Obligatorisk undervisning er noko ein som student og tilsett ved høgskulen får eit nært forhold til. I dei fleste utdanningane er det både naudsynt og ynskjeleg med innslag av obligatorisk undervisning. Slike obligatoriske krav gjør derimot inngrep i retten ein kvar har til å gå opp til eksamen for å få sine kunnskapar prøvde. Både som student og som tilsett må ein difor respektere både motiva for og rammene for obligatorisk undervisning. Under finn du ein kort gjennomgang av begge deler.

Utgangspunktet for obligatorisk undervisning

Det juridiske utgangspunktet for obligatorisk undervisning er at forvaltninga kan sette vilkår for å gjenomføre eit vedtak. Det høyres kanskje komplisert ut, men i dette tilfellet er det veldig enkelt. Det ein i røynda gjer er å sette vilkår for at studenten skal få gå opp til eksamen. Så må ein skilje mellom forkunnskapskrav (det ein må kunne før ein melder seg opp) og obligatorisk undervisning (det ein må gjennom etter ein har meldt seg opp for å få ta eksamen). Det er kun det siste som er vilkår etter reglane i forvaltningsretten.

At obligatorisk undervisning er vilkår for å få gå opp til eksamen er både svært nyttig å være klar over når ein skal sjå på kva ein kan ha som obligatorisk undervisning, og orientere seg om rammene for gjennomføring og endring av krava. For det første gjer det at ein lett finn rammene som står i universitets- og høgskulelova, og for det andre gjer det at ein forstår at ein må ta omsyn til den ulovfesta vilkårslæra. Okei, ein forstår kanskje ikkje det siste umiddelbart om ein ikkje er jurist eller har mykje erfaring med forvaltningsrett. Men du kan lese meir om det òg like under. Det er ikkje så veldig vanskelig. Ikkje på ordentlig.

Rammene slik dei går frem av universitets- og høgskulelova

Det står eigentlig ikkje i universitets- og høgskulelova at institusjonen kan stille vilkår for å gå opp til eksamen. Men det ligg implisitt i følgjande føresegn:

§ 3-10. Rett til å gå opp til eksamen
(1) Den som oppfyller kravene til opptak, jf. § 3-6, og andre krav for å gå opp til eksamen i vedkommende fag eller studium, har rett til å gå opp til eksamen. Dette gjelder også studenter som ikke er opptatt ved faget eller studiet.
(2) Oppmelding etter denne paragraf kan nektes dersom kandidaten ikke har fulgt obligatorisk undervisning eller gjennomført obligatorisk praksis.
(3) Styret gir forskrift om adgangen til å gå opp til eksamen, (…)

I praksis betyr dette at ein kan sette obligatorisk undervisning og praksis som vilkår for å gå opp til eksamen. Eit føremon er at vilkåret må vere fastsatt på ein måte som er godkjent av styret. Vanlegvis vil det seie at styret har laga ei forskrift som seier noko om at det kan settas vilkår i emneskildringa eller studieplanen. I røynda finn ein oversyn over alle vilkåra som kan settast i emneskildringa.

Forklaring av rammene som går frem av universitets- og høgskulelova

I Norge er det slik at når ein vedtek ei lov er det ikkje alt som står i lova. Til dømes står det ikkje i universitets- og høgskulelova kva rammer ein må forholde seg til. Det står i eit av førearbeida – ein såkalla odelstingsproposisjon; eller ot.prop. om ein vil. Ein slik proposisjon er eit dokument som Stortinget får før dei vedtek ei lov. Der står ei forklaring på alt regjeringa vil at Stortinget skal vedta. Med mindre Stortinget seier noko anna enn det som er skrevet i proposisjonen går ein ut ifrå at Stortinget er einig i det som står der. Så kva står det om vilkår for å gå opp til eksamen?

Vilkår for å gå opp til eksamen er omtala i ot.prp.nr.85 (1993-1994). Det er eigentlig førearbeida til den forrige universitets- og høgskulelova § 40, men føresegna er videreført som den er i dagens universitets- og høgskulelov § 3-10. Det som står er:

For at en obligatorisk del av undervisningen skal kunne anses som et krav som må være oppfylt for å kunne gå opp til eksamen som privatist, er følgende kriterier avgjørende:
– kurset, oppgaven, praksisopplæringen el. gir i seg selv en vesentlig kompetanse (ferdighet) som er en del av formålet med utdanningen
– denne kompetansen kan ikke prøves ved ordinær eksamen.

