntes hel-ler ikkje igjen i deltakinga på kursa.

Julekalender

Gjennom adventstida hadde Studentombodet ein julekalender gåande på Facebook. Der kunne studen-tane vinne ein HVL-sekk med forskjellig snop, kaffi og te. På det meste nådde ei luke i kalenderen ut til 1.440 personar.

Kalenderen møtte dalande interesse gjennom ad-ventstida. Det var forventa at interessa kom til å gå noko ned. Siste veka nådde den ut til mellom fire og seks hundre personar om dagen.

Hensikta med kalenderen var både å marknadsføre Studentombodet og å gi ut informasjon om rettane til studentane i forskjellige samanhengar. Aktiviteten i kommentarfeltet sy-ner at marknadsføringstiltaket til ei viss grad var vellykka.

Julekalender 2017

Instagram

Tenesta som Studentombodet tilbyr kan frå tid til annan stå frem som ei teneste med eit noko traust innhald. Det er ikkje i samsvar med røynda. For å syne kva Studentombodet gjer av forskjellige aktiviteter og for å marknadsføre den folkelige delen av tenesta oppretta Studentombodet ein Instagram-konto. Her vart det syna bilete frå møter og reiser og liknande.

Bileta som blir lagt ut på kontoen syner studentombodet sine aktivitetar utanom det daglege saksarbeidet. Det kan mellom anna vere frå seminar, kurs og nettverkssamlingar med andre studentombod til deltaking i faddervaktordninga eller ei rein påminning om å stemme i Stortingsvalet.

Denne typen marknadsføring er ikkje nødvendigvis særleg effektiv. Kon-toen til Studentombodet har ikkje mange føljerar og det er heller ikkje så mykje aktivitet. Kostnaden med å drive denne type marknadsføring er tilsvarande liten. I røynda er det ikkje ein gong snakk om ein administra-tiv kostnad, då tida som nyttast til å oppdatere ein slik konto gjerne elles hadde vært dødtid; til dømes mens ein ventar på å komme om bord i buss, båt, fly etc.

Bruk av LMS– som marknadsføringskanal

Å nytte Itslearning eller Fronter som marknadsføringskanal har eit heilt greitt potensiale. Den nye LMS-en som blir rulla ut for fullt til hausten har eit langt større potensiale. Ved overgang til Canvas forventar Studentombodet å kunne leggje om marknadsføringa til å passe Canvas.

Canvas er tilpassa samhandling med ei rekke tenester, og kan tilpassast mange av dei kanalane Studentombodet bruker eller ynskjer å bruke. Brukargrensesnittet i Canvas gjer og at ombodet trur det vil vere lettare å nå ut til studentane utan å komme inn i deira private sfære og utan å komme i vegen for anne kommunikasjon frå høgskulen.

Andre elektroniske kanalar for marknadsføring

Studentombodet har gjort tenesta tilgjengelig på Twitter, YouTube og SoundCloud. Ingen av desse media var i særlig stor bruk av ombodet i 2017. Twitter er ikkje for allmenta i Norge, men blir mykje nytta av politikarar og pressa. Det arbeidet ombodet har gjort så langt har vært av liten offentlig interesse og det har difor ikkje vore noko behov for å nytte Twitter som medium.

Dei to andre kanalane var tiltenkt publisering av korte snuttar med infor-masjon om studentane sine rettar. Korkje YouTube eller SoundCloud har blitt nytta til det så langt. Studentombodet har fortsatt tro på at det kan være nyttig med korte videoar; og desse vil i så fall bli publisert på You-Tube.

Framtidas marknadsføringsstrategi

Slik utviklinga har vore på Facebook og med overgang til ny LMS meiner Studentombodet at marknadsføringa i framtida må rettast mot Canvas. YouTube vil i så fall kunne nyttast som ein fin kanal for samling av videoar for vidaredeling i Canvas. I Studentombodet sin framsyning består fortsatt Instagram som ein sosial kanal, og Facebook som ein kommunikasjonskanal, men utan satsing på direkte marknadsføring.

