Av: Sindre R. Dueland
Om institusjonen og dei tilsette sitt ansvar for sensurfristen

Universitets- og høgskulelova definerer fristen for å kunngjere sensur i § 3-9 fjerde ledd. Føresegna er utforma med ein hovudregel og nokre unntak. Den lyd slik:

Sensuren skal foreligge innen tre uker hvis ikke særlige grunner gjør det nødvendig å bruke mer tid. Styret selv kan gjøre unntak for enkelteksamener og kan i midlertidig forskrift etter sjuende ledd fastsette en lengre frist når det ikke er mulig å skaffe det antall kvalifiserte sensorer som er nødvendig for å avvikle sensuren på tre uker. Styret selv kan i forskrift etter sjuende ledd fastsette lengre frist for avhandlinger og tilsvarende større skriftlige arbeider.

Fristen er altså ikkje definert nærare enn tre veker. Likevel snakkar ein om 21 kalenderdagar. Det følgjer av at dette er ein forvaltningsrettsleg frist, og at reglene for fristberekning i forvaltinga då skal følgjast. Konkret er det forvaltningslovforskrifta kapittel ni som gjeld. Det står faktisk heller ikkje i denne forskrifta at frsiten er 21 dagar, men det står kva som ligg til grunn for å forlenge ein frist. I tillegg bygger deler av desse føresegna på domstollova og det er lagt til grunn for handsaminga av denne dela av forskrifta at berekninga er lik som i domstollova. Ein finn ei konkretisering av korleis ein rekaner fristar i domstollova § 148.

Unntak frå fristen

Det er fleire unntak frå fristen. Ved første augekast kan det sjå ut som det er mogleg å utsetje frsiten “hvis […] særlige grunner gjør det nødvendig å bruke mer tid.” Bernt-utvalet meinte derimot når denne føresegna kom å konkretisere kva som kan vere grunnen til at det blir nytta meir tid. Det gjorde dei i dei neste sentingane, og forslaget til Bernt-utvalet blei følgt av både departementet og Stortinget. Ein treng eigentlig ikkje unntaket i første setning, det er dei neste setningane som er viktige for å finne moglege unntak.

Unntak for enkelteksamen

Det er mogleg å gjere unntakt for enkelteksamen. Med det meines ein einskild eksamen, ikkje eit einskild emne. Det er berre styret som kan gjere vedtak om utsatt frist for ein eksamen.

Midlertidig forskrift

Om det “ikke er mulig å skaffe det antall kvalifiserte sensorer som er nødvendig for å avvikle sensuren på tre uker” kan styret sjølv fastsette ein lengre frist i forskrift. Det er viktig å syne til “ikke er mulig” som er forskjellig frå “vanskelig”. Om unntaket har departementet i førearbeida skrevet:

“Terskelen for unntak begrunnet i sensormangel må være svært høy, og begrunnelsesplikten tung. Dette ivaretas best ved å legge avgjørelsen utenfor fagmiljøet selv. Nødvendigheten av unntak begrunnet i sensormangel forutsettes løpende vurdert av styret,” (Ot.prp.nr.95 (1993-1994)).

Det er nokre eksempel på slike unntak i dag. Mellom anna på juridisk fakultet i Bergen.

Avhandlingar mv.

Styret sjølv kan òg fastsetje ein lenger frist for avhandlingar mv. Kvar lista for “avhandling” ligg er ikkje avklart i førearbeida, men det er utbredt i sektoren å tolke det slik at den nedre grensa går ved sensur av masteroppgåver.

Unntak etter forvaltningslovforskrifta

Det er òg gjort nokre generelle unntak for fristar i forvaltningslovforskrifta. Sjølv om univeristets- og høgskulelova er konkret om unntaksheimelen vil ein nok kunne sjå til denne forskrifta. No er dei fleste unntaka der knytt til høvet til å hente inn fleire opplysningar – noko som ikkje kan gjelda ved eksamen. I tillegg er det eit føresegn om uventa høg saksmengde – som heller ikkje kan gjelde når ein har så god oversikt over kor mange kandidatar det er som ein har i denne sektoren. Derimot kan unntaket om at ein “vesentlige endringer i bemanningen gjør det uforholdsmessig vanskelig å oppfylle fristen,” gjere seg gjeldande òg ved eksamen. Forskjellen på denne føresegna og føresegna om sensormangel er at den òg vil gjelde om ein får ein endring hjå dei administrativt tilsette (forvaltningslovforskrifta § 39 første ledd bokstav e).

Unntak som ikkje står i lovverket

Det finnes òg unntak som ikkje står i lovverket. Sjukdom er nærliggande, men det er òg omfatta av føresegna i forvaltningslovforskrifta. Dei unntaka ein då sikter til er ting som er utanfor institusjonen sin kontroll. Såkalla force majeure. At fristen ikkje gjeld ved krig og naturkatastrofar forstår nok dei fleste, men det er viktig å hogse at òg streik er rekna som ei force majeure hending.

