Nøtt

Marte Kirkerud bad om grunngjeving på sensuren ho hadde fått, innan fristen på ei veke. På eksamen fekk Marte karakteren C. I grunngjevinga står det:

“Jamt over god prestasjon.”

Det tykkjer Marte seier lite om korleis svaret hennar eigentlig var. Eksamen var i dette tilfellet ein heimeeksamen på ca. 20 sider.

Marte lurer på om ho har fått god nok grunngjeving?

Svar

Den almenne føresegna for grunngjeving finn me i forvaltningslova § 25. Den lyd:

I begrunnelsen skal vises til de regler vedtaket bygger på, med mindre parten kjenner reglene. I den utstrekning det er nødvendig for å sette parten i stand til å forstå vedtaket, skal begrunnelsen også gjengi innholdet av reglene eller den problemstilling vedtaket bygger på.

I begrunnelsen skal dessuten nevnes de faktiske forhold som vedtaket bygger på. Er de faktiske forhold beskrevet av parten selv eller i et dokument som er gjort kjent for parten, er en henvisning til den tidligere framstilling tilstrekkelig. I tilfelle skal det i underretningen til parten vedlegges kopi av framstillingen.

De hovedhensyn som har vært avgjørende ved utøving av forvaltningsmessig skjønn, bør nevnes. Er det gitt retningslinjer for skjønnsutøvingen, vil i alminnelighet en henvisning til retningslinjene være tilstrekkelig

I tilleg har ein ei eiga føresegn for høgare utdanning i universitets- og høgskulelova § 5-3 (2) andre setning som lyd:

I begrunnelsen skal det gjøres rede for de generelle prinsipper som er lagt til grunn for bedømmelsen og for bedømmelsen av kandidatens prestasjon.

Her er det altså gitt to føresegn der det er noko forskjellig innhald i lovteksten. I førearbeida til universitets- og høgskulelova finn ein at § 5-3 (2) berre er ein vidareføring av universitets- og høgskulelova (1995) § 52 nr. 2 (Ot.prp.nr.79 (2003-2004)). Teksten i den føresegna er heilt lik som i dagens § 5-3 (2) andre setning. Om ein så sjår til førearbeida til omtalte § 52 så vil ein sjå at det er lagt til grunn for lovteksten at føresegna “innebærer bare en konkretisering av de generelle prinsipper i forvaltningsloven § 25” (Ot.prp.nr.85 (1993-1994)).

Om ein byrjar med første ledd i forvaltningslova § 25 må ein syne til reglar vedtaket bygjer på. Om studenten kjenner dei kan ein sleppe. Dei reglane som her gjer seg gjeldande er først og fremst emneskildringa sine føresegn om kva ein skal oppnå i emnet. Samstundes kan ein ofte anta at desse er kjent for studenten. I røynda vil denne føresegna ofte vere utan reelt innhald for ei vurdering på eksamen.

Det andre leddet står det at ein skal nemne dei faktiske forhold. Det er heller ikkje nødvendig om dei faktiske forholda er skildra av studenten sjølv. Det er dei på eksamen. Føresegna om at studenten skal ha kopi er ivaretatt gjennom elektronisk eksamenssystem, eller det siste gjennomslagsarket som studenten får med seg under såkalla penn-og-papir-eksamen. Denne føresegna er ikkje tom, men den tilfører ikkje noko av verdi til utforminga av grunngjevinga studenten har krav på.

Den siste føresegna er den viktigaste for å etablere korleis ein skal ha grunngjeving etter eksamen. Den gjeld grunngjeving der forvaltninga har nytta skjønn. Vurdering av eksamen er skjønnsutøving, så ein må altså sei noko om kva hovudhensyn ein har nytta i skjønnsutøvinga. Om det er gitt sensorrettleiing er det derimot tilstrekkelig, etter forvaltningslova § 25 tredje ledd siste setning, å gi sensorrettleiinga som grunngjeving.

Det kan vere forvirrande at universitets- og høgskulelova sin ordlyd virkar å ta inn eit føremon om at ein i grunngjevinga skal seie noko om korleis ein har vurdert den einskilde student. Etter siste setning i tredje ledd i forvaltningslova § 25 er det altså ikkje nødvendig dersom ein legg ved sensorrettleiinga. I dei tilfeller det er nødvendig for å forstå vurderinga å gi meir grunngjeving enn sensorrettleiinga så bør ein gjere det. Det vil likevel ikkje vere eit absolutt krav om det.

Så til svaret på den konkrete oppgåva: Ei henvisning til det eine samla vurderingskriteriet for karakteren C er ikkje god nok grunngjeving. Marte har difor ikkje fått god nokk grunngjeving.