Tilbake til toppen av sida


Anna offentleg verksemd

Studentombodet si offentlige verksemd som ikkje er marknadsføring eller opplæring er retta mot å gjere studentane sine rettar kjende og handgripelege for både studentar og tilsette eller å betre studentombodstenesta i seg sjølv.

Den offentlege verksemda har i 2017 vore knytt til saker i media eller deltaking i nettverk og konferan-sar for studentombod.

I media

Gjennom 2017 har Studentombodet skreve eller vært med på to innlegg i Khrono og blitt intervjua av Studvest og På Høyden ein gong kvar. Studentombodet har elles vært lite aktiv i media og takka i vår nei til å delta i ein debatt i Dagsnytt 18 på NRK.

Eigne innlegg

Det første innlegget i Khrono i 2017 blei publisert 22. april . Det var ein kritikk av Kunnskapsdepartementet si tolking av det sokalla gratisprinsippet i universitets– og høgskulelova. Innlegget var skrevet som ei presisering av at gratisprinsippet i høgare utdanning er det lovfesta utgangspunktet for organisering av utdanninga. Det er ikkje eit alternativ til anna og betre utdanning. Innlegget er knytt til Studentombodet sitt ansvar for å sjå til at studentane sine rettar blir vareteke.

På bakgrunn av eit intervju Khrono hadde med partileiar Trine Skei Grande skreiv dei tre studentomboda i Bergen eit innlegg til Khrono som blei publisert 30. august 2017. I innlegget søkte omboda å klargjere kva eit studentombod faktisk er og kvifor ein politikar på Stortinget ikkje kan vareta dei same oppgåvene. Innlegget er knytt til Studentombodet sitt ansvar for å informere om eigne tenester.

Intervju

Studentomboda i Bergen blei intervjua i samband med ei oppfølging av saka om Langeland som hadde versert i media i sommar. Saka blei publisert 29. august 2017 i Studvest og handlar om kva ein kan gjere om ein opplever seksuell trakassering frå tilsette. Intervjuet er knytt til Studentombodet sitt ansvar for å informere om egne tenester.

Det andre intervjuet gjaldt ei lokal sak om trakassering publisert 9. oktober 2017 i På Høyden. Studentombodet svarte i saka på kva som er ombodet sine oppgåver i ei slik sak. Intervjuet er knytt til Studentombodet sitt ansvar for å informere om egne tenes-ter.

Nettverk og konferansar

Studentombodet tok sjølv tidlig i 2017 initiativ til å knytte kontakt med dei andre studentomboda i Norge. I løpet av dei fyrste månadene oppretta om-bodet kontakt med og vitja dei etablerte student-omboda på UiB, NHH og UiT. Studentombodet vitja òg omboda ved UiO og HiOA (nå OS) som var tilsett omtrent på same tid som ombodet på HVL.

Tidlig på hausten fekk Studentombodet anledning til å vitje studentomboda på UiA og HSN i eit felles møte i Kristainsand. Dei var begge tilsett rundt som-maren 2017.

Nasjonalt nettverk

Tidleg på hausten var Studentombodet vertskap for ei nasjonal studentombodskonferanse i Bergen. Der møttest alle studentomboda bortsett frå ombodet på UiS (som har vore utilgjengelig i haust). Det nye Studentombodet på NTNU møtte òg på den nasjona-le konferansen.

Det var viktig at omboda i Norge kunne samlast nokre dagar før den skandinaviske konferansen i Stockholm. På den nasjonale konferansen vart Kunnskapsdepartementet og Norsk studentorganisasjon invitert til å delta på torsdagen.

Frå den norske konferansen hausten 2017. Foto: Ukjent.

