Svar på #21


Nøtt

Lise Tastad, som hadde klaga på sensur i FISK331, fekk klagesensuren sin i går. Der viste det seg at ho hadde fått ein D (opp to karakterar frå stryk).

I grunngjevinga til opphavleg sensur hadde sensor skrevet at Lise si oppgåve eigentleg ville stått til ein A, om det ikkje hadde vært for ein feil ho hadde gjort som sensor meinte var så alvorleg at ho måtte stryke.

Lise meinte derimot at det sensor peikte på som feil ikkje var ein alvorleg feil men eit tema som var omstridt i forskinga på feltet.

Sidan Lise hadde gått opp to karakterar måtte det ha vært gjort ein «ytterlegare vurdering» (jf. universitets- og høgskulelova § 5-3 (6)). Lise bad difor om å få vite kva karakter dei opphavlege klagesensorane kom frem til.

Har lise krav på å få vite karakteren?

ALTERNATIV:
1. Ja, ho skal få vite alt som skjer i klageprosessen!
2. Nei!
3. Jo, sidan det er ein faktisk opplysning av betydning for hennar sak så skal ho det.

Svar

Juristane i universitets- og høgskulesektoren er endå ikkje einige om kva som er rett svar på dette spørsmålet.

Det er slik at i det klagesensorane kjem frem til ein karakter som er meir enn ein karakter betre eller dårlegare enn den karakteren det klagast på så skal institusjonen gjere ei ny vurdering. Når det blir satt i gang ei ny vurdering så endrar det sakshandsamingsreglene. Det at institusjonen nyttar andre sakshandsamingsreglar er openbart av ein slik betydning for studenten at ho har rett til å få vite det.

Når det gjeld kva klagesensorane kom frem til meiner nokre juristar i sektoren at kandidaten ikkje har tilgang til den opplysningen fordi ein kan holde tilbake enkelte opplysningar etter særskilde føresegn i forvaltningslova (§§ 18 a – 19). Når ein gjer det må ein derimot vurdere om det er behov for å halde tilbake opplysningane, og om det ikkje er det så skal dei frigis (jf. § 18 andre ledd). Om behovet for innsyn veg tyngre enn behovet for unntak skal ein gi innsyn.

Behovet for unntak må følgje av §§ 18 a til 19. Føresegna i §§ 18 b, 18 d og 19 kjem ikkje til å gjelde på denne typen saker. Me ser på §§ 18 a og 18 c

§ 18 a.(dokument utarbeidet for egen saksforberedelse).
En part har ikke krav på å gjøre seg kjent med dokument som et forvaltningsorgan har utarbeidd for sin egen interne saksforberedelse (organinterne dokumenter). Første punktum gjelder ikke foredrag til saker som blir behandlet av Kongen i statsråd, etter at saken er avgjort, og presedenskort, med mindre kortet gjengir organinterne vurderinger.

Kongen kan gi forskrift om at det ikke skal kunne gjøres unntak etter første ledd for bestemte dokumenter i bestemte statlige eller statlig tilknyttede organer.

(…)

§ 18 c.(innsyn i faktiske opplysninger mv.).
Selv om dokumentet eller deler av det er unntatt etter reglene i §§ 18 a og 18 b, har parten rett til å gjøre seg kjent med de deler av det som inneholder faktiske opplysninger eller sammendrag eller annen bearbeidelse av faktum. Dette gjelder likevel ikke faktiske opplysninger uten betydning for avgjørelsen og heller ikke når opplysningene eller bearbeidelsen finnes i et annet dokument som parten har tilgang til.

Dei ovanfor nemnte føresegna må sjåast i lys av § 18 sitt føresegn om at innsyn bør gis dersom behovet for parten veg tyngre enn behovet for unntak.

Saka er ikkje avslutta før karakteren er ført inn i Studentweb. Dei dokumenta som sensorane utarbeider kan såleis takast unna innsyn som organinterne dokument. No er det derimot slik at det klagesensorane kjem frem til i utgangspunktet er meint å bli det endelige vedtaket i saka. Det er ikkje ei intern innstilling men eit endelig faglig skjønn. I så måte er karakteren òg ein faktisk opplysning om den faglige skjønnsmessige vurderinga.

Når ein eventuelt skal vurdere kva som veg tyngst må ein sjå på kva føremålet med den faglige vurderinga er. Det er å gi ein karakter til kandidaten. Om ein skal halde karakteren hemmelig for studenten må det altså vere andre omsyn som taler for det. Eit mogleg omsyn er at ein student som får vite at ho står i fare for å gå ned to karakterer då har betre grunnlag for å trekkje klaga si enn ein student som berre vil gå ned ein karakter. Me skal sjå litt nærare på det.

Om argumentet for å halde karakteren hemmelig er at det vil gi ein student betre grunnlag for å trekke klagen må argumentet vere eit omsyn som ein må legge vekt på. Det er ikkje nok at ein ynskjer å gjere det. Ved klagesensur er det slik at kandidaten kan gå ned i karakter. Det er eit klart avvik frå reglane i forvaltninga ellers og svekker studentane sin rettstryggleik. Den einaste grunnen til at regelen er slik er at ein ynskjer at så få studentar som mogleg skal klage på karakteren sin. Det finst ingen andre grunnar til å vektlegge det siste av to forsvarlige faglige skjønn. I det ligg òg essensen i vurderinga. Staten har ingen interesse av kandidaten skal påtvingast ein dårlegare karakter enn det som er nødvendig så lenge det faglig skjønnet er forsvarleg. Det er altså ikkje i staten sin interesse at kandidaten ikkje trekk klagen sin når ho eventuelt får vite at ho kan gå ned to karakterer.

Om ein veg parten sitt behov opp mot staten sitt finn ein at parten sitt behov veg tyngst.

Det same gjeld òg om ein vurderer behovet for innsyn etter formålet med innsyn etter forvaltnings- og offentleglova samla. Det er å betrygge offentlega om sakshandsaminga i det offentlige. Om det blir halde hemmelig kva klagensensuren eigentlig var, før den tredje vurderinga så vil det ikkje stå i samsvar med føremålet med plikta til å gi innsyn.

I denne saka er det slik at nummer 3 er riktig.

For kandidatar som klager kan det vere svært nyttig å få vite om klagen blir handsama etter reglene om ny tredje vurdering etter universitets- og høgskulelova § 5-3 (6). Alle som klagar på karakter D eller betre bør krevje innsyn i prosessen undervegs, med omsyn på vesentlig karakteravvik. Om du som kandidat gjer det har du betre grunnlag for å vurdere å trekke klagen dersom klagesensorane kjem frem til ein vesentleg dårlegare karakter enn utgangspunktet.

Spread the word. Share this post!

Eg er Studentombod ved Høgskulen på Vestlandet, og kanskje meir glad i forvaltningsrett enn dei fleste. På studentombodet.no skriv eg om saker som opptar meg og som eg synest er viktige for høgskulen og studentane.