Varsling

Om fristen blir utsatt utan at det er gjort i ei forskrift (sjå over), så må ein underrette dei det gjeld om at sensuren blir forsinka, og helst òg kor lenge den blir forsinka om ein er klar over det.

Kven har ansvaret?

Ansvaret for å overholde fristen ligg til institusjonen. I lova ligg ansvaret hjå styret (universitets- og høgskulelova § 9-1 første ledd andre setning). I praksis ligg ansvaret hjå rektor (universitets- og høgskulelova §§ 10-1 andre ledd og 10-2 første ledd bokstav a). Slik lova er utforma kan det sjå ut som vald rektor har eit større direkte ansvar enn tilsatt rektor. I røynda vil det heller vere snakk om ei ansvarsfordeling mellom vald rektor og administrerande direktør.

Frå rektor og nedover beror ansvaret på delegasjon. Det som er særs viktig å syne til ved slik delegasjon er at ansvaret forsatt vil bli liggande på den som delegerer. Om rektor gir ansvaret for sensur til ein dekan er det framleis rektor som har ansvaret overfor styret. Dekanen vil derimot ha ansvaret overfor rektor. Slik fordeler ansvasret seg nedover i organisasjonen. På eit nivå vil ansvaret òg bli noko redusert. Til dømes er det neppe den einskilde snesor som har ansvaret for at fristen blir holdt, om ho ikkje klarer det innanfor dei rammene ho har fått.

Dersom sensor blir pålagt fleire andre oppgåver som kjem i konflikt med sensurarbeidet kan ein i stor grad fri den einskilde sensor frå ansvaret. Det kan til dømes vere arbeid med eit forskingsprosjekt, planlegging av neste års undervisning, deltaking i fagleg utviklingsarbeid, etc. Ein kan ha mykje å gjere og lite tid å gjere alt på. Poenget er at den einskilde sensor neppe vil ha moglegheita til å prioritere oppgåvene sine sjølv.

Om ansvaret for sensur ikkje kan leggast på sensor kan det fortsatt leggast på sensor sin overordna. Til dømes vil ein overordna som både har budsjett- og personalansvar måtte prioritere sensur føre anna arbeid i sin avdeling. Unntaket er dersom ho har fått beskjed om å prioritere annleis av sin overordna. Slik kan ein gå gjennom ledda i organisasjonen, frå styret til sensor og tilbake igjen. I større organisasjonar vil ein gjerne oppleve at ansvaret på sett og vis blir pulverisert på vegen. Det blir uklart kven som har mynde til kva, og kven som ev. ikkje har prioritert rett.

Styret skal uansett føre tilsyn med den daglige leiinga (universitets- og høgskulelova § 9-2 tredje ledd første setning). Ansvaret for verksemda blir ikkje pulverisert på dette nivået, og om styret blir kjent med at insittusjonen ikkje held fristen på tre veker må dei undersøke med den daglege leiinga kvifor det er slik og kva ein må gjere for å drive verksemda i samsvar med lova (sml. universitets- og høgskulelova §§ 9-1 første ledd andre setning og 9-2 første andre og tredje ledd).

Virkemiddel

Å overholde sensurfristen er ein tenesteplikt. Brot på tenestepliktene er regulert i statsansattelova § 25. Statsansattelova gjeld tilsette og embetsmenn – altså ikkje styret. For institusjonane betyr det at lova gjeld for rektor og dei tilsette under rektor. Det er berre den som har ansettelsesmynde som kan ilegge nokon ordensstraff.

I røynda vil det vere keisamt å byrje å gå etter tilsette med varsel om ordensstraff som einaste virkemiddel. Ein nyttar difor i stor grad munnleg og skriftleg irettesetting som første reaksjonsform når det er tilsette som ikkje følger tenestepliktene. Men òg før ein byrjar med irettesettingar vil ein gjerne gjere ei kartlegging og ha samtalar med den tilsette om kvifor tenestepliktene blir brote. Det er truleg betre for arbeidsmiljøet om ein prøver å løyse problemet med forsinka sensur med å gjere dei tilsette og insittusjonen i stand til å levere sensur i tide heller enn å jage tilsette med trugsmål om straff.

Etterord

Det er viktig for institusjonanen å ha både eit god arbeidsmiljø for dei tilsette og eit godt læringsmiljø for studentane. Det bør ein kunne få til innafor dagens rammer for verksemdene i høgare utdanning. Målet med å påpeike at forsinka sensur er brot på tenestepliktene er ikkje å forsure arbeidsmiljøet eller å heksejage dei tilsette. Målet er å synleggjere at sensurfristen er noko ein har eit faktisk og objektivt ansvar for, og at ein må inrette verksemda slik at ein faktisk overheld fristen. Om verksemda sjølv ikkje klarer det må styrene ta ansvar for å sjå til at verkesemda blir dreven i høve til krava i univeristets- og høgskulelova. Då er det òg viktig å vere klar over at ein objektiv frist vedtatt av Stortinget er så viktig å overholde at ein kan vedta ordensstraff om fristen blir prioritert vekk.