Skandinavisk nettverk

I oktober deltok Studentombodet på HVL på den skandinaviske studentombodskonferansen i Stockholm. Der møtte mange, men ikkje alle, student-omboda frå dei tre skandinaviske landa. Dei erfaringane ombodet gjorde seg på den skandinaviske konferansen kom godt med i utvikling av eige tenestetilbod på HVL. Mellom anna var det eit svært godt føredrag om konflikthandtering som syna forskjellige interessante perspektiv.

På den skandinaviske konferansen fekk ombodet høve til å knytte eit nærare nettverk med studentomboda i Norge og studentomboda i Sverige og Danmark. Nytta av eit slikt nettverk er noko som vil synas over tid.

Studentomboda i Bergen fekk tilbod om, og takka ja, til å holde den skandinaviske konferansen i 2018. Det er eit samarbeidsprosjekt der sjølve konferansen blir halden i lokalar på UiB, mens alle tre omboda bidreg med tilrettelegging og gjennomføring av konferansen.

Internasjonalt nettverk<7h5>
Studentombodet deltok på den europeiske studentombodskonferansen i Strasbourg i juni 2017. På konferansen var det studentombod både frå Europa, Nord-Amerika og Australia. Måten dei forskjellige omboda er organisert er svært forskjellig og det var interessant for Studentombodet på HVL å få inn-blikk i dei forskjellige arbeidsformene og hauste erfaring frå andre land.

Den neste europeiske studentombodskonferansen er i juni 2018 i Edinburgh. Der ser det foreløpig ut til at dei aller fleste norske studentomboda vil delta og det er også lagt inn i planen til Studentombodet på HVL.

Om høva skulle ligge til rette for det vil ein òg gjer-ne søkje om å holde den europeiske konferansen i Bergen, ein gang i framtida etter same samarbeids-modell som for den skandinaviske konferansen.

Erfaringar

Studentombodet sine erfaringar med den offentlege verksemda er i det store og heile positive. I ei heilt ny teneste er det stadig forskjellige ting som må etablerast og det er svært nyttig å kunne veksle erfaringar med røynde studentombod i både Bergen, Norge, Skandinavia og verda elles.

Julekalender
Studentombodet hadde hausten 2017 julekalender på Facebook med relevante spørsmål om studentane sine rettar. Det var 24 spørsmål i alt. Svara på spørsmåla blei publisert på studentombodet si bloggside, studentombodet.hvl.no, dagen etter.

Tilbake til toppen av sida


Strategiske anbefalingar til HVL

Dei strategiske anbefalingane i Studentombodet sin årsmelding er retta til rektor og styret. Anbefalingane gjeld for HVL som heilskap i eit langsiktig perspektiv.

Strategiske anbefalingar

Høgskulen på Vestlandet er fortsatt inne i ein fusjonsprosess og det er mykje som fortsatt er uklart på høgskulen. Studentombodsordninga er ny og det er ikkje mogleg å sjå organisasjonen bakover i tid. Anbefalingane er difor utforma med tanke på at HVL er ein ny institusjon som fortsatt er i støypeskeia.

Føreseieleg og lik sakshandsaming

Det er ein føremon for god sakshandsaming i det offentlege at saker blir handsama likt. Det gjer at vedtaka blir føreseielege for den vedtaket rettar seg mot. I forbindelse med fusjonen har ein slått saman tre høgskular med til dels forskjellig struktur og kultur. Det skaper nokre utfordringar med tanke på lik-skap. Studentombodet vil likevel presisere at det i hovudsak synest som om dei tilsette sjølv er opptatt av at studentane ikkje skal handsamast forskjellig.

Offentliggjering av vedtak

Studentombodet meiner det er ei svakhet at vedtak frå klagenemnda ikkje blir offentliggjort for korkje dei tilsette eller studentane. For å skape føreseieleg og lik sakshandsaming burde alle vedtak som blir fatta bli offentliggjort i anonym form på sidene om klagenemnda på hvl.no. Subsidiært burde alle ved-tak bli offentliggjort på vestibylen.hvl.no for dei tilsette.

