Endringar i universitets- og høgskulelova

Endringar i universitets- og høgskulelova

Regjeringa har i løpet av våren 2018 sendt over to proporsisjonar med forslag til endring av unviersitets- og høgskulelova til Stortinget. Først ut var Prop. 51 L (2017-2018) om forbod mot bruk av ansiktsdekkjande plagg. Deretter kom Prop. 64 L (2017-2018) om NOKUTs oppgaver, eksamen og personvern mv.

Blant endringane finn ein spesifisering av retten til å klage individuelt på gruppeeksamen, tredjegangsvurdering ved store karakteravvik, krav om sensorrettleiing og forbod mot ansiktsdekkande plagg.

NB: Forbodet mot ansiktsdekkande plagg gjeld ikkje der det er nødvendig, som til dømes munnbind i deler av helsefagsundervisninga. Forbodet gjeld derimot alle ansiktsdekkande plagg som ikkje er nødvendige, som til døme nisseskjegg.

Spread the word. Share this post!

Eg er Studentombod ved Høgskulen på Vestlandet, og kanskje meir glad i forvaltningsrett enn dei fleste. På studentombodet.no skriv eg om saker som opptar meg og som eg synest er viktige for høgskulen og studentane.