Svar på #15


Nøtt

Marte høyrte om saken til Lise. Sjølv har ho eit problem med ein sensor som ho har stått i bresjen for å få fjerna som førelesar.

I FISK210 var førelesaren så dårleg skikka at alle studentane gjekk saman om ein klage. Det var Marte som førte frem klagen, som tillitsvald. Læraren blei tatt ut av undervisninga og det var det siste med den saken, trudde ho.

No var den same læraren sensor på ei oppgåve i FISK221, som er eit valfag Marte tek.

Kan Marte, som Lise, krevje byte av sensor?

ALTERNATIV:
1. Ja, eg sa jo i går at alle kan krevje det på ein eksamen i semesteret!
2. Nei, dette må ho berre godta.
3. At ein førelesar som Marte har hatt konflikt med er sensor kan svekke tilliten til vurderinga av Marte sitt eksamenssvar. Ho kan krevje å få byte om det ikkje er særleg byrdefullt for skulen å finne ein annan sensor.

Svar

Om ein ikkje har lest svaret på #14 så bør ein kanskje gjere det først. Her er det same jussen som er utgangspunktet.

At Marte har gått i front for å få byta ut førelesar i eit emne treng ikkje nødvendigvis gjere den førelesaren ugild. Det kan hende førelesaren var einig i at det ikkje fungerte å undervise i den klassen. Kva som er dei konkrete omstenda kan ha mykje å seie for ei sak. Om det derimot har vært ein tydelig konflikt mellom Marte som tillitsvald og den aktuelle førelesaren så kan det vere grunnlag for eit sensorbyte.

I dette eksempelet kan både 2 og 3 vere rett.

Spread the word. Share this post!

Eg er Studentombod ved Høgskulen på Vestlandet, og kanskje meir glad i forvaltningsrett enn dei fleste. På studentombodet.no skriv eg om saker som opptar meg og som eg synest er viktige for høgskulen og studentane.