Nøtt

Ole Vold skulle ha lab i Lillevik klokka 12 torsdag den 13. september. Men på grunn av narkotikasaka han vart blanda inn i rundt jul i fjor blei han kalla inn til avhøyr i Storeby på dette tidspunktet.

Ole undersøkte med politiet om dei ville flytte avhøyret, men dei viste til straffeprosesslova § 230, tredje ledd, første setning, om at han som vitne hadde plikt til å møte.

I den veka Ole skulle i avhøyr var det lab for gruppe 1 på måndag, gruppe 2 på tysdag, gruppe 3 på onsdag og gruppe 4 på torsdag. Ole lurte difor på om han kunne få byte gruppe for å gå i avhøyret.

Har Ole Vold krav på å få byte?

Svar

Av straffeprosessloven § 230 tredje ledd, siste setning går det fram at Politiet berre kan hente eit vitne for fremstilling dersom vitent ikkje har hatt gyldig fråvær. Kva som er gyldig fråvær er definert i tvisteloven § 13-4. Der går det frem av første ledd, første setning at det er gyldig fråvær dersom fremstillinga vil vere uforholdsmessig byrdefull.

Om ein student som må møte som vitne i ei politietteforsking går glipp at undervisning som er obligatorisk for å få gå opp til eksamen vil det som regel vere uforholdsmessig byrdefullt. Unntak kan nok forekomme i etteforskning av svært alvorlige forbrytelser med ein viss gjentakelsesfare (til dømes saker om terror, gjentakende vold, drap, etc.). Det er altså Politiet som må tilpasse seg, ikkje høgskulen.

No var kanskje ikkje dette eit enkelt spørsmål å svare på. I hovudsak er det tatt med fordi nokre studentar frå tid til annan kjem i denne situasjonen. Då må ein vite at det ikkje er alltid høgskulen har plikt til å tilpasse seg. Svaret for denne gong må bli at Ole ikkje har krav om å få byte.

PS: Om det hadde vært ein alvorleg sak, som nemnt i parentesen over, så ville ein truleg snudd bildet og kunne pålagt høgskulen å legge til rette. Det må følgje av at samfunnet sine interesser av å avklare ein alvorlig straffesak med gjentakingsfare veg langt tyngre enn byrda det vil vere for høgskulen å legge til rette for ein einskildstudent.