Nøtt

Peder Ås hugsar ikkje så godt og har gløymt kor lang sensurfristen på eksamen er. Han hadde eksamen i går, fredag 30. november; og no lurer han på når han skal få sensur på den eksamenen.

Veit du? Du finn hint på Studentombodet sin Snapchat.

Svar

Fristen for å kunngjøre sensur på eksamen er tre veker (jf. universitets- og høgskulelova § 3-9 (4), første setning). Fristen kan kun utvidast av styret sjølv dersom vilkåra i § 3-9 (4), andre eller tredje setning er oppfylt. Fristen kan òg bli utvida dersom sensor blir sjuk eller det oppstår andre handingar utanfor institusjonen sin kontroll.

Om fristen går ut på ein heilagdag som til dømes 1. jueldag, 2. juledag eller 1. nyttårsdag så blir fristen forlenga til nærmaste virkedag.

Fristen blir berekna slik at om eksamen er på ein fredag, som i eksempelet over, så går fristen ut på fredag tre uker seinare. Rett svar på spørsmålet er difor fredag 21. desember.