Studentombodet meiner ei offentliggjering vil gjere sakshandsaminga meir føreseieleg. I dag er det ein svakhet både med omsyn til utestengingssaker og klagesaker at forvaltningspraksis ikkje er synleg nok for korkje studentane eller dei tilsette.

Føreseieleg studiekvardag

På same vis som at sakshandsaminga bør vere føreseieleg for dei den omfattar må og studiekvardagen vere føreseieleg for studentane. I dagens studieforskrift er reglane for når undervisnings– og eksa-menstidspunkt skal kunngjerast utydelige. Det er heller ikkje tydelig nok når fristen for kunnegjering av timeplan er (jf. studieforskrifta § 6-2 (1)).

Det er ikkje samd praksis ved landets utdanningsins-titusjonar for kunngjering av undervisnings– og eksamenstidspunkt. Nokre institusjonar har fastsatt fristar for slik fastsetting i forskrift eller reglement mens andre ikkje har det. Samstundes er det som regel ikkje feil å vere betre enn andre på handsaming av studentar. Eller «tett på» om ein vil.

Studentombodet meiner fristane for undervisnings– og eksamenstidpunkt må fastsettast i forskrift eller reglement og gjerast tilgjengelig for studentane. Fristane bør vere før semesterstart.

Eigenbetaling

Studentombodet opplever fortsatt for mange meldingar og spørsmål som gjeld eigenbetaling. Det er ikkje nødvendigvis slik at HVL har krenkt rettane til studentane, men i fleire saker Studentombodet har kjennskap til seier studentane at dei føler seg lurt til å betale for ein studietur.

Fokuset på gratisprinsippet og eigenbetaling kom for alvor frem i lyset i vår, gjennom ei sak i Studvest. Sidan den gong har Kunnskapsdepartementet kome med ei presisering av korleis lovverkte skal tolkast. Oppfatninga av at «flytta undervisning» ikkje er studieturar blei då kontant avvist.

Høgskulen på Vestlandet har fleire studiar der studentane deltek på studieturar. Mange av desse har frem til våren 2017 vore innretta i strid med gratisprisnippet. Etter at det blei satt fokus på eigenbetaling i media har Høgskulen på Vestlandet hatt ei gjennomgang av studium med eigenbetaling. Måten ein har handtert problemstillinga på har i hovudsak vore med å innføre kompensasjonsoppgåver, eller å opne for at alle kan ta kompensasjonsoppgåvene.

Studentombodet opplever på bakgrunn av tilbakemeldingar frå både studentar og tilsette at løysinga ikkje har vore tilfredsstillande. Det er fleire høve ved ordninga som er uklar og nokre som er kritikkverdige. Studentombodet meiner høgskulen må ordne opp i høva rundt eigenbetaling og kompensasjonsoppgåver.

Det første høvet Studentombodet meiner er problematisk er at fagtilsette meiner kompensasjonsoppgå-vene ikkje er eit forsvarleg fagleg alternativ til stu-dieturane. Studentombodet har snakka med tilsette som meiner kompensasjonsoppgåvene blei innført ovanfrå og ned, utan at dei var vurdert godt nok av fagmiljøet. Slik Studentombodet har oppfatta det er det grunngjeve tvil om kompensasjonsoppgåvene er eit godt nok alternativ til studieturane til at dei faglege måla i emneskildringane blir oppfylt. Om det er riktig må høgskulen vurdere om høgskulen har plikt til sjølv å betale for kostnadene ved studieturane.

Det andre høvet Studentombodet meiner er problematisk er at fleire studentar, både einskilde og i gruppe, har meldt frå om at dei ikkje får god nok informasjon om at kompensasjonsoppgåvene i røynda er det faglege minstekravet og at studieturane dei må betale for er frivillige. Fleire studentar Studentombodet har snakka med opplever at dei blir lurt med på studieturar dei må betale for. Mellom anna må studentane i fleire høve søkje om å få ta kom-pensasjonsoppgåva i staden for å dra på ein studietur med eigenbetaling.