Eksempel på slik obligatorisk undervisning vil være praktiske laboratoriekurs, de kliniske deler av medisinerutdanningen og annen praksisopplæring i utdanninger for yrker der omsorg for og kontakt med pasienter, klienter, elever oa. står sentralt.

No vil ein og anna oppvakt person legge merke til at dette er krava for å kunne gå opp til eksamen som “privatist”. Det har ikkje så mykje å seie. I forvaltninga har me krav om likehandsaming og ein stiller difor ikkje forskjellige krav. For den som har lest kommentarutgåva til universitets- og høgskulelova og vil innvende at prof. dr. jur. JF Bernt meiner ein kan stille krav av reine studiekvalitetsomsyn så skal ein vite at det ikkje er gitt heimel for det i universitets- og høgskulelova. Men det er uansett eit sidespor.

Utgangspunktet er altså at vilkåra ein stiller må gi ein vesentlig kompetanse som ikkje kan prøvast med eksamen.

Kva med denne vilkårslæra da?

Vilkårslæra er såkalla ulovfesta rett. Det vil i dette tilfellet seie at det er lang og konsekvent praksis som ligg bak. Nå er det rett nok slik at skriven lov ofte er lettare å tyde enn ulovfesta rett. Likevel må ein respektere den ulovfesta retten. Til dømes hadde ein i Norge i lang tid ulovfesta parlamentarisme i praksis. Landet blei ikkje mindre demokratisk av den grunn. Ulovfesta rett er altså minst like viktig som den lovfesta retten.

I vilkårslæra finn ein nokre viktige prinsipp som ein skal følgje når ein lagar og gjennomfører obligatorisk undervisning. Det er tre føresetnader ein skal vere klar over:
     a) vilkåret må ikkje stride med norsk lov eller internasjonale forpliktingar,
     b) det må vere sakleg samanheng mellom vilkåret og vedtaket, og
     c) vilkåret må stå i høve til vedtaket

Når det gjeld (a) er det sjølvsagt at ein ikkje kan krevje at studentane bryt norsk lov. Men det ligg òg i kravet at ein må respektere studentane sine rettar. Eit døme var ein klasse på HVL som like før stortingsvalet måtte delta i det dei opplevde som ein demonstrasjon der dei mellom anna måtte dele ut lappar med påskrifta “stem på en regjering som bryr seg om miljøet”. Sjølv om mange kan vere einig i ein slik påstand var det eit brot på studentane sin rett til politisk fridom etter menneskerettslova. Saka gir eit godt døme på kvar grensa går. Om ein er i tvil, så spør ein næraste leiar.

Når det gjeld (b) kan ein sjå til det som står i forarbeida til universitets- og høgskulelova over. I tillegg må ein unngå flåsete vilkår. Eit døme kan vere vilkår om å springe 110 meter hekk på under 20 sekunder for å få gå opp til eksamen i norks litteraturvitskap. Ein kan derimot stille som vilkår at studentane i eit emne om musikk-komposisjon skal delta på ein gitt konsert i Grieghallen eller at studentane i eit emne om friluftsliv skal være med på ein telttur i løpet av semesteret.

Når det gjeld (c) må ein forholde seg til kor krevjande vedtaket er for studenten. Er det til dømes eit emne på 5 studiepoeng i første semester kan ein ikkje stille eit vilkår som minnar om ei 60 studiepoengs masteroppgåve for å få gå opp til eksamen. Likevel må ein vere klar over at ein i høgare utdanning kan stille vilkår som er meir krevjande enn sjølve eksmaen i emnet. Det vesentlig er den totale arbeidsbelastningen i emnet, ikkje kvart einskild element.

Litt om motivet for obligatorisk undervisning

Då har me sett litt på rammene for obligatorisk undervisning. Men kva med motivet? I høgare utdanning er motivet å gi studenten kunnskap og ferdigheter, og samstundes kunne gå god for at studenten har dei kunnskapane og ferdigheita. I røynda er motivet at studenten skal kunne det som er stilt som krav til kunnskap og ferdigheter i emneplanen – og at institusjonen står som ein form for garantist for det når studenten får karakterutskrift eller vitnemål.

Motiva for obligatorisk undervisning er vesentlig for å kunne forstå kva som skjer når det er gjort feil med kunngjeringa av obligatorisk undervisning eller ein har behov for å gjere endringar i allereie kunngjort undervisning. Me skal først sjå på moglegheita til å endre på allereie kunngjort obligatorisk undervisning og deretter på verknaden av feil.

