Nøtt

Etter rektorvalet i sommar skal det òg veljast nye styremedlemmer blant studentane. Blant dei kvinnelege studentane er det to kandidatar, Lise Tastad og Marte Kirkerud.

Når valet blir talt opp viser det seg at det er like mange stemmer mellom Lise og Marte.

Sidan det er like mange stemmer meiner rektor at ho kan bestemme kven som skal sitte i styret. Ho veljar Lise.

Marte Kirkerud lurer på om dette har gått rett føre seg?

ALTERNATIV:
1. Det er studentane som skal velje sine eigne styrerepresentantar!
2. Studentane kjem formelt sett berre med forslag. Det er institusjonen, ved rektor, som oppnemnar.
3. Nei no gjer eg meg øve! Det er sjølvsagt rektor som bestemmer dette!

Svar

Universitets- og høgskulelova § 9-3 (1) regulerer kven som skal vere medlem i av styret. Om studentane står det “to medlemme valgt blant studentene”.

Føresegna om studentane inneheld fleire reguleringar. For det første skal desse styremedlemmene vere vald. For det andre skal valet holdast blant studentane. At eit val skal holdast blant ei gruppe inneber både at det er denne gruppa som skal gje stemmene og at det kunn er frå denne gruppa ein kan hente kandidatar.

Svaret denne gongen må difor bli at det er studentane som skal velje sine eigne styrerepresentantar.