Nøtt

Peder Ås hadde tidelegare i semesteret fått utgreia dysleksi. Han søkte difor om å få tilrettelegging på eksamen. Søknadsfristen var 1. september, men Peder fekk ikkje utgreiinga før 3. september. Han søkte difor ikkje før 4. september.

Peder fekk diverre avslag på søknaden sin , fordi den var komen inn for seint. Det meinte Peder var feil. Han klaga difor på avslaget.

Etter vel ei veke fekk Peder svar frå utdanningsadministrasjonen om at dei etter ei grundig gjennomgang hadde avslått klagen hans.

Peder lurte på om det var rett at det var utdanningsadministrasjonen som skulle handsame klaga hans?

ALTERNATIV:
1. Ja. Når ein klager betyr det at den som har fatta vedtaket skal vurdere det på nytt.
2. Nei. Når ein klager skal klagen handsamast av eit overordna organ eller ei klagenemnd.
3. Joda, det er slik at dei som har fatta vedtaket skal vurdere det på nytt først. Om dei ikkje endrar på det kan du klage på nytt og først då går klagen vidare til overordna organ eller klagenemnd.

Svar

Når det blir fremma ein klage skal dei som har utforma det opphavlege vedtaket gjere førebuingar før vedtaket blir sent til klageinstansen. I samband med dei førebuingane skal dei òg vurdere om det er grunn til oppheve eller endre vedtaket (jf. forvaltningslova § 33 første ledd, første og andre setning). Det er ikkje det same som at førsteinstansen (som blir kalla underinstansen i forvaltninigslova § 33) vurderer klagen. Om vedtaket ikkje blir endra eller oppheva skal førsteinstansen sende klagen direkte til klageinstansen. Dei skal ikkje vurdere klagen sjølv først, og så sende den tilbake til klagar.

Ingen av svaralternativa er riktige i dag. Alle som har svara får uttelling som om dei har svar rett.