Endring av allereie kunngjort obligatorisk undervisning

I utgangspunktet skal ein ikkje endre på obligatorisk undervisning som er kunngjort. Det kan by på nokre utfordringar. Til dømes vil det oppstå hendingar som institusjonen ikkje har kontroll over og som ein må tilpasse seg. I rettsvitenskapen talar ein då om force majeure høve. Force majeure er kun høve ein ikkje kan planlegge for, som til dømes krig, naturkatastrofar og i nokre tilfeller sjukdom hjå tilsette. Ferie og avspassering er ikkje force majeure. Manglande avtale med ekstern førelesar er heller ikkje force majeure.

Av og til oppstår det spørsmål om det i det heile tatt er mogleg å endre på allereie kunngjort obligatorisk undervisning. Når utgangspunktet er at det ikkje er mogleg kan ein til dømes ikkje endre kunngjort obligatorisk undervisning på grunn av seminarer for dei tilsette eller andre hendingar som institusjonen har kontroll over. Samstundes har ein ved HVL eit krav om at timeplanen skal vere kunngjort 15. desember for våren og 15. juni for hausten. Om ein endrar obligatorisk undervisning av andre grunnar en force majeure etter dette så er det brot på tenestepliktene ein har som offentlig tilsatt.

Når ein faktisk må endre

Når det oppstår ei force majeure hending må ein endre på obligatorisk undervisning. Her er det viktig å huske motivet for obligatorisk undervisning. Sidan det er snakk om kunnskaper og ferdigheiter ein må sikre seg at studentane har er det ikkje mogleg å avlyse obligatorisk undervisning. Er det mogleg å avlyse obligatorisk undervisning så skal det i utgangspunktet ikkje vere obligatorisk undervisning. I røynda har ein to moglegheiter:
     a) flytte på undervisning, eller
     b) gi kompenserande krav.

Det mest praktiske vil ofte vere å flytte på den obligatoriske undervisninga. Om ein veljer det som løysing så må ein gi beskjed til studentane så snart som mogleg. Det er ikkje gitt lokale regeler for når ei slik endring skal kunngjerast på HVL. Utgangspunktet er at studenten skal ha varsel så snart som mogleg. Arbeidet ved institusjone skal følgje ein arbeidsplan i samsvar med reglene i arbeidmiljøloven § 10-3. Kravet er at planen skal vere klar seinast to veker før arbeidet tek til. Institusjonen må altså ha klart føre seg når ein skal drive arbeid seinast to veker før undervisninga tek til. Studentane skal difor alltid ha beskjed seinast to veker før undervisninga tek til. Studentombodet si anbefaling er å gi beskjed ein månad i forveien.

Ein kan òg velje å gi kompenserande arbeidskrav dersom ein ikkje klarer å flytte undervisninga. Om ein velgjer denne løysinga må ein gjere det ein kan for at endringa ikkje skal føre til ei uforholdsmessig auka arbeidsbyrde for studentane.

Verknaden av feil

Dersom det har skjedd feil i kunngjeringa eller utforminga av obligatorisk undervisning må feilen rettast opp. Det er ikkje slik at feil fører til at den obligatoriske undervisninga fell bort. Men, om institusjonen har gjort feil må ein strekke seg så langt som mogleg for å rette feilen uten at det skapar unødvendig bry for studenten. Eit døme er dersom ein har glemt å føre opp obligatorisk undervisning i timeplanen. Om ein student på grunn av feilen må velgje mellom arbeid han eller ho har forplikta seg til og obligatorisk undervisning som blir kunngjort for seint kan institusjonen komme i ein situasjon der dei har erstatningsansvar for tapet studenten lid. Ein må hogse at staten, ved Statens lånekasse for utdanning, føresett at studentane har ei inntekt på 3.696 kroner per månad etter skatt ved sidan av utdanninga (ikkje medrekna inntekt i sommarfeiren). Det er altså ikkje slik at ein kan føresette at utdanning er den einaste geskjeftigelsen til studenten.

På den andre sida må ein som student tilpasse seg og vere villig til å medvirke om det har skjedd feil. Obligatorisk undervisning går frem av emneskildringa og studenten er sjølv ansvarlig for å sette seg inn i denne. Om ein studnet oppdager at det ikkje er samsvar med oppsatt obligatorisk undervisning og emneskildra så må studenten gi emneansvarleg beskjed om det så snart som mogleg for å minimere skadene av feilen.