Studentombodet meiner det er i strid med gratispris-nippet at høgskulen legg til grunn eigenbetaling. Når studentane er kome inn på eit studium som er omfatta av universitets– og høgskulelova § 7-1 (1) kan ikkje høgskulen legge til grunn at studentane skal betale for studieturar. Ordninga med at studentane må søkje om å få fullføre utdanninga utan eigenbetaling må etter Studentombodet sin oppfatning avviklast.

Studentombodet er vidare svært kritisk til at vilkåret for å gå opp til eksamen blir kalla «kompensasjonsoppgåve». Oppgåva skal med rette nemnast «obligatorisk arbeidsoppgåve», då det er det den i røynda er. Oppgåva er ikkje kompensasjon for eit vilkår som ikkje er heimla i lova.

Til sist er Studentombodet kritisk til at dei obligatoriske oppgåvene som blir kalla kompensasjonsoppgåve ikkje alltid er nemnt i emneskildringa. Slik Studentombodet ser det er ordninga med å nytte studieturar utan å synleggjere at studieturen er eit alternativ til ein obligatorisk arbeidsoppgåve i strid med informasjonsplikten i forvaltningslova. At dei obligatoriske arbeidsoppgåvene ikkje alltid er nemnt i emneskildringa kan òg føre til at det arbeidskravet som er nemnt, studieturen, utgår i sin heilskap då det ikkje er eit lovleg arbeidskrav.

Studentombodet meiner ein må gjere eit grundig arbeid for å rette opp i dei utfordringane ein har med handheving av gratisprinsippet på HVL. At ein ikkje har klart det på ein god nok måte i løpet av 2017 må rettast opp i så snart som mogleg.

Praksis

I forlenginga av problemstillinga med eigenbetaling av studieturar har det kome inn fleire spørsmål om rettar knytt til auka kostnader ved praksis. Kva rettar studentane har i høve auka kostnader i forbindelse med praksis er ikkje nasjonalt avklart.

Ved HVL er det i dag fleire forskjellige regelverk som regulerer studentane sin rett til refusjon for kostnader i forbindelse med praksis. Etter at fakulteta blei omorganisert frå 1. januar 2018 er det ikkje lenger saklig grunn til å forskjellshandsame studentar som går på same studium. Forskjellshandsaming av studentar på ulike studium må grunngjevast saklig.

Studentombodet meiner ein må få på plass felles regelverk for refusjon av kostnader i forbindelse med praksis. Regelverket må vere på plass innan studiestart hausten 2018. Studentombodet meiner regelverket bør vere eins for alle studentar som er i praksis ved HVL, men er open for at studentane på forskjellige studium kan handsamast forskjellig dersom det er saklig grunngjeve.

Studentombodet meiner studentane sine rettar blir best varetatt om regelverket blir handsama og vedtatt sentralt, av styret.

Gratisprisnippet
Kunnskapsdepartementet sendte 7. juli 2017 ut eit brev med oppklaring av eigenbetalingsregelverket til statlige institusjonar under universitets– og høgskulelova. Departementet gjer det klart at ein stu-dietur er «reiser og opphold utenfor det faste studiestedet, eksempelvis skitur, skredkurs, feltkurs, tokt, ekskursjon og lignende.»

Departementet gjer det klart det ikkje kan krevjast eigenbetaling for «utgifter for turen, for eksempel kostnader til transport og boutgifter, når studieturen er obligatorisk og hvor deltagelse i turene er en forutsetning for å få avlegge eksamen.»

Samstundes gjer departementet det klart at institusjonane kan arrangere frivillige studieturar som studentane sjølv betaler for, dersom dei har eit faglig alternativ som ikkje kostar noko for studentane som ikkje vil delta på turen.

Tilbake til toppen av sida


Om Studentombodet

Drøfting av innretting av studentombodstenesta i lys av Storting-et sitt vedtak om lovfesting av tilgangen til studentombod.

