Nøtt

Lise Tastad hadde klaga på sensuren på eksamen i FISK331 Metodar for fôring av makrell. Det var ein eksamen ho hadde hatt 1. oktober, og sensuren var komen 22. oktober. Ho klaga same dag, og tykte det tok vel lang tid før ho fekk svar.

Når ho purra på svar 22. november fekk ho beskjed om at det kom til å ta lenger tid enn forventa. Ho lurte på kvifor, men fekk ikkje noko svar på det.

Har Lise rett på å få vite kvifor det tek så lang tid?

ALTERNATIV:
1. Nei, kvifor skulle ho nå få vite det?
2. Ja, sjølvsagt!
3. Kanskje, kanskje ikkje. Me får sjå om det ikkje blir snø i år òg.

Svar

Fristen om at sensur skal vere klar innan tre veker i universitets- og høgskulelova § 3-9 (4) første setning gjeld ikkje for klagesensur. Det er difor den aleminnelige fristen i forvaltningslova § 11 a, første ledd, som gjeld. Regelen er då at den vedtaket rettar seg mot (kandidaten som har klaga på sensuren) skal ha svar utan ugrunna opphold.

Etter forvaltningslova § 11 a, tredje ledd skal forvaltingsorganet gi mellombels svar i samsvar med forvaltningslova § 11 a andre ledd om saka som handsamast gjeld eit einskildvedtak og den ikkje er ferdig handsama innan ein månad. I § 11 a, andre ledd, andre setning, står det at det mellombelse svaret skal angi kva som er grunnen til at det tek lenger tid og om mogleg når ein kan forvente svar.

I saka til Lise har det gått ein månad og ho har difor rett på å få vite kvifor det tek så lang tid. I røynda skal institusjonen gi ho informasjon om det av eige tiltak (i.e. skal sleppe å måtte spørje). Rett svar er difor 2.