Nøtt

Lise Tastad fekk etter kvart vite karakteren dei opphavlege klagesensorane hadde kome frem til. Det var ein B.

Lise lurte på korleis den ytterlegare vurderinga hadde føregått. Ho fekk då vite at den gjekk føre seg slik at dei to klagesensorane møtte med den opphavlege sensoren, og så blei dei einige om kva karakter som endeleg skulle settast. Lise hadde ikkje høyrt noko undervegs.

Dette meinte Lise høyrtest veldig merkeleg ut. Ho hadde tatt JUS101 Forvaltningsrett som valfag og var ikkje einig i at framgangsmåten var i samsvar med reglane for klagesakshandsaming i forvaltninga.

Er dette rett måte å handsame ein sensurklage på?

ALTERNATIV:
1. Ja, dette er heilt vanleg måte å handsame klager på i forvaltninga.
2. Ja, dette er Kunnskapsdepartementet si anbefaling som Stortinget har godtatt.
3. Nei, forvaltningslova § 34 sine føresegn om klageinstansens kompetanse seier at klageinstansen sjølv skal fatte vedtaket i klagesaken.

Svar

Kunnskapsdepartementet skildra samstundes med lovforslaget dette som ei mogleg løysing for handsaming av saker etter føresegna om vesentleg karakteravvik (Prop.64 L (2012-2018)).

Lise har heilt rett i at dette ikkje er ein fremgangsmåte som samsvarar med korleis ein handsamer klager i forvaltninga. Det er få (om nokon) andre stader klageinstansen skal gå saman med førsteinstansen for å komme frem til ei omforent vedtak når klageinstansen meiner førsteinstansen har gjort feil. Likevel er det nok slik at dette er rett måte å gjere det på slik føresegna er vedtatt av Stortinget. Alternativ 2 er difor rett.