Studentombodet sitt mandat.

Tilbake til toppen av sida


Utvikling av studentombodstenesta

Stortinget vedtok denne våren at tilgangen til studentombod skal bli lovfesta. Kunnskapsministeren gjekk like etterpå ut i media og oppmoda høgskulane og universiteta som ikkje har studentombod om å setje i gang arbeidet med å etablere ei slik teneste. Dei nasjonale føringane vil vere med å farge korleis ombodstenesta på HVL blir innretta for framtida.

Studentombodstenesta ved HVL skal ha ein progressiv utvikling gjennom heile 2018. Det ligg føre fleire spennande planar både lokalt og i høve til nasjonalt samarbeid. Planen er at ein etter om lag eit år skal kunne innrette tenesta meir hensiktsmessig for det behovet HVL har. Samstundes skal det byggast vi-dare på det nasjonale og internasjonale nettverket studentomboda har saman. Resultatet av betre inn-retting mot studentane og meir samarbeid med andre studentombod vil vere ei betre teneste for studenta-ne.

På bakgrunn av vedtaket i Stortinget bør HVL om mogleg òg vurdere eit tettare samarbeid med dei institusjonane som nå vil få plikt til å etablere ei studentombodsteneste. I Bergen er det seks private høgskular som vil omfattast av pålegget. Om òg sjøkrigsskulen vil bli omfatta er uvisst.

Innrettinga lokalt

Studentombodet lokalt vil for 2018 arbeide med å utvikle tenestene basert på erfaringar gjort gjennom 2017. Mellom anna har det vist seg at behovet for standardinformasjon er høgt, mens behovet for dropp-inn-timar er nærmast ikkje-eksisterande. Studentombodet har difor satt i gang eit grundig arbeid for å tilby betre og meir spissa informasjon til stu-dentane på nett. Det vil komme ny informasjonsside på nett til hausten, og det er òg planlagt å realisere nokre av videoplanane frå 2017.

Når det gjeld verksemda lokalt satsar studentombodet på å vere til stades lokalt over lengre periodar på forsemesteret. I løpet av eksamensperioden er det planen å tilby stand fleire gonger på alle studiestandene. Dette er eit alternativ til dropp-inn-timane som blei prøvd ut i 2017.

Til hausten vil HVL ta i bruk Canvas som einaste LMS. Studentombodet er svært spent på innføring av Canvas, og ser frem til å kunne marknadsføre tenesta overfor studentane på ein heilskapleg og målretta måte. I langtidsplanen til Studentombodet ligg og ein føresetnad om å leggje opplæringa av studenttillitsvalde i studentrettar inn i Canvas.

Endring av mandat

Studentombodet sitt mandat blei laga i forkant av utlysning av stillinga og vart godkjent av styret hausten 2016. I løpet av 2017 har det vist seg behov for å gjere presiseringar i mandatet. Studentombodet tek difor sikte på å gjere ein revisjon av mandatet i løpet av våren 2018, og leggje frem sak om revisjonen for rektor og styret i august, i samband med halvtårsrapporten.

Nasjonalt nettverk

Studentombodet har tatt ei aktiv rolle i det nasjonale studentombodsnettverket. Mellom anna blei det arrangert ein nasjonal studentombodskonferanse på HVL i haust. I løpet av 2018 vil Studentombodet vere aktiv i arbeidet med å etablere elektroniske løysingar for betre samarbeid mellom studentomboda på tvers av geografiske og institusjonelle skiljelinjer. Planen er at studentomboda skal ha på plass både ei løysing for fildeling og kommunikasjon i løpet av våren 2018.

Også lokalt har Studentombodet deltatt aktivt i samarbeidet mellom dei tre studentomboda i Bergen. Etter at studentombodstenesta blei oppretta i 2017 har alle tre omboda i Bergen etablert ei ordning med faste møter ein gong i månaden for erfaringsutveks-ling og samarbeid. I løpet av hausten 2018 skal dei tre studentombodstenestene på UiB, NHH og HVL arrangere den skandinaviske studentombodskonferansen saman.

