Under finn du du litt informasjon om kva som har skjedd på Noregs Vestlegaste Høgskule (NVH) sidan sist (studentane kallar den rett nok Norges Festelegaste Høgskule). Om du ikkje hogsar kva som skjedde sist kan du òg bla gjennom julekalenderen for 2017 på desse sidene. God jul (snart)!

2018 i Storeby

I fjorårets julekalender møtte me åtte studentar på høgskulen sin campus i Storeby; Peder Ås, Marte Kirkerud, Kari Holm, Lars Holm, Hans Tastad, Lise Tastad, Ole Vold og Trine Vold. I tillegg møtte me mor til Peder, Oline Ås, som underviser i Vernepleie på Høgskulen. No har det gått eit år, og det har skjedd mykje i Storeby. Den som følgde godt med på julekalenderen såg kanskje at det var nokre forviklingar i utvikling. I denne posten får du vite dei viktigaste hendingane i 2018.

Hans Tastad blir utvist

Hans Tastad blei før jul i 2017 skulda for plagiat på heimeeksamen, fusk på skuleeksamen og brot på skikkareglane på grunn av hasjrøyking. Alle dei tre sakene kom frem for klagenemnda på høgskulen samtidig. Det var neppe til Hans sin fordel. Før sakene kom til klagenemnda hadde skikkavurderingsnemnda innstilt på at Hans var uskikka. Det vil seie at dei ba klagenemnda utvise Hans frå utdanninga i sjukepleie fordi dei meinte han var uskikka.

I Klagenemnda møtte Hans med advokaten sin. Diverre for Hans gjekk det ikkje vegen. Klagenemnda meinte det var alvorleg at han både hadde plagiert ein eksamen og fuska på ein annan. Advokaten til Hans meinte at Hans ikkje kunne lastast for at han hadde med seg læreboka på eksamen – som var årsaka til at han var skulda for fusk. Hans hadde i følgje advokaten vært så rusa etter å ha røyka hasj dagen før at det var heilt utruleg at han hadde fått med seg ei bok i det heile tatt. Då kunne han ikkje ha tatt feil med vilje.

Klagenemnda bestemte seg til slutt for å utvise Hans i eit semester for plagiat og for fusk. I høve til skikkasaken blei Hans utvist frå sjukepleieutdanninga i to år. Det var ikkje til hans fordel at advokaten meinte han var for rusa til å ta med rett bok på eksamen i fuskesaken.

Hans godtok vedtaket og orka ikkje å klage på det. I staden søkte han seg inn på eit anna studie i Storeby, som byrja hausten 2018. Då starta han i første klasse i Praktisk marinbiologi, som var same studie som Peder Ås og Marte Kirkerud gjekk på – dei var fadderane hans begge to.

Meir om Hans Tastad finn du i julekalenderen for 2018!

Ole Vold slepp fengsel

Ole Vold studerte sjukepleie på 1. året i 2017, då han rundt jul blei tatt av Politiet, med to kilo amfetamin. Han blei først sikta etter straffelova § 231, narkotikaovertredelse. Det blei straks utvida til å gjelde § 232, grov narkotikaovertredelse, med ei strafferamme på inntil ti års fengsel.

Som nokre kanskje hugsar hadde Ole sterk heimlengsel til mor hans i Lillevik. Det var mange grunnar til det, men mellom anna fordi det gjekk skikkeleg dårleg mellom han og ektefellen, Trine Vold. No hjelpte det sikkert ikkje på det forholdet at Ole ville bli saman med Lise Tastad, sjølv om han var gift med og hadde barn med Trine. Men det er ein annan historie.

I løpet av etterforskinga av saken til Ole viste det seg at han hadde sterk depresjon og at han trengte helsehjelp mykje meir enn fengsel. Psykiateren til Ole konkluderte fort med at Ole ikkje var noko ekte bølle. Han berre skjulte seg bak eit bøllete ytre. Politiet gjekk difor inn for at Ole skulle følgje eit strengt oppfølgingsopplegg med psykisk helsevern i dei to kommunane. Det gjekk han med på.

