Svar på #23 og #24


Nøtt #23

Oline Ås drog i stand julefest med rektorvennene sine, Knut Mais og Gudrun Bowie. Gudrun slo på stortromma, bokstaveleg talt, og hadde med seg universitetsorkesteret sitt på festen. Resten av høgskulen var òg invitert.

Knut Mais hadde ikkje noko eige orkester. I staden la han ut meldingar om Gudrun sitt orkester på Twitter; og hinta frampå om at dei skulle nok få det på Metropolbyen Mikrouniversitet òg. Så tok han ei rekke bildar av både orkesteret og festen elles.

Eit av bileta viste Lise Tastad med nesa full av eit kvitt pulver som kunne minne om melis. Det likte Lise svært dårleg at blei lagt ut på Twitter. Knut meinte han hadde rett til å publisere alle bildar som er tatt i det offentlege.

Har Knut rett til å publisere bildet?

ALTERNATIV:
1. Knut gjer som han vil, han er jo rektor!
2. Nei, ikkje når Lise ikkje har samtykka.
3. Jo, Lise treng ikkje å samtykke når bildet er tatt på offentleg stad.

Svar

Om ein blir tatt bilde av må ein godkjenne til offentliggjering (jf. åndsverklova § 104). Alternativ 1 er rett.

Nøtt #24

Studentane på Norges Vestlegaste Høgskule (NVH) tek no juleferie. Ja, dei tek rett og slett ferie heilt frem til neste års julekalender.

Det siste dei lurer på er når fristen for å semesterregistrere seg, melde seg til eksamen og betale semesteravgift er?

PS: Det er same reglar for studentane på NVH som på HVL.

Lykke til med neste semester, og god jul!

ALTERNATIV:
1. Første februar! God jul!

Svar

Tja…det burde vel vere lett med berre eit alternativ?

No er det jul! Med det ynskjer studentombodet alle god jul for denne gong, og godt nytt år om vel ei veke!

Spread the word. Share this post!

Eg er Studentombod ved Høgskulen på Vestlandet, og kanskje meir glad i forvaltningsrett enn dei fleste. På studentombodet.no skriv eg om saker som opptar meg og som eg synest er viktige for høgskulen og studentane.