Internasjonalt nettverk

Studentombodet har vært med på både den skandinaviske og den europeiske studentombodskonferansen i 2017. Begge deler blir halde ein gang i året. I løpet av 2018 vil studentomboda på UiB, NHH og HVL, som nemnt, arrangere den skandinaviske studentombodskonferansen i Bergen. Det skandinaviske nettverket er ikkje like godt utvikla som det norske. Samstundes ligg det stort potensiale i å knyte erfaringar frå Danmark og Sverige til utvikling av studentombodstenesta i Norge. Det vil bli satsa på å knyte dei skandinaviske studentomboda tettare opp mot det norske nettverket etter kvart som det norske nettverket utviklar seg.

Studentombodet har ikkje hatt moglegheit til å delta så aktivt i det europeiske studentombodsnettverket som ein skulle ønskt. Ei eventuell plan for vidare involvering i dette netteverket vil komme på plass etter det europeiske nettverket sin konferanse i Edinburgh i juni 2018.

Tilbake til toppen av sida


Mandat for Studentombodet

§ 1

Studentombodet ved HVL skal vere ein uavhengig bistandsperson som har som oppgåve å gje studentane råd og hjelp der studentane har tatt opp eller ønskjer/vurderer å ta opp tilhøve knytt til sin studiesituasjon. Studentombodet skal sjå til at sakene får ein forsvarleg og korrekt handsaming, og at studentane sine rettar vert ivaretekne.

§ 2

Studentombodet skal aktivt informere om sin funksjon til studentane ved HVL, og gje opplæring til studenttillitsvalde om studentanes sine rettar og plikter.

§ 3

Stillinga skal plasserast i organisasjonen på ein måte som syner at studentombodet har ei særleg uavhengig stilling. Studentombodet kan ikkje instruerast i høve til oppgåvene sine og har sjølv ikkje instruksjonsmynde over einingar ved HVL.

§ 4

Studentombodet skal bidra til at saker kan løysast på lavast mogleg nivå i organisasjo-nen. Ombodet har sjølv ikkje mynde til å avgjere saker, og er ikkje klage- eller ankeinstans for saker som er handsama og avgjort av andre einingar eller organ ved HVL.

§ 5

Studentombodet skal kvart halvår rapportere om si verksemd til rektor. Rapportane leggjast fram for høgskulestyret, studentparlamentet og Læringsmiljøutvalet til orientering. Rektor vert fortløpande orientert om spesielt alvorlege saker, eller saker av prinsipiell tyding.

§ 6

Studentombodet kan på eige initiativ fremje saker direkte for høgskulestyret.

§ 7

Studentombodet kan sjølv avgjere om ho/han kan bistå ein student i ei sak eller ikkje. Det skal alltid grunngjevast når ombodet avslå å bistå i ei sak, og avslaget kan ikkje klagas på. Om studentombodet ikkje kan bistå i ei sak, skal ombodet vise studenten vidare til rette ins-tans.

§ 8

Studentombodet har berre innsyn i dokumenta i ei sak i den grad studenten det gjeld har gitt samtykke til innsyn. Studentombodet har teieplikt om alle har tilhøve ho/han vert kjend med gjennom sitt verke etter Forvaltningslova § 13.

§ 9

Verken studentar eller noko organ ved høgskulen har rett til innsyn i studentombodet sine saker.

§ 10

Både studentar og tilsette skal kunne varsle studentombodet om kritikkverdige tilhøve knytt til studiesituasjonen ved HVL. Det skal kunne varslast konfidensielt.

§ 11

Det er berre høgskulestyret som kan treffe avgjersler om eventuell innskrenking eller nedlegging av studentombodet sitt mandat.

Tilbake til toppen av sida