Hausten 2018 byrja Ole på nytt att på høgskulen. Han òg byrja på Praktisk marinbiologi. Det litt spesielle med Ole si utdanning var at den var i både Lillevik og Storby. Utdanninga hans heite for Praktisk marinbiologi i by og vik. Det var ein ny spesialisering høgskulen ville prøve ut.

Kva som skjer vidare med Ole Vold finn du ut av i julekalenderen 2018

Trine Vold skil seg

Ektefellen til Ole, Trine Vold, ynskjer ikkje å vere med Ole lenger etter alt som har skjedd. Ole ville ikkje vere med Trine heller så det var ei roleg og grei skilsmisse. Sjølv om dei hadde budd i lag ei lita stund var det ikkje mykje eigendelar som skulle gjerast opp og det som var blei dei einige om. Dei blei òg einige om at Trine skulle ha omsorga til barnet deira så lenge Ole var sjuk. Sidan dei fortsett var vener var det ikkje noko problem for han å få vere med dottera. For sikkerheitsskuld avtalte dei likevel at han hadde rett på å vere med ho anna kvar helg, under tilsyn. I tillegg blei dei einige om at avtalen deira skulle vurderast igjen om to år.

Sidan Trine no blei åleine med barnet hadde ho for mykje å gjere på til å klare full studieprogresjon. Ho måtte jo tene pengar ved sidan av òg. Ho ville difor gå over i halv studieprogresjon resten av studietida. Du kan lese meir om korleis det går i julekalenderen.

Lise Tastad går eigne vegar

Det var ikkje så mykje informasjon om Lise Tastad i julekalenderen for 2017. Det einaste ein fekk vite var at ho er søster til Hans Tastad, at ho satt i høgskulestyret, at ho var kjærasten til Peder Ås og at Ole Vold var veldig interessert i ho. No har det seg slik at Lise var ferdig med bachelorgraden sin i Praktisk marinbiologi våren 2018. Difor har ho no søkt på master i Anvendt fiskehelse på campus i Storeby. Der har dei eit internasjonalt anerkjent fagmiljø som er ekspert på helsefremmande arbeid for makrell og sild i stim. Det tykte Lise kunne vere interessant. Lise var ein superstudent med toppkarakter i alle fag – så det var ikkje noko problem å komme inn på det svært populære studiet.

Lise er ikkje berre superstudent i studia. Ho er òg medlem i høgskulestyret for studentane og leiar for Studentdagen (det øvste studentorganet på høgskulen). Ved sidan av studia har ho jobb hjå den lokale oppdrettsgiganten Marine Catch AS og så symjar ho i den lokale symjeklubben, Storeby Dolphins. Lise ligg ikkje på latsida. “Det er berre daud fisk som ikkje symjar,” pleier ho å seie.

På privaten har Lise blitt ei single dame. Det var kanskje ikkje så rart etter at kjærasten hennar Pedar nesten gjorde Marte Kirkerud gravis sist vinter. Lise bestemte seg difor får å gå sin eigen veg. No har ho byta ut Peder med ein app på telefonen som heiter Tinder. I følgje ho sjølv er Tinder både flinkare på matlaging, uteliv og kos enn Peder var.

Om ikkje alt dette var nok har Lise fleire tusen føljerar på Instagram (3021 i skrivande stund). Ho er ein sånn person som alle skulle ønskje dei var. Men korleis får ho det til? Det får du kanskje vite i julekalenderen!

Lars Holm blei ikkje utvist

Han Lars Holm har òg hatt eit noko turbulent år. I slutten av 2017 blei han òg skulda for å ikkje vere skikka sidan han røykte hasj saman med Hans Tastad. No viste det seg heldigvis for Lars at han ikkje var nokon storrøykar. Han hadde rett nok tatt seg ein blås i ny og ne, men det var ikkje nok til å utvise han frå lærarstudiet meinte høgskulen. Det var kanskje snakk om tre, fire gonger i løpet av eit år. Likevel var ikkje skikkaansvarleg på høgskulen imponert over røykinga og det var satt opp utvida skikkavurdering av Lars.

Stort meir er det ikkje å fortelje om han Lars i denne omgang. Han er ferdig med første året på grunnskulelærarutdanninga og tek fatt på andre året hausten 2018. Korleis det går får du vite meir om i julekalenderen.

Kari Holm har tatt opp praksis

Søstera til Lars Holm, Kari Holm, studerte barnehagelærar på høgskulen. Det gjer ho fortsett og ho skal i gang med andre året hausten 2018. Praksisen ho gjekk glipp av førre semester har ho fått tatt igjen etter ein høveleg avtale mellom studieprogramansvarleg, praksiskontoret og praksisplassen. Den saka er no ute av verda. Kari er likevel ikkje så heldig at ho ikkje har fleire problem å syte for. Kva som skjer hausten 2018 finn du ut av i julekalenderen.

Marte Kirkerud

Marte har hatt det beste semesteret ho kan hugse. Det går verkeleg hennar veg no. Sjølv om det var litt turbulent dei første to månadene (det kan du lese om under) har alt berre blitt ljosare sidan da. Det skulle no berre mangle. Som alle veit blir det alltid lysare for kvar dag mellom februar og juni på den nordlege halvkula.

På skulen har Marte avslutta førre semester med toppkarakterar i nesten alle fag. I tillegg har ho stabla eit eige fagutval for marinbiologi og fiskehelse på beina. Ho var leiar for det heile vårsemesteret og blei i tillegg vald inn i Studentdagen, det øvste studentorganet på høgskulen. Marte er det ein kan kalle for ein suksesshistorie. Ikkje berre gjer ho det bra i studentdemokratiet og på skulen, ho har òg fått seg ny kjærast og har jobb hjå den lokale oppdrettsgiganten Marine Catch AS – der òg Lise Tastad arbeider.

No tenkje Marte ho kanskje skal stille til høgskulestyret, som det er val til første studieveka. Korleis det går får du kanskje vite i julekalenderen!

Peder Ås rotar seg ut av gamle problem…og inn i nye

Det har vært eit turbulent år for Peder. Han kom ikkje så godt ut av det etter jul. Han hadde det eigentleg fint med Lise Tastad. Likevel var det noko med Marte Kirkerud som han ikkje klarte å setje ord på. Etter det intime nachspielet 22. desember i fjor fekk det han ikkje kunne setje ord på vann på mølla og det var veldig vanskeleg å vere Peder. Då vart det òg slutt med Lise. Dei snakkar ikkje saman i det heile tatt lenger. Dei få tinga han hadde hatt liggande hjå Lise fekk han igjen i ein hundebæsjpose. Den opna han aldri.

Den første månaden turte ikkje Peder å vise seg på skulen. Lise kunne visst vere litt skummel når ho var sint. Men etter at han høyrte ryktet om at Lise var blitt saman med Tinder tok han seg i det. Sjølv om han ikkje hadde gått på skulen på ei stund hadde han lest pensum og gjort oppgåver. Så då han møtte opp måndag 5. februar kom han fort i gong igjen med skulearbeidet. Venene hans var endå vener og resten av semesteret hadde han det fint. Alle oppgåver og labbar blei bestått og eksamen gjekk fint.

Marte hadde òg god påverknad på Peder. Han var rett nok ikkje like ivrig som ho på korkje studiar eller studentdemokrati. Peder var ein heilt ordinær student. Vel, i utgangspunktet var han i alle fall det. Men Peder kjem fort opp i både større og mindre problem. Kva Peder har gjort på dette semesteret og kva han lurar på kan du lese meir om i julekalenderen!

Oline Ås er ny rektor på høgskulen

I sommar har det vært rektorval på høgskulen. Det blei gjennomført med fysisk urneval 23. juli frå klokka 12.00 til 14.00. Heilt i samsvar med føresegna i lova – i følgje valstyret. Der viste det seg at Oline Ås blei vald til nye rektor for høgskulen. Korleis det gjekk til kan du lese meir om i julekalenderen!


Bilder: unsplash.com.