Nøtt

Trine Vold bur eit lite stykke utfor sentrum og må levere ungen sin i barnehagen før ho kjem på førelesning. Sidan barnehagen ho har fått tildelt plass i av kommunen ikkje opnar før halv åtte klarer ho ikkje å komme seg på førelesning før klokka er blitt fem over åtte.

Førelesaren som har denne morgontimen, som byrjar klokka åtte, har sett seg lei på at Trine alltid er for sein og seier at om ho ikkje byrjar å komme til rett tid så skal ho få fråvær for heile timen. Det er nemleg obligatorisk undervisning.

Trine lurer på om det er rett at ho kan få fråvær for ein heil time (45 minutt) når ho berre er fem minutt for sein. I tillegg lurer ho på om ikkje skulen skal legge til rette for ho som har små barn?

ALTERNATIV:
1. Trine burde få fråvær to timar, ein er for lite! At ho har barn har uansett ikkje noko å seie.
2. Trine kunne fått fråvær for ein time, men sidan ho har barn skal ho få tilrettelegging. Vips, ingen fråvær!
3. Trine skal ha fråvær for tida ho er vekke, korkje meir eller mindre. Ho kan få tilrettelegging, men det er ikkje det same som gyldig fråvær.

Svar

Trine har små barn, og det krevst at ein tek omsyn til personar med omsorgsoppgåver. Kor mykje ein skal ta omsyn avhenger av situasjonen – men ein kan utelukke alternativ ein.

Sjølv om Trine har barn får ho ikkje tilrettelegging i form av “ingen fråvær”. Det ville vere å redusere dei fagelge krava i faget. Så alternativ to er heller ikkje rett.

Alternativ tre er rett. Om undervisninga er av ein slik art at det krevst 100 % oppmøte kan det hende Trine kan få tilrettelegging om ho ikkje klarer å få med seg heile undrvisninga. Som nemnt tidlegare i kalenderen ynskjer samfunnet å legge til rette for kvinner med små barn. Tilrettelegging må ev. skje utan å svekke dei faglege krava.