Nøtt

Lars Holm fekk syna at det skulle vere utarbeidd sensorrettleiing òg til munnleg eksamen. Han nemnte det for sensor og sa samstundes at han kom til å klage.

Sensor meinte derimot at universitets- og høgskulelova § 5-3 (5) stadfesta at ein ikkje kunne klage over vurderinga på munnleg eksamen. Han sa difor til Lars at dette kunne han nok ikkje klage på.

Stemmer det at Lars ikkje kan klage over at det mangla sensorrettleiing på munnleg eksamen?

ALTERNATIV:
1. Nei, Lars kan ikkje klage.
2. Joda, sjølvsagt kan Lars klage.
3. Sensor tek feil om kva klage det er. Lars kan ikkje klage over vurderinga, men han kan klage over formell feil!

Svar

Universitets- og høgskulelova skiljar på klage over vurderingsresultatet og andre klager over sakshandsaminga. Dei to er kalla for “Klage over karakterfastsetting” og “Klage over formelle feil”. Det kan vere forvirrande.

I dette tilfellet er det snakk om ein såkalla klage over formelle feil – eller klage over sakshandsaminga som det i røynda er. I motsetning til ved klage over karakterfastsettinga (som i røynda ikkje er ein klage men ein heilt ny skjønnsmessig vurdering) er det ikkje lagt hindringar i vegene for å levere klage over formelle feil ved munnleg eksamen.

Rett svar er 3.

PS: Frå 1. juli 2018 blei det eit objektivt krav om skriftleg sensorrettleiing på alle eksamenar i Norge (jf. universitets- og høgskulelova § 3-9 (2) tredje setning). Det er ikkje unntak frå dette kravet. Om sensorrettleiing ikkje er utarbeida vil det vere